Immanuel - Gud er med oss
20/12/2004
Verda har nok av gudar og avgudar
idol og stjerner i sport og idrett,
i film og teater.
Men dei kan ikkje hjelpa
mennesket på nokon måte.
Gudane er så langt borte
i ei eventyr verd
dei er ikkje på jorda kor vanskane er.
Sportsidola, filmstjernene og popsongarane som skin
på fargerike plakatar lever eit liv
dei fleste av oss ikkje kunne tola
og aldri vil nå opptil.
Vi ville ikkje orka
presset, kavet og strevet
for alltid å vera på topp.
Forresten, det er ikkje lang tid dei er på topp.
Stjernerne lyser ikkje lenge
og idola vert fort vraka,
dei kan inga hjelp gje.
Vi får hjelpa oss sjølve
ingen andre kan, tenker vi
og gjer det vi kan for å berga oss sjølv.
Korkje hjelp eller frelse
greier vi laga sjølv.
Vanskane veks og avlar nye
di meir vi strevar.
Vi er hjelpelause i vår eiga hjelpeløyse
vi gjev ikkje hjelp, men skapar vanskar
for oss sjlv og for andre
Vi kavar og strevar for á†á lyfta oss opp
or hengjemyra, men synk djupare og djupare
i det svarte grapset.
Gudane, stjernene, idola ser på skodespelet
først med eit overberande smil,
sidan med eit hånleg flir
og til sist med vanvørdnad og sinne.
Skjellord og fordømming
det eine ordet beiskare enn det andre
så dei vanlege menneska
- dei som tenker
- dei som kaver og strever
sig djupare i eit svart mørke.
Gudar, kva skal vi med dei?
Det er nok at vi fordømmer oss sjølve!
Eg har mista trua på gudane langt borte,
men eg trur på Menneskesonen.
Det er vedunderleg godt
å kunna tru å eit menneske i kjøt og blod
- ein som er som eg.
Han levde på jord, Menneskesonen,
for mange hundreår sidan
og lever framleis på jord.
Han går i kjeledress og skitne støvlar,
men du kan og møta han i kvit snipp og blanke sko.
Menneskesonen er vedunderleg,
han er større enn klede, mat og drikke.
Større enn skikkar og ritual og tradisjonar.
Høgt hever han seg over ytre ting,
han kan ikkje kjennast på det ein ser.
Eg trur på Menneskesonen
Han er sann, og verkeleg og prøvd.
Ja, så rik og mangesidig er han
at eg aldri vert klok på han men eg trur,
- det er godt å tru på eit menneske
eg fattar mot i alle vonbrot.
Eg har røynt nok til å kunna seia
Menneskesonen er vedunderleg
- i går smilte han til meg
og førre dagen hjelpte han meg å tapesera
ein annan gong strauk han tårene varleg av kinnet
Han gav meg kjensle av menneskeverd
då han trøysta meg med sanne og varme ord.