Slitesterk juleglede
17/12/2004
Jula med si glede og barnslege lyst er over oss på nytt! Den enkle juleforteljinga tryllar fram gode minner og varme kjensler i dei fleste av oss.
Jula er ei stor og god høgtid som er lett å feira. Denne høgtida gjev rom for både ettertanke og livsutfalding. I mørketida er det herleg med lys og glitter av mangt slag, men det er endå større å kunna ta tid til å grunda på det underet som hendte i dei dagane då Kvirinius var landshøvding i Syria og Augustus var keisar i Rom.
Den kristne trua er knyta til historia. Det er trua på noko som har hendt. Det er trua på at Gud har gripe inn i historia og gjort noko gledeleg, stort og omfattande. For meg kan det samlast i dette eine ordet: Emmanuel – Gud er med oss, han er ein av oss!
Verda har nok av gudar og avgudar. Vi har nok av religionar. Vi finn idol og stjerner i sport og idrett, i film og teater, men dei kan ikkje hjelpa mennesket på nokon måte. Desse gudane er så langt borte.
Sportsidola, filmstjernene og popsongarane som skin på fargerike plakatar, lever eit liv dei fleste av oss ikkje kunne tola og aldri vil nå opptil. Vi ville ikkje orka presset, kavet og strevet for alltid å vera på topp. Forresten, det er ikkje lang tid dei er på topp. Desse stjernene lyser ikkje lenge og idola vert fort vraka. Dei kan inga hjelp gje. ”Vi får hjelpa oss sjølve for ingen andre kan,” tenker vi, og gjer det vi kan for å berga oss sjølve.
Men jula viser oss at vi er meir hjelpelause enn barnet i krybba. Vi er ikkje i nærleiken av det heilage uskuld vi finn hjå barnet som vart født i ein stall. Men hjelpelause er vi. Vi kan korkje hjelpa eller frelsa oss sjølve. Faktisk er det slik at vanskane veks og avlar nye, di meir vi strevar. Vi er hjelpelause i vår eiga hjelpeløyse, vi kan ikkje hjelpa, men skapar vanskar for oss sjølv og for andre. Vi kavar og strevar for å lyfta oss opp or hengjemyra, men søkk djupare og djupare i det svarte grapset.
Eg har mista trua på gudane langt borte, men eg trur på Menneskesonen. Det er vedunderleg godt å kunna tru på eit menneske i kjøt og blod, - ein som er som eg. Han levde på jord, Menneskesonen, for mange hundreår sidan, og lever framleis på jorda i dag. No går han i kjeledress og skitne støvlar, men du kan og møta han i kvit snipp og blanke sko. Menneskesonen er vedunderleg, han er større enn klede, mat og drikke. Større enn skikkar og ritual og tradisjonar. Han er bortanfrå og høgt heva over ytre ting, men er likevel nærverande hjå oss i våre naud med hjelp som hjelper.
Eg trur på Menneskesonen, Han er sann, verkeleg og prøvd. Ja, så rik og mangesidig er han, at eg aldri vert klok på han, men eg trur. Det er godt å tru at Gud vart menneske. Det er godt å tru på Menneskesonen, i trua på han fattar eg mot i alle vonbrot.
Eg har røynt nok til å kunna seia at Menneskesonen er vedunderleg. I går smilte han til meg, og førre dagen hjelpte han meg å tapesera. Ein annan gong strauk han tårene varleg av kinnet. Han gav meg kjensle av menneskeverd då han trøysta meg med sanne og varme ord. Han kjem til meg i ord og sakrament. Han kjem til meg i salmar og åndelege viser. Han kjem til meg når eg kjenner regnet piska mot andletet. Han kjem til meg når eg sit i stille andakt i heilage hus. Han kjem like visst som lyset om morgonen med ny nåde og trufast kjærleik.
Det er bjølleklang og kimande klokkar på i alle handlesentra i desse dagane. Dei glitrande juletrea med all sin pynt skapar feststemning og kjøpetrong, - og ei avmakt over kommersaliseringa og materialismen som skrik i mot oss på kvart gatehjørne. Kor annleis er ikkje møtet med juleforteljinga.
Slik den strålande glansen rundt Guds bodberar gjorde gjætarane på Betlehemsmarkene fælande redde, dei kjende seg så skitne, ‑ serleg inni seg, slik kler dei enkle orda i juleevangeliet av oss alt vi har å vera stolte av. Men engelen taler til oss med mild og mjuk røyst ‑ som ei syngjande harpe:
"Ver ikkje redde! Eg kjem med bod om ei stor glede som alle folk skal få del i. Alle menneske kan vera glade. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Betlehem. Han er Messias, frelsarkongen. Han skal frelsa folk frå syndene deira og gjera dei reine og gode. Gå til Betlehem og sjå teiknet frå Gud: Ei møy har vorte med barn, ho har fødd ein son, ho kallar han Emmanuel, ‑ Gud med oss, Jesus, ‑ Herren, ‑ Frelsar. De skal finna barnet sveipt, liggjande i ei krybbe."
Denne helsinga frå himmelen er så herleg, så ven, så vakker. Eg får lyst dansa med englane og la songen fylla heile jorda medan hjarta hoppar av glede inni meg: ”Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i. Det er jul igjen! Frelsaren er født! Jesus Messias er komen. Det skal verta fred på jord, fred i kvart menneske hjarta. Gud er glad i alle folk.”
Lovsongen frå Betlehem tek aldri slutt, han veks i styrke og glede etter som ordet om frelsaren vert kjend og teke imot, av store og små, av gamle og unge, av gutar og jenter, av menn og kvinner frå alle himmelstrøk. Lovsongen veks på jorda i dag. Fleire og fleire som sit i mørke ser frelsarlyset og opnar hjarta, ønskjer frelsaren inn, så sjel og sinn fyllest av glede: "Han er frelsaren min! Han er frelsaren min!" Lat oss vera med i lovsongen, så jula vert ei Jesus jul og ikkje glitter og kjas utan meining.
Djupt steg han ned, høgt vil vi lova han. Fattig vart han for vår skuld, rik vil vi gjera han på takk. Han gjekk inn i vår kvardag og delte våre kår, vi vil ta hans hjartelag med oss i alt vi gjer. Emmanuel ‑ Gud er med oss!
Vi vil gje han vår lovsong og tilbeding. Vi vil hylla han som konge og æra han som Herre. Vi vil gå i hans fotefar, vi er hans tenarar av berre nåde. Vi vil takka for at han kom. Vi vil takka for at han er nær kvar einaste dag! Vi vil takka for at han kjem igjen!
Juleglede er livsglede og livsmot. Når Gud kunne stiga ned til oss i vår vesaldom og verta ein av oss for å frelsa oss, då er ingen utfordringar i livet for store! Då kan vi møta framtida med tru og von! Då kan vi gå inn i andre sine vanskar og gje hjelp i deira naud. Då kan vi la gleda og takksemda visa seg i velsignande gjerningar.
Julegleda er slitesterk!
Tekst: Erling Thu