Gje noko verdifullt
18/12/2004
Vi gjev så mange gåver,
vi gjev så mange offer,
berre fordi vi synest vi må følgja
skikkar og tradisjonar
for fødselsdagar og feiringar.
Gud bryr seg ikkje om slike gåver.
Fromme seremoniar imponerar ikkje han.
Gud bryr seg om menneske,
han elskar dei fortapte
og gjev sin eigen son som løysepeng
for dei som sit fast stor skuld.
Gud gjev av seg sjølv når han viser sin kjærleik.
Gud bryr seg om menneske!
Han ser etter deg,
og vil ha deg heilt
i sin varme kjærleik.
Ta imot hans kjærleiksgåve
og gje noko verdifullt tilbake!
Gje deg sjølv heilt og fullt
til han som gav livet for deg!
Men koss?
Koss kan eg gje meg til Gud,
- slik han tykkjer om det
og kan ta imot mi gåve med glede?
Du kan gje deg til Gud
ved å gje deg til bror din.
Jesus har gjort seg til eitt
med dei minste, små og hjelpelause,
og vil at du skal gjera det same.
Det du gjer mot den minste bror,
har du gjort mot Jesus sjølv!
Difor skal du gje deg sjølv
På ein slik måte at alle kan sjå
- at du er trufast
- at du hjelper dei i naud
- at du seier sanninga (som kan vera god, men og vond å høyra)
- at du trøystar dei nedbøygde
- at du set mot i dei motlause
Gje deg sjølv!
Ten brørne dine.
Ten dei med dei gåver
Gud har utrusta deg med.
Ber børa til nesten din,
Så han kan retta seg opp
og gå rak i ryggen,
fri og glad ved sida di!
Medkjensle er ikke nok.
Gje hjelp som monar,
- gjer det som er rett,
- syn trufast pakts kjærleik,
- men ver audmjuk!
Neste gong er det du som treng hjelp,
- av bror din!
Gje deg sjølv til bror din
- og han vil gje seg til deg.
Om de begge er veike og svake,
vil de verta sterke i Gud.
Sterke ved å gje, sterke i samhald.
Sterke fordi de ikkje lever for dykk sjølve,
men har gjeve dykk til kvarandre!
Tekst: Erling Thu