Vaktmann - ei profetisk røyst
03/01/2005
Vi er kalla til å vera ei profetisk røyst til landet og folket vårt! Vi har mykje å læra av profetane i Det gamle og Det nye testamente.
Vaktmann – ei profetisk røyst
På murane dine, Jerusalem, har eg sett vaktmenn. Og dei skal aldri teia anten dag eller natt. De som priser Herren unn dykk ikkje ro før han byggjer opp att Jerusalem og gjer byen til ei lovsong på jorda. Jes.62,6-7
-minna Gud på lovnadene
-prisa Gud for hans truskap
-sjå etter Guds nærvær og gode gjerningar
Menneske, eg har sett deg til vaktmann Esek.3,17-
-kalla folk til omvending og tru
No vil eg stå på vakt! Hab.2,1-3
Habakuk lever i ei vanskeleg tid,
-ei tid med ei viss fornying mellom Guds folk
-men det gjekk ikkje djupt nok i nasjonen
-der rådde uretten og vald og kriminalitet tok over
-Guds lov såg ut til å ha vorte makteslaus
Kvifor grip du ikkje inn?
Kvifor har du tål med dei gudlause?
Kvifor skal dei som ikkje kjenner deg tukta ditt folk?
No vil eg stå på vakt!
Stella meg på post og venta
Og sjå kva han vil tala til meg,
Kva han vil svara på mitt klagemål.
Då gav Herren meg dette svaret:
Skriv synet opp, rita det inn på tavler
Så folk kan lesa det lett!
Den rettferdige skal leva ved si tru
rikdomen skal svikta den stolte
synda skal få sin dom
dei gudlause har inga framtid
Herren er i sitt heilage tempel
- han har full kontroll
For jorda skal fyllast med kunnskap om Herrens herlegdom, liksom vatnet dekkjer havsens botn
Vi er kalla til å vera ei profetisk folk
vera profetiske vaktmenn
vera lys i mørke
vera vegryddarar
vera vegvisarar
kalla folk til omvending og tru
Det er det same kor vanskeleg det ser ut i landet vårt, vi veit kven som skal få det siste ordet!
Hab.3,17-18
For fikentreet blømer ikkje,
Og vintreet ber ikkje frukt.
Olivenhausten slår feil,
Og markene gjev ikkje føde.
Sauene er borte frå kvea,
Og fjøset er tomt for fe.
Men eg vil gleda meg i Herren,
Jubla høgt over Gud, min frelsar.
Herren er min styrke!
Heile jorda skal verta full av Herrens herlegdom!
Vårt heimland i mørker lenge låg,
Og vankunna ljoset gøymde.
Men, Gud, du i nåde til oss såg,
Din kjærleik oss ikkje gløymde.
Du sende ditt ord til Norges fjell,
Og ljos over landet strøymde!