Bloggevennar
18/11/2004
Eg har idag endra litt på listene med lenker på venstre sida. Då det den seinare tida har vorte mange fleire av vennane mine som har teke til å blogga har eg funne det rett å laga ei liste av bloggevennane mine slik at fleire kan verta kjende med dei og kanskje få lyst til å starta ei internett dagbok sjølve!
Det er veldig enkelt å starta ein blog! Alle som har tilgang til internett burde ha sin eigen blog. Eg har brukt Blogger og Typepad som begge er lette å bruka. Blogger er heilt gratis og er svært enkel å bruka. Siden eg starta å bruka Blogger for omlag 2 år sidan har programmet vorte veldig forbetra!
For tida bruker eg Typepad som er meir avansert og kanskje endå lettare å bruka enn Blogger. Men Typepad kostar pengar medan Blogger er gratis! Difor vil eg råda deg til å starta hjå Blogger og sjå om du er uthaldande nok til å vera ein bloggar før du bruker pengar på dette!
Når du har starta og ser at dette er moro og noko du vil halda fram med, kan du melda deg på Kristne Bloggere og andre liknande lister, så du vert kjend for fleire og kan få nye bloggevennar!
Lukke til med å gjera tankane dine kjend! Lukke til med å dela med andre det du opplever med Gud og den innsikt du har fått gjennom livet.
Om du ønskjer å stå på lista mi eller kjenner andre som burde stå der kan du senda meg ein e-post og eg skal sjå kva eg kan gjera med det!