Hjelp til dei som er råka av flodbølgja
31/12/2004
Eg har idag fått kontakt med vår venn Venkateswara Rao som bur i Machilipatnam som ligg på austkysten av India i delstaten Andra Pradesh. Vi besøkte han og var på stranda i november. Han driv eit fantastisk hjelpearbeid frå før med hjelp til sjølvhjelp gjennom ein organisasjon han har bygd opp: Faith Action for Community Transformation – FACT India. Då eg snakka med han på telefonen sa han at det var store behov for hjelp til dei overlevande i desse kystområda som vart råka av flodbølgja. Han set no igang eit hjelpearbeid og eg lova at vi ville samla inn midler som skal gå til hjelp for dei som har mista alt.
Eg legg ved den eposten eg nettopp har fått frå Venkateswara. Der vil du sjå at i hans område er det fleire hundre døde. Heile landsbyar er øydelagde og dei treng absolutt alt for å få ein ny start!
Midlar kan sendast til Kristent Nettverk sin kontonr. 3632.50.97587
Continue reading "Hjelp til dei som er råka av flodbølgja" »