Dogg i øydemarka
Buiscuit blessings for one day

Å arbeida saman

Det er ei stor glede å kunna arbeida saman med mange ulike menneske som er har same ønskje om å gjera Guds vilje i alle ting. Gud vil fellesskap. Gud vil samarbeid. Gud vil samhald. Gud vil einskap og mangfald! Det er godt å leva slik Gud vil!

Vi arbeider saman fordi den treeinige Gud arbeider saman!

På den første sida i Bibelen møter vi Skaparen som arbeider målretta for å setja sin plan ut i livet. Gjennom heile Bibelen kan vi følgja han i arbeidet han gjer for å fullføra det han har sett seg føre. Når vi forstår kven Gud er og kva plan han har, vil vi verta skapande i å avspegla hans herlegdom i det kristne fellesskapet.

Gud gjer ingenting åleine

Bibelen viser oss at Gud frå opphavet har eksistert som tre i ein og ein i tre. Det er ein Gud, men tre personar i guddommen. Når vi forstår treeininga vil det påverka heile måten vi lever på. Treeininga er viktig for vår forståing av Gud og heile livet!

Gud er eit heilagt samfunn, ein heilag familie av Far, Son og Heilag Ande. Han er opphav til familien og skapte menneske til samfunn, fellesskap og vennskap. Den treeinige Gud skaper samhald og sett oss inn i ein samanheng.

På dei første sidene i Bibelen møter vi Gud som den allmektige Skaparen som skaper gjennom Ordet og ved Anden. Dette mønsteret finn vi i heile Bibelen. Faren, Sonen og Anden arbeider alltid saman i alt Gud gjer! Med menneskelege ord kan vi seia at Gud er eit arbeidslag og ein lagarbeider. Då han skapte mennesket sa han: Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Vi er med andre ord skapte til å likna på Gud i alle ting! Vi er skapte til lagarbeid for å avspegla denne sida av Gud.

Ein lagarbeidar tenkjer på dei andre. Han tenkjer på heilskapen. Han søkjer det beste for alle! Å kunna samarbeida og kunna seia: Lat oss ..., er ein guddommeleg eigenskap. Det naturlege mennesket seier stolt: Eg gjorde det på min måte!

Alt Gud gjer avspeglar mangfold

Heile skaparverket vitnar om ein Gud som elskar mangfold og variasjon. Frå galaksar og stjerner ned til den minste blom finn vi eit mangfald av eineståande uttrykk for Guds mangfald.  Han skaper berre originaler og ikkje kopiar! Kvart einaste menneske er unikt!

Kvart menneske er skapt i Guds bilete til å avspegla Gud på ein eineståande måte. Vi er skapt til lov og pris for herlegdom! Ingen av oss kan avspegla heile Guds herlegdom, men berre ein liten del. Det er berre når vi arbeider saman vi kan uttrykkja meir av Guds ære. I det kristne fellesskapet kjem mangfaldet i Gud til uttrykk på mange måtar!

Det er ikkje godt å vera åleine

Alt Gud skapte var godt, men Gud sa at det var ikkje godt å vera åleine! Han brukte illustrasjonsmetoden til å visa Adam at han ikkje var seg sjølv nok. Då Adam skulle setja namn på dyra, oppdaga han at dei kom i par, okse og ku, merr og hingst osv. Det gjekk opp for han at han var åleine, han fann ingen som var hans like, ingen som samsvarte til seg sjølv. Han oppdaga at det ikkje var godt å vera åleine og han lengta etter ein person han kunne dela livet sitt med.

Som kristne kjenner vi på den same lengten. Vi lengtar etter åndeleg fellesskap. Vi lengtar etter eit forpliktande forhold. Vi lengtar etter trufast vennskap. Vi lengtar etter samfunn med dei som deler det same livet i Den Heilage Ande. Vi er skapt for fellesskap og Gud har lagt ned i oss ein lengt etter andre truande.

Vi har ei felles identitet som Guds familie, men vi er individuelle barn av Gud. Vi er søsken, vi er ulike, men vi er glade i kvarandre!

Vi har ein felles identitet som Kristi kropp, men vi er individuelle lemmer på Kristus. Vi er lemmer for kvarandre i ein kropp. Vi har ulike nådegåver, oppgåver og funksjonar, men arbeider saman for å uttrykkja Kristi liv.

Vi har ein felles identitet som Guds hus i Anden, men vi er individuelle steinar i Andens tempel. Vi er levande steinar som vert bygd saman og fungerer saman i det åndelege byggverket som det kristne fellesskapet er. Ein stein utgjer ikkje eit hus! Måten vi lever saman på avgjer kor godt Gud kjenner seg heime mellom oss. Lat oss halda saman og byggja saman! Vi treng kvarandre!

Det vi kan gjera saman er mykje større enn summen av alt vi kan gjera kvar for oss! Ingen av oss kan fullføra Guds plan åleine! Det oppdraget er så stort at vi berre saman med alle dei heilage kan vera med å fullføra det!

Tekst: Erling Thu

et@krinet.no

Comments