Juleglede
17/12/2004
Å jul med di glede og barnslege lyst
Vi helsar deg hjarteleg velkommen
Med lysande stjerner og skinnande pynt
Med haugar av gåver - Og smekkfulle fat – av julemat
Pinnekjøt, persesylte, ribbe og fleskesvor,
Smultringar, kakemenn og sirupssnittar
Fyller magane til store og små
Heilt til storebror har ete seg lei - På det feite og søte
Og spør så fint om å få ei grov skive med sursild
Å jul med di glede og barnslege lyst
Med julenisse og juletre
Som konkurrerer med kvarandre
Om å samla og dele ut
Julegåver til alle snille barn
Som har fortent gåver
Når ein annan fyller året
Er det nokon snille barn her?
Spør nissen alltid!
Er du ikkje snill får du ikkje gåver
Frå julenissen på julekvelden
Skræmer mor og far
Når dei ikkje rår med ungane på annan måte
Å jul med di glede og himmelsk fryd
Gud er ingen julenisse
Jesus hang ikkje på noka juletre men på eit kors
Gud gjev rause gåver
Og korset skin og lyser
Frå krybba i stallen til Golgata - Og heilt til oss som bur i Bergen
Gud spør ikkje etter snille barn
Hans gåver får vi ikkje fordi vi er så gode
Gud gjev gåver til dei som er fattige i seg sjølv
Gud gjev gåver til dei som strever og kavar
og ikkje får til å vera snill i ei vond verd
Å jul med di glede og himmelsk fryd
Gud er glad i oss slik som vi er
Han gav oss sin Son - Han gav oss sin nåde
Han finn hugnad og glede i alle menneskebarna
som tek imot den store frelsa i Jesus Kristus
Tekst: Erling Thu