Looking after grandchildren
Proclaim His love and faithfulness

Ventande på Gud

Vi lever i tru og ventar på Gud. Det er den kristne grunnhaldninga. Dette gjer oss vakne og opne for alt som hender rundt oss. Det gjer at vi er tilstades i samfunnet og i kvardagen vår ventande på Guds nærvær og inngrep.

Ventande på Gud

Gud er god og gjer gode ting i byen og i landet vårt. Det er oppmuntrande å høyra meldingar frå mange kantar om nye menneske som kjem til samlingar som er merka av Guds nærvær. Vi gler oss over meldingar om menneske som finn frelse og takkar for alle forteljingar om folk som vert friske som svar på bønn. Likevel er vi svoltne på meir. Det Gud har lova overgår det vi har sett så langt. Det Gud har sagt han vil gjera, kjem vi til å sjå oppfylt. Vekking er på veg! Hausten er stor, arbeidarane er få, men folk er ventande på Gud.

Rett før Jesus steig fram i si teneste var det mange i Israel som var ventande på Gud. Lukas seier at ”folket gjekk no i venting” (Luk.3,15). Johannes var kome på banen, mange vart vekte av hans forkynning til omvending og dåp. Mange kjente til Guds lovnader og det som hendte rundt Johannes skapte ei aukande venting om at tida for Messias snart måtte vera inne.

Kristenfolket, slik eg møter dei i mange samanheng, er eit folk med lengt og tru i hjarta. Det er det same kva slags kyrkje folk tilhøyrer, dei tykkjest alle å ha ei levande forventing til Gud om vekking og framgang for Guds rike i landet vårt. Det har ikkje alltid vore slik. Eg kan minnast tider då mange forkynnarar sa at vekkingstida var over, no var det berre å halda ut til Jesus kom tilbake. Heldigvis er tonen ein annan i dag. Det ligg forventing i lufta nå kristne møtest i dag. Å leva ventande på Gud gjer kristenlivet rikt og spennande.

Vi vender våre augo ventande til Gud som kjem til å halda fram med å opna handa si og metta oss med alt som godt er. Vi ventar dagleg på å verta overraska av Guds nærvær. Vi lever i dagar med fornying og forfrisking, men vi kan ikkje slå oss til ro med det. Vi ventar at Gud vil renna ut sin Ande over oss og utrusta oss til å tena han i vår tid. Vi ventar på åndeleg gjennombrot og vekking. Vi ventar at folket vårt på ny skal venda seg til Gud og bøya seg for hans ord og finna frelse ved trua på hans Son.

Denne forventninga driv oss inn i bønn. Om vi går på kne eller om vi står med oppløfta hender, så kjem vi fram for Gud med bønner, forbønner, påkalling og takk for alle menneske, men spesielt leiarane. Vi står i ein åndeleg kamp. Det skjer ting i den usynlege verda som mange ikkje er klar over. Menneske skal førast frå satans makt og til Gud, frå mørke og til lys, og det skjer ikkje ved menneskeleg kløkt, men ved Guds Ande.

Når vi vender oss til Herren vil han opna augo våre så vi forstår at det ikkje berre er naturlege årsaker bak det som skjer i det ytre. Difor er det så viktig å leva i fornying og å oppleva friske møte med Gud, så vi kan verta brukt av Gud til å vinna menneske for Jesus.

Vi ventar at Gud vil koma med sitt nærvær til landet vårt i desse dagane. Vi ventar at han vil ta oss vidare på vegen til full oppfylling av alt han i sitt ord har sagt han vil gjera i dei siste tider. Vi ventar framgang for Guds rike på alle område av samfunnslivet. Vi ventar å sjå kristenliv levd ut heilt og reint i alle samanheng. Alt som høyrer livet til, høyrer Kristus til, og vi ventar på dagen då det skal verta synleg for alle!

Å vera ventande på Gud er grunninnstillinga til kristne menneske i vår tid. Det hender så mange ting vi ikkje kan forklara, vi ser så mange ting i samfunnet vi ikkje liker, at vi vender oss ventande til Gud og ber om hans inngrep.

Den som ventar på Herren skal ikkje verta til skammar!

Erling Thu

Comments