Immanuel - Gud er med oss
Contrasts at Christmas

Vak og be!

I den seinare tid har Gud tala til meg på mange ulike måtar om å vaka og be. Vi står i ein åndeleg kamp for å hausta inn den store grøda som høyrer Herren til. Berre når vi vakar og bed vil vi kunna verta brukt av Gud til å landet vårt tilbake til Gud. Landet vårt vil berre venda seg til Gud når vi som er kristne er vakne og nærverande i vårt samvær med menneske på arbeidsplassen og i nabolaget.

Jesus sa vi skulle vaka og be så vi ikkje skulle gje etter for freistinga til å ha det komfortabelt. Han sa vi måtte vaka og be for ikkje å velja minste motstands veg ved berre å møta naturlege og menneskelege behov, for dette ville hindra oss i å stå saman med han i den åndelege kampen for å sjå Guds vilje gjennomført i samfunnet og i enkelt menneskes liv.

Jesus sa om vi ikkje vaka og bad ville vi slutta å arbeida for å fullføra oppdraget vårt og i staden verta opptekne av dei andre tenarane hans og det dei gjer i samsvar med sitt oppdrag. Alle har ikkje fått same oppgåve, men alle har del i det store misjonsoppdraget om å gjera folk og nasjonar til Jesu Kristi læresveinar. Om vi ikkje er vakne og lever i bønn kan vi enda opp med å slå medtenarane våre åtvara Jesus.

Jesus sa vi måtte vaka og be for å forstå vår gjestingstid og sjå Han når han kjem til oss med sin Ande og gjer eit verk i samfunnet og i si kyrkje. Bibelen gjev oss mange døme på folk som ikkje var vakne eller levde i bønn og som av den grunn ikkje såg kva Gud gjorde rundt dei og Andens verk gjekk dei forbi!

Apostelen Paulus seier at det ved å vaken og uthaldande bønn i Anden for alle dei heilage at vi kan verta ståande, så vi kan gjera motstand og vinna over alle fiendens lumske åtak! Når vi vakar og ber vil vi verta sterke i Herren og hans veldige kraft som er tilgjengeleg for alle som trur!

Tekst: Erling Thu

Comments