Who can compare with Jesus?
Krusedullvinden

Kjønnsnøytral ekteskapslov?

Fleire politiske parti har vedteke forslag om kjønnnøytral ekteskapslov og homofil adopsjon. Sterke pressgrupper har i lengre tid arbeida for dette. Til hausten kan dette forslaget koma opp i Stortinget. Valet i 2005 er eit lagnadsår for ekteskapet og familien i Noreg. Alle kristne må sjå ansvaret sitt og gjera det som kan gjerast for å ta vare på den tradisjonelle forståinga av ekteskapet som eit trufast forhold mellom ei kvinne og ein mann.

Ein kjønnsnøytral ekteskapslov er eit alvorleg steg som vil få store følgjer. Det inneber at politikarane oppløyser mor-far-barn-forholdet som grunncella i samfunnet. Det er drastisk! Dei politikarane som er for dette, seier i røynda at foreldra sitt kjønn ikkje har noko å seia for barna når dei veks opp og utviklast som menneske.

Kjønnsnøytrale ekteskapslover går mot biologiske røydomar og tusenårige samlivsformer som alle samfunn har bygd på fram til i dag. Desse nye lovane vil gå på tvers av hundreårs barnepsykologisk forsking om kva  mor og far har å seia for barns utvikling. Desse lovane strir mot all sunn fornuft!

Vi må få vanlege folk til å forstå kva som er i ferd med å henda. Desse lovane riv grunnen bort under det samfunnet som vi elskar og som mødrene og fedrane våre har kjempa fram med stort lit og offer!

Dei partia som støttar lov om kjønnsnøytrale lover må ikkje få vår støtte!

Comments