Avkristning eller vekkelse?
14/12/2004
Over lengre tid har eg merka meg at ein språkbruk i kristne blad og mellom kristne leiarar som forundrar meg. Det er uttrykk som dette: ”Vi lever i åndsfattige tider”; ”vi lever i vekkelsesfattige tider”; ”vi lever i ei etterkristentid”, ”misjonsvekkelsen er i tilbakegang”, ”avkristninga er kome veldig langt!” Eg trur eg skjønar kva som meinest med uttrykka, men dei avspeglar ikkje den røyndomen eg lever i.
Eg har merka meg at det er folk med bakgrunn i gamle, etablerte kyrkjesamfunn og serleg slike som er vane med å ha ein statsreligion å stø seg til som klagar mest. Vi har ein tusenårig historie av ein kristen statsreligion av ulikt slag i landet vårt. Framleis vert det overveldande fleirtalet av den oppveksande slekta barnedøypt og konfirmert i statskyrkja. Likevel talar ein om avkristning og ei etterkristentid. Medlemskapet i statskyrkja ser ikkje ut til å få så mange praktiske følgjer for folk flest. Statskyrkja vert meir og meir styrt av ikkjekristne politikarar som vil bruka statens religionsvesen til å fremja sine eigne politiske mål. Homofili saka har vist oss at truskap mot Skrifta må vika for truskap til kyrkjeordningar, og truskap mot eigne vedtak eller lovnader må vika for personlege meiningar. Dei ”gammaltruande” eller konservative kristne har tronge kår innanføre den kyrkja dei elskar så høgt.
Vi kunna ha halde fram og teikna eit verkeleg svart bilete av stoda, for landet vert ikkje lenger bygd med gode lover, men med ulover lagd øyde, likevel skal ikkje gjera det. Heilt enkelt fordi dette norske statskyrkjeperspektivet vert for trongt. Verda er så mykje større enn det litle landet vårt samstundes som moderne kommunikasjonsmiddel har gjort ho mindre enn nokon gong før. Ser vi på stoda i verda, lever vi i dag i ei eineståande misjonstid. Aldri har det vore så mange pånyttfødde kristne som i dag. Aldri har evangeliet vorte forkynt for så mange menneske på så mange måtar som i dag. Det er innhaustingstid! Det er vekkelsestid! Sjølvsagt er det motstand mot kristen misjon og påverknad. Guds ord har ikkje lova oss noko anna enn forfølging når vi lever gudfryktig i denne verda. Det har aldri vore så mange martyrer for den kristne trua som i vår tid. Vi ser at Guds rike går fram trass i motgang! Den postmoderne tida med sin relativisme likar ikkje dei absolutte sanningane Guds ord forkynner, men fleire og fleire menneske finn ut at det er desse sanningane som kan setja menneske fri til å leva eit heilt liv.
Vi lever midt i ein ny apostolisk reformasjon, det skjer store ting mellom kristne over heile verda i denne tida. Vår norske statskyrkje vert berre ei sekt å rekna i denne samanhengen. Vi har i dag ein halv milliard åndsdøypte kristne, fulle av tru og pågangsmot. Svært mange av dei er samla i apostoliske nettverk av veksande kyrkjelydar over heile verda. Også i vårt eige land ser vi dette henda. Mange nye kyrkjelydar har vorte danna dei siste åra og mange nye menneske har kome til tru. Kvar einaste veke ser vi nye menneske koma til tru i kyrkjelyden vår og vi er ikkje dei einaste som opplever dette.
Om vi ser på det ytre kan vi verta nedtrykt av ein del statistikk, men om vi har auge å sjå med og øyrer å høyra med, så vi ser kva Gud gjer og høyrer kva Anden seier til kyrkjelydane, då er stoda ei heilt anna!
Kva ser vi? Vi ser at tidvatnet har snudd! Den åndelege vasstanden er høg! Ingen kan stansa Gud, hans nærvær mellom sitt folk sprengjer alle grenser og overgår alle forventningar og førestellingar. Bønneevangelisering, bønnefyrtårn, bønn for alle menneske, samhald og einskap er nøklar i dette som hender i vår tid. Folk er ikkje lenger på veg bort frå Gud, men fleire og fleire søkjer etter han og finn han.
Eit kapittel er avslutta i kyrkjesoga i landet vårt, ja i heile verda. No vert eit heilt nytt kapittel skrive! Vi treng ikkje lesa oss inn i det som har vore og lengta tilbake til farne tider. Det er ein ny dag, ei ny tid! Saman med alle som trur på Jesus Kristus som Herre skal vi skriva Guds liv inn i mange nye menneske og inn i sjølve samfunnslivet på ein ny måte. Denne nasjonen skal kristnast!
Det er ei open dør for Guds ord og ei rik teneste for dei som trur Ordet i dag. Når Gud opnar, kan ingen stengja. Det er lett å snakka med folk om Gud i denne tida. Hausten er stor og mogen! Gud kallar oss til å visa menneske rundt oss den opne døra inn i Guds nærvær. Gud gjer oss til hengsler som snur tida, nærmiljøet og samfunnet opp mot Guds rike!
Avkristning? Nei. Etterkristentid? Nei. Vekkelsesfattigtid? Nei. Vi lever i tider då Guds ord seier at Anden skal rennast ut over alle menneske. Har vi ei vaken tru, eit høyrsamt hjarta og ei villig ånd, vil vi kunna leva i Guds velsigning og sjå Guds rike gå fram! Det er spennande å tena Gud i tider som dette!
Erling Thu