Bloggevennar
På bølgjelengde med Gud

Prinsipp for planting av nye forsamlingar

Det trengst mange hundre nye forsamlingar! Kven som helst, som Gud kallar og utrustar, kan når som helst og kor som helst starta ein ny forsamling, leia av Gud og driven av kjærleik til menneske og nød for deira frelse.

Prinsipp for forsamlingsplanting

Ei grunnleggjande tru

  1. Forsamlingsplanting er Guds program for denne verda. Forsamlingsplanting er Guds metode for å utbreia og næra trua i heile verda.
  2. Evangelisering og forsamlingsplanting må gå hand i hand. Der evangeliet vert forkynt og folk tek imot, må det veksa fram ei forsamling.
  3. Alle som kjem til tru på Kristus og opplever frelse må leggjast til eit levande fellesskap kor dei lærer å halda alt Jesus har bode og får hjelp til å verta modne kristne. Dette skjer i livgjevande forsamlingar.
  4. Å formidla Kristus til andre, saman med dei andre i forsamlinga, inneber å føra folk til Kristus og inn i det kristne fellesskapet så dei tener i den lokale forsamling.
  5. Gud har gjort seg avhengig av ein forsamling av truande menneske for å utbreia evangeliet om frelse og fellesskapsliv i Kristi lekam til alle menneske. Personleg frelse og personleg deltaking i ein forsamling som ein lem på lekamen er Guds plan og vilje for alle menneske.
  6. Forsamlingsplanting er ein normal forventning og funksjon hjå kvar einaste levande forsamling. Kvar forsamling ber frø i seg til fleire forsamlingar. Sauer føder sauer, modne og levande forsamlingar føder nye forsamlingar! Forsamlingsplanting er ikkje valfritt eller unntaket, men det normale.
  7. Forsamlingsplanting er den beste måten å oppfylla misjonsbefalingen på. Det er den beste form for evangelisering. Forsamlingsplanting er ein heilskapleg og systematisk måte å forkynna, gjera folk til læresveinar, døypa, læra og utrusta dei heilage på.
  8. Forsamlingsplanting er den bibelske måten å evangelisera på. Det ser vi av heile Apostelgjerningane. Evangelisering, forkynning av evangeliet førte alltid til forsamlingsplanting.
  9. Ein ny forsamling er Guds gåve til eit nærmiljø. Gjennom det kristne fellesskapet gjer Gud sitt personlege nærvær og teneste tilgjengeleg til folk i nærmiljøet, i bygda, i bydelen osv.

Kor og når skulle ei ny forsamling startast?

  1. Der kor folk har vorte frelst (omvendt) og det ikkje er noka forsamling som kan ta seg av dei nyfrelste og hjelpa dei til vokster og modnad.
  2. I alle nærmiljø kor det ikkje er ein livgjevande forsamling som pågåande arbeider for å oppfylla misjonsbefalinga.
  3. På plassar kor fleire familiar frå ein viss forsamling bur og kor dei har eit ønskje om å starta ein forsamling med same tru og praksis som den forsamling dei alt tilhøyrer.
  4. På plassar kor ei gruppe menneske med nød for sitt nærmiljø ber om hjelp til å koma i gang med forsamlingsplanting.
  5. Etniske forsamlingar bør startast alle stader det finnest ei stor nok etnisk gruppe innanføre eit ikkje altfor stort område.
  6. Nye forsamlingar er nødvendig alle stader det er store kulturelle avstandar eller andre ulikskapar mellom folkegrupper.
  7. Eg sluttar meg til DAWN målsetninga om ein forsamling for kvar 1000 menneske.
  8. Ideelt bør alle tilhøyra ei levande forsamling i gåavstand frå der dei bur!

Forholdet til andre kristne i same område

  1. Sidan Gud berre har eitt folk, Jesus berre har ein lekam, ei brur, og Bibelen knyter forsamlingane til byar, bør vi erkjenna at alle kristne i ein by tilhøyrer den eine Guds forsamling i byen.
  2. Når vi forstår at vi er ein del av Guds forsamling i byen, vil vi også forstå at vi er alle avhengige av kvarandre og må ha rette haldningar til kvarandre og velsigna kvarandre i det vi gjer for å vinna menneske for Kristus.
  3. Når eit nytt arbeid vert starta, ein ny forsamling planta, er det viktig med rådføring, open kommunikasjon og mykje informasjon til dei andre kristne for å unngå misforståingar og galne haldningar.
  4. Det kviler eit serskilt ansvar på alle som startar ei ny forsamling på ein stad å visa respekt og gje ære til dei som har arbeidt på staden før dei sjølve kom i gang.
  5. Så lenge det finnest ufrelste menneske vi ikkje når, bør vi ønskja alle som kan nå desse med evangeliet velkomne til å planta forsamlingar i byane og distriktet.

Samandrag

Kven som helst, som Gud kallar og utrustar, kan når som helst og kor som helst starta ein ny forsamling, leia av Gud og driven av kjærleik til menneske og nød for deira frelse.

Det er ei sjølvsagt føresetnad at enkelt personar, grupper og forsamlingar som ønskjer å starta nye forsamlingar gjer det i samråd og samarbeid det apostoliske og profetiske tilsynet dei står under, - det nettverket dei er ein del av.

Comments