Vaktmann - ei profetisk røyst
Looking after grandchildren

Flodbølgja – ein straffedom?

”Allah er sint! Difor har han sendt denne straffedommen over oss, sa den indonesiske muslimen på TV. Norske, meir eller mindre kjendte  kristne har kome med liknande påstandar om Guds dom og straff i samband med flodbølgja. Rett nok har nokre av dei kome med presiseringar eller orsakingar for uvørne påstandar i ettertid. Det er tydeleg at mange spør om kor Gud er i det som har hendt.

Det er veldig farleg å kalla flodbølga for ein Guds straffedom. Slike påstandar kan verka urimelege og hardhjerta, og skapar endå større vanskar for dei som alt er råka av sorg og ei ufatteleg liding! Tenk på dei kristne forsamlingane som vart sveipte bort av flodbølgja. Var dei også under Guds straffedom?

I møte med ein blind gut fekk Jesus spørsmålet om kven som hadde synda, foreldra eller guten, sidan guten vart fødd blind. Korkje han eller foreldra hans har synda, var Jesu svar. Då folk kom og fortalde om nokon som hadde vorte drepne medan dei ofra, sa Jesus dette: ”Trur de at dei var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei? Nei, seier eg dykk, men om de ikkje vender om, skal de omkomast på same måten alle i hop. Eller dei atten som vart drepne då Siloa-tårnet datt ned, trur de at dei var verre brotsmenn enn alle dei andre som bur i Jerusalem? Nei, seier eg dykk. Men vender de ikkje om, skal de alle døy på same vis.” Jesus avviser spekulasjonar om personlege årsaker til ulukkene, og set fokus på det som gjeld alle menneske: alle har synda og kjem til kort for Gud.

Det er verdt å merka seg at Jesus ikkje snakkar om Guds straffedom på grunn av folk si synd når ulukker og liding møter menneska. Vi bør og vera svært varsame med å seia noko som kan oppfattast slik. Skildringar i bibelen av Guds straffedomar over folk og rike gjennom store naturkatastrofer gjer ikkje oss fullmakt til å fella slike domar!

Den uforståelege lidinga

Alle menneske møter liding ei eller anna form. For nokre er lidinga kortvaring og for andre er ho langvarig gjennom sjukdom eller ulukker. Nokon møter liding i form av terror og tortur, bomber og granatar. Andre går gjennom store psykiske lidingar og svarte depresjonar.

Dødsfall, arbeidsløyse og svik er i sanning vondt og pinefullt når det skjer i ekteskap, familie eller det nære fellesskapet. Fattigdom fører all slags liding med seg på grunn av mangel på mat, reint vatn og medisin. Politisk eller religiøs forfølging er også svært smertefullt å

oppleva og har med vald, urett og utstøyting av samfunnet å gjera. Jordskjelv, flaum, flodbølgjer og liknande naturkatastrofer kan føra til ufatteleg liding for så mange menneske at vi har vanskar med å forstå omfanget av lidinga.

Bibelen seier at Gud er god og allmektig. Han openberrer seg som kjærleikens Gud. Likevel er bibelen veldig realistisk i si framstilling av liding som noko vi alle møter i denne verda. Det hender mange vonde ting og veldig mange uskuldige menneske lir mykje. Mange har slitt med desse problema og prøvd å finna forklaringar. Paulus peiker på vi berre kan finna delvise svar på slike spørsmål her i tida. Seinare vil vi fullt ut forstå.

Liding kan ha mange årsaker. Til dømes dette:

  1. Ei forgjengelig verd. Alt går til grunne, alt brytast ned. Død og oppløysing er like naturleg som liv og oppbygging. Dette gjelder i heile naturen.
  2. At menneske har ein fri vilje. Når folk veljer feil, kan det føra til store menneskeskapte lidingar, både for seg sjølv og andre.
  3. Djevelen er vond. Han er ein vond kraft hvis einaste mål er å stela, drepa og øydeleggja for å påføra menneska liding. Fordi vondskapen hans er aktiv, er alt som skal til for at denne vondskapen skal triumfera at gode menneske ikkje gjer noko! Martin Luther King sa: ”På slutten av det 20. århundre vil dei fleste av oss ikkje måtte venda om frå dei vonde gjerningane vi har gjort, men frå den store apatien som har hindra oss frå å gjera noko!”

Gud er med oss i lidinga

Bibelen er veldig klar på at liding ikkje betyr at Gud er mot oss eller at han ikkje elskar oss. Lidingar, ulukker, vanskar, katastrofer eller krigar kan ikkje skilja oss frå Guds kjærleik i Jesus Kristus, vår Herre!

Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? Det står då skrive: For di skuld vert vi drepne dagen lang, vi vert rekna som slaktesauer. Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre. (Rom. 8,35-39)

Vi har alt nemnd at Jesus gjorde det klart at dei som opplever vonde ting i livet ikkje er verre enn andre. Ulukker og liding ser ut til å råka blindt. Han viste og ved livet sitt og læra si at det er vår plikt å hjelpa dei som lir, jamvel om det hender på den største religiøse høgtida!

Geologane kan gje naturlege forklaringar på kva som har hendt. Journalistane og tv-reportarane kan fortelja om det som har hendt. Hjelpearbeidarar kan lindra naud og hjelpa folk til ein ny start. Berre Gud kan gje kjærleik, tru og håp som set folk i stand til å bera dei ufattelege lidingane utan å gå til grunne i bitre og tunge tankar. Slik kan dei skapa seg ei ny framtid! Midt i den meiningslause katastrofa, kan menneske oppleva Guds kjærleik og omsorg. Slik vert katastrofa eit nytt høve til å møta kjærleiken frå han som steig ned til oss i vårt djupaste mørker. Han kan løfta oss opp til eit betre liv i fellesskapet med seg sjølv og sitt eige folk. Ikkje noko vondt kan skilja oss frå Guds kjærleik!

Tekst: Erling Thu,

et@krinet.no

Comments