Velsigna vere Herren!
Who can compare with Jesus?

Ei tid med velsigning

Vi var samla til bønn og  eg opplevde at Gud kviskra i hjarta mitt: Dette er ei tid med velsigning. Eg vart glad og fylt med glede og undring: Korleis vil du velsigna Herre? Eg vart ståande for Guds åsyn med venting og sitrande spenning i meg. Gud kjem med velsigning, - det er godt og herleg når velsigninga frå Gud flyt mellom menneske. Medan eg grunda på dei orda som brann seg inn i hjarta: dette er ei tid med velsigning, såg eg brått eit bilete, eit syn i mi ånd.

Eg såg folk som var samla og eg såg at to hender vart lyfta over dei. Det var Guds hender som breidde seg ut over menneskeflokken. Då såg eg noko underleg, desse hendene draup av honning! Dråpane datt ned på folk og frigjorde glede. Ei vedunderleg glede spreidde seg og det vart slik ei god atmosfære mellom desse menneska som var samla. Det var ein herleg vellukt som oppstod, ein sødme som ikkje kan forklarast.

For meg vart dette eit uttrykk for at Gud vil vi skal få oppleva sødmen i det nære fellesskapet og samfunnet med han når vi kjem saman og tek imot Guds ord på rett måte. Til og med Herrens domar er kostelege og søtare enn honning for dei som audmykjer seg og bøyer seg for det han seier. Gud kallar oss inn i vennskapen med han i Ordet. Samlingane våre skal vera metta av Guds nærvær og det skal kjennast søtt og godt og frigjerande gledefylt.

Så såg eg nærare på hendene som var strekkte ut over Guds folk som var samla. Då såg eg at det draup ikkje honning lenger, men nå flaut det olje frå hendene. Oljen flaut på alle som var samla og gjorde folk friske og heile. Ja, denne oljen gjorde at alle friksjonar mellom folk forsvann. Folk fann kvarandre på ein ny måte. Dei vart sett i stand til å  tena saman, dei vart utrusta, dei vart gjort til eitt i denne salving som flaut frå Guds hender.

Å, det var så godt å sjå og oppleva det som hendte med folk då olja flaut. Det skjedde noko med dei som var samla som ein samla flokk. Ei felles salving gjorde dei heile og sette dei i stand til å fungera på ein heilt ny måte.

Så såg eg hendene verta snudd. Ikkje lenger var dei vende ned mot folket som var samla, men vende utover mot verden. Det var eit mektig lys som strålte i stor kraft frå hendene. Veldige stråler av kraft gjekk ut frå hendene. Det var overveldande å sjå desse mektige strålene av kraft som strålte ut frå Guds hender vendt ut mot verden. Medan eg såg på desse strålene, såg eg at Guds folk var i desse strålene av kraft. Det var som ein stor hær av menneske som kom ut av strålene og gjekk ut i verden med krafta frå Gud for å bringa frelse og lækjedom til menneska rundt dei. Dei kom frå Guds nærvær og bar ein sødme med seg, det var noko så useieleg godt som følgde dei, ein ange av livgjevande liv og glede. Dei var salva av Den Heilage Ande, dei hadde glans i augo og andleta strålte og avspegla lyset frå Den Heilage som skein på dei. Hand i hand, skulder til skulder, gjekk dei ut i verda og spreidde glede og frelse, lækjedom og helse alle stader dei ferdast.

Comments