På bølgjelengde med Gud
PRAISE GOD FOR A WONDERFUL WEEKEND

Profettenesta

I Bibelen finn vi mange ord og nemningar som skildrar profettenesta. Desse skildringane og titlane hjelper oss å forstå den profetiske tenesta!

Profettenesta

Ulike titlar og ord som er knytt til profettenesta:

Profet – nabi er det ordet som er mest brukt.

·        Å vera kalla og sendt av Gud, - å representera Gud

·        Å koka over – indre press som gjer det vanskeleg å teia – eld i beina

·        Å vera inspirert til å forkynna – tala driven av Den Heilage Ande

·        Inneber at ein har fått ord frå Gud som kokar og brenn i hjarta

Sjåar – Roeh – hozeh

·        1.Sam.9,9 Denne tittelen vart brukt før ”nabi profet” vart vanleg

·        Forklarer korleis profetane fekk orda frå Gud, dei såg dei Jes.1,1; 2,1

·        Inneber å sjå Guds plan og vilje – forstå kva som ligg på Guds hjarta

·        2.Sam.24,11 Gad – Davids sjåar; Iddo 2.Krøn.9,29; Hanani 2.Krøn.16,7-10

Gudsmann – is ha elohim

·        Dom.13,6; 1.Sam.2,27; 9,6; 1.Kong.13,1; 17,18-24; 2.Kong.1,10-13

·        Ein som har med Gud å gjera

·        Ein som tilhøyrer Gud

·        Ein som tener Guds interesser

Jahves tenar – ebed yhvh

·        5.Mos.34,5; 2.Kong.9,7

·        Ein som tilhøyrer Jahve – Den evige sjølveksisterande – EG ER

·        Ein som gjer det Gud vil

·        Ein som tenar Guds plan

·        Ein som ikkje har eigne ambisjonar eller planar

Jahves sendebod – malak yhvh

·        Jes.44,26; Haggai 1,13

·        Ein som er sendt av Jahve

·        Ein som er sendt med ein bodskap frå Jahve til folk og nasjonar

·        Han tek ikkje eigne initiativ, men er sendt til å seia noko konkret

Vaktmann

·        Jes.21,11-12; Esek.3,17-21; 33,7-20; Hab.2,1, Mika 7,7; (Hos.9,8)

·        Vaka over folket for å åtvara dei mot farar

·        Tilsynsansvar på vegne av Gud som ikkje vil mista nokon

·        Blåsa i trompeten – kalla til strid mot fienden

·        Kalla til omvending

Profeten:

Er Guds ærendsgut – han er ein tenar

-         Abraham: 1.Mos.20,7; Ap.7,2; Jak.2,21-23; 1.Mos.18,17-33

-         Enok vandra med Gud 1.Mos.5,22-24; Jud.14

-         Samuel: Tala, Herre, tenaren din høyrer! 1.Sam.3,10

-         Amos.3,7; Ef.3,5; Ap.gj.3,21; Op.10,7

Har ein visjon av Kristus – han er ein sjåar

        av Guds plan i Jesus Kristus

        av Guds herlegdom

        av koss vil Gud vil ha sitt hus

        av koss Gud vil folket hans skal vera

        av endemålet – det fullenda verket

Har ei openbaring av kven Gud er og kva Gud gjer – han er ein sjåar

-         ser notida i lys av framtid

-         forstår den åndelege stoda, ser bakom ytre fasade

-         ser Guds hærar når naturlege augo berre ser fienden

-         ser den usynlege når alt det synlege seier at han ikkje finst her

-         ser kva som gøymer seg i menneskehjarto

        2.Sam.24,11; 2.Kong.17,13; Ap.11,27-30; 21,9-11; Dan.2,27-28; 5,11

Har eit ord frå Gud – han er Guds talsmann – tolk - munn

-         2.Mos.4,15-17; 7,1 Aron/Moses

-         Så lyder Ordet frå Herrens munn

-         Eit ord som frelser og frigjer

-         Eit ord som trøystar og påminner

-         Eit ord som set mot i folk til å gå på Guds veg

-         Eit ord som viser vegen vidare

-         Eit som skjer gjennom, - som stikk folk i hjarta

-         Eit ord som fører til omvending

Har ei bør frå Herren lagt på sitt hjarta – sterke kjensler

-         Jer.20,7-10; Hos.1-2; 1.Kong.18,21

-         Kjenner Guds hjartesorg

-         Kjenner kva Gud lengtar etter

-         Kjenslene hans står til Herrens rådvelde, så han kan uttrykka sin brennande harme eller iver gjennom han

Har frimod til å be – Han står i Herrens råd og påverkar dei himmelske avgjerdsler

-         Han kan be Den Allmektige Gud endra sin plan

-         Han er en del av det himmelske ”storting” – medlem av Herrens Råd – gjev Gud råd Jer. 23,18

-         Han kan be lovnadene gjennom til oppfylling

Frigjer initiativ, hjelper folk i gang, han er ein startar

-         Orda frigjorde ny åndeleg rørsle Esek.37

Fekk folk til å prioritera annleis – byggja Guds hus – vekte iver i dei Hag.1,3-8 + 12-14

Hjelper folk til å fullføra

Haggai og Sakarja – Esra 5,1-2; 6,14

Comments