Stig fram for Gud med takkseiing!
15/12/2004
Alle kristne er kalla til å stiga fram for Gud i bønn, lovsong og tilbeding. Vi er kalla til å leva i Guds nærvær og tilbe Gud i ånd og sanning gjennom alt vi er og gjer. Gud Fader søkjer sanne tilbedarar. Mennesket er skapt for å tilbe den einaste sanne treeinige Gud. Jesus Kristus har rive ned alle skilje og hindringar slik at vi med frimod på grunn av hans blod kan stiga fram for Gud på den nye og levande vegen han har opna for oss (Hebr.10,19-22). Den Heilage Ande som bur i oss gjer at vi ropar ”Abba, Far” med stor glede og takk over å vera Guds barn. Anden lærer oss å be og takka, han lærer oss å lovsyngja og tilbe!
Kom alltid fram for Gud med takkseiing!
Dette er den enkle undervisinga vi møter i heile Bibelen og vi gjer vel i å leggja oss det på hjarta. Glade, trygge og takksame barn varmar eit fars hjarta, men sure og utakksame barn gjer ein far lei. Det er viktig at vi lærer å setja pris på Guds tallause velgjerningar mot oss i kvardagen og at vi lærer å seia takk heile tida! Høyr kva Guds ord seier:
Takka Gud, kva som enn møter dykk! For det er Guds vilje for dykk i Kristus Jesus. (1.Tess.5,18)
Takk alltid Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn! (Ef.5,20)
Men legg alt de har å be om, fram for Gud i bønn og påkalling med takkseiing. (Fil.4,6)
Gå gjennom hans portar med takkesong, inn i hans tempelgardar med lovsong! Lov og pris hans namn! For Herren er god, hans miskunn er evig, hans truskap varer frå ætt til ætt. (Sal.100,4-5)
Lær takkseiing av Jesus
Jesus takka og lova Faderen under alle forhold. Den første bønna av Jesus i Matteusevangeliet tek til slik: ”Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord!” (Matt.11,25) Då han stod ansikt til ansikt med døden, ved Lasarus si grav, sa han: ”Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg” (Joh.11,41). Då han fekk dei glade tilbakemeldingane frå læresveinane sine, jubla han i Den Heilage Ande og sa: ”Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord” (Luk..10,21). Då han hadde det siste måltid med læresveinane og visste at han gjekk til døden på korset, bad han takkebøna, takka og braut brødet, og då dei hadde sunge lovsongen gjekk dei ut til Getsemane (Luk.22,17-19; Matt.26,30).
Vi finn at Jesus i heile sitt liv takka Gud under skiftande omstende! Vi er kalla til å følgja etter hans føredøme og vera takksame under alle forhold!
Ver konkret i di takkseiing
Salmane i Bibelen gjev oss gode døme på folk som takkar Gud for mange konkrete ting i mange ulike stoder. David seier at når han er i vanskar vil han be til Gud tre gonger om dagen, mens han vil prisa og takka Gud sju gongar om dagen (Sal.55,17; 119,164). Vi finn at bønn og takkseiing er vevd inn i kvarandre for dei høyrer nøye saman.
Når vi tek til å telja alle velsigningane Gud auser over oss ein vanleg dag og tek til å takka han for hans velgjerningar, då vil vi flyta over av takksam glede! Di meir konkrete vi er i takkseiinga vår di betre er det! ”Gud vere takk, som gjev oss siger” (1.Kor.15,57)! Når vi takkar vil vi sjå endå meir av Guds miskunn og godleik mot oss, og vi vil takka endå meir! Då kjem vi inn i ein sirkel av velsigning og gode vanar.
Gå inn i Guds nærvær gjennom takkseiing og lovprising
Salmisten talar om å gå inn i tempelet med takk og lovsong (Salme 100,4-5). Dette er den rette måten å koma fram for Gud på og å verta verande i hans nærvær! Takken og lovsongen gjer oss medvitne om Guds truskap mot sitt ord, hans kjærleik til oss, hans evige godleik og miskunn mot oss, og hjelper oss å leva medvetne om hans nærvær!
Då Jesus lærte læresveinane sine å be, viste han dei at all sann bønn begynner og sluttar takk, lovprising og tilbeding (Matt.6,9-13)! Dette er eit mønster vi finn gjennom heile Bibelen! Då Salomos tempel vart fullført sette songarane og musikarane i med å takka, lova og prisa Gud og då vart heile templet fylt av Guds herlegdom (2.Krøn.5,12-14). Det same hende då dei første kristne var samla og takka og lova Gud (Luk.24,52-53; Ap.gj.2,1-2; 4,23-33).
Gud liker lovsong! Takkseiing gler Guds hjarta! Bønnelivet vårt vert rikare når vi tener Gud med takkseiing! Når vi gler oss i Herren, vil han gje oss alt vi ønskjer (Sal.37,4)!
Takka Gud, kva som enn møter dykk! For det er Guds vilje for dykk i Kristus Jesus. (1.Tess.5,18)
Takk alltid Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn! (Ef.5,20)
Men legg alt de har å be om, fram for Gud i bønn og påkalling med takkseiing. (Fil.4,6)
Gå gjennom hans portar med takkesong, inn i hans tempelgardar med lovsong! Lov og pris hans namn! For Herren er god, hans miskunn er evig, hans truskap varer frå ætt til ætt. (Sal.100,4-5)