Velsigna vere Herren!
20/03/2005
Det er palmesøndag! Dei religiøse likte ikkje at barna og læresveinane song og dansa av glede medan dei hylla Jesus. Då Jesus dette til dei: ”Har de ikkje lese?” Så synte han dei at Skrifta er full av oppmodingar til takkseiing, lovsong og lovprising av Gud. Salmisten seier at Gud har lagt ein ny song i vår munn. Det er sjølvsagt rett å lova Gud for hans velgjerningar mot oss. Jesus sa at om vi teier skal steinane ropa! Vi trur med hjarta og sannar med munnen, då vert det vårt, det vi seier (Rom.10,19-10)! Vi trur difor talar vi! Vi talar, fordi vi har den Anden som gjev tru (2.Kor.4,13). Fordi Gud har sagt noko, kan vi vere trygge og seia noko i samsvar med ordet frå Gud (Hebr.13,5-6).
Continue reading "Velsigna vere Herren!" »