Everything he does is wonderful
The Lord is beautiful

Styrt av Guds vilje i alle ting.

Som kristne treng vi å setja lyset på Guds evige plan og hensikt. Vi treng å forstå dei store linjene i det Gud gjer i verda og i samfunnet rundt oss.Det vil hjelpa oss til å vera styrt av Guds plan og vilje i alle ting.

Det handlar om å leva eit Gudsentrert liv. Det handlar om å leva ut Guds rike. Det handlar om å ha dei rette verdiane som grunnlag for dei val vi tek. Det handlar om vårt personlege kristenliv i kvardagen, i heimen, i nabolaget, på skulen og på arbeidsplassen.

Vi er kalla til å vera lys og salt i verda. Kvar einaste kristen er viktig og kan gjera noko verdifullt. Val av yrke, bruk av tid og krefter kan ha avgjerande verknad for utviklinga i samfunnet. Gud bruker enkelt personar og mange menneske saman.

Med eit Guds rike perspektiv over livet får arbeid og yrke ei ny meining. Vi treng kristne med Guds rike verdiar i botn for familie-, arbeids-, kyrkje- og samfunnsengasjement. Då vil ein kunna finna den rette ektemake. Då vil ein kunna vera salt og lys i kvardagen og verta brukt av Gud til velsigning og forvandling av samfunnet. Gud bruker vanlege folk til å utbreia sitt rike. Guds rike høyrer til i samfunnet, i politikken og arbeidslivet. Det finnest ikkje eit einaste område i livet kor ikkje Guds rike er meint å gjera seg gjeldande!

Når vi snakkar om å vera styrt av Gud, inneber det å vera styrt av Guds ord. Det handlar om å lata Guds ord forma tankar og haldningar på ein slik måte at alt vi gjer avspeglar Guds herlegdom. Difor handlar det om å forstå kven Gud er, koss han er og koss han arbeider, for vi er skapt i hans bilete.

Det har vorte sagt om du sår ein tanke, vil du hausta ei gjerning. Sår du ei gjerning, vil du hausta ein vane. Sår du ein vane, vil du til slutt hausta ein karakter. Difor må vi gje Guds ord den rette plass i livet vårt ved å grunna på det dag og natt. Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.

Gud er alle tings opphav og mål. Av han, ved han og til han er alle ting. Alt er meint å vera til lov og pris og ære for hans og herlegdom. Når vi vert gripne av denne tankegangen vil heile livet få ein ny dynamisk dimensjon som gjer oss velsignande og frelsande på samfunnet vi lever i.

Tekst: Erling Thu

Comments