Home from India
Å arbeida saman

Dogg i øydemarka

Eg var på veg til eit møte i ein by. Eg hadde vorte henta på flyplassen av ein god venn og vi køyrde mot byen. Eg sat i baksetet av bilen då Gud gav meg eit syn og tok til å tala til meg.

Det var som byen vart borte og i staden såg eg eit ørkenlandskap i halvmørker. Byen var aud og tom. Det var inga teikn til liv. Alt var turt og brunt. Eg såg berre sand, sand, og atter sand. Då såg eg ei slags tåke stiga opp or jorda og leggja seg over den turre sanden. Denne tåka vart til dogg som vatna det turre landskapet og la seg over den turre sanden. Rett etter dette såg eg sola som steig opp og sendte sine stråler over ørkenen. Då hendte det noko vedunderleg. Solstrålane forvandla doggdråpane til glitrande diamantar. Der eg berre hadde sett sand, kunne eg no ikkje sjå noko anna enn skjønne edelsteinar glitra og skina i lyset frå sola. Det var eit herleg syn, øydemarka var borte, eg såg ein ufatteleg rikdom og ein venleik ord er for fattige til å skildra.

På ny vart eg teken tilbake til det første bilete av den turre øydemarka. På ny såg eg tåke stiga opp or jorda og leggja seg over den turre sanden. På ny såg eg dogg leggja seg over det  utturka landskapet. Der eg før såg diamantar glitra i strålane frå morgonsola, såg eg denne gongen grøne spirar. Desse grøne spirane vart dag etter dag vatna av frisk dogg frå tåka som steig opp or jorda. I varmen frå den skinande sola tok det ikkje lang tid før heile landskapet var heilt forandra. Det var ikkje audt og turt og dødt lenger, men levande fruktbart. Alt vitna om liv, vokster, utvikling, frukt og rikeleg grøde. Det var som ei stor glede braut fram for brått var det innhaustingstid. Det turre landskapet hadde vorte til grøderike åkrar ferdige til å haustast inn.

Då eg hadde sett dette tok Gud til å tala til meg om kva han ville gjera i denne byen og i mange andre byar. Herren sa eg måtte merka meg at løyndomen til den forvandling eg såg i desse to synene var det som steig opp or jorda, tåka og doggen som la seg over den turre sanden. Det som endra øydemarka kom ikkje ovanfrå eller utanfrå, men innanfrå. Slik vil Gud gjera eit verk i denne generasjonen som ser ut til å mangla liv i Gud. Opp av jorda, midt mellom dei bortkomne og forkomne, midt mellom dei det ikkje finnest von for, menneskeleg tala, der vil Gud gjera eit suverent verk av Den Heilage Ande. Desse menneska som ikkje vert rekna for å vera noko, det er berre livlaus sand, sand, sand, dei skal sjåast for kva dei verkeleg er når Ordet og Anden, nåden og lyset får gjera sitt verk mellom dei. Då skal dei glitra og stråla som diamantar i Herrens hand. I nådelyset frå Gud kan vi sjå alle menneske som verdifulle og vakre, dyrebare og skjønne, - glitrande diamantar!

Når Andens dogg får gjera sitt verk vert den turraste øydemark til den finaste åker. Der ingen ville drøyma om å venta å kunna hausta noko grøde, der skal Herren gje ein stor haust. Der ingen ville drøyma om å så, for det ville vera bortkasta såkorn og arbeid, der skal det spira og gro og vera grøderik mark.

Comments