Nye kristne fellesskap
Oppleving av det overnaturlege: Vak og bed!

Nytestamentleg kristendom på frammarsj

Over heile verda er nytestamentleg kristendom på framgang, medan tradisjonell institusjonalisert kristendom er på tilbakegang.

Om vi ser dei siste hundre år under eitt, kan vi seia at kristendommen har endra karakter. Før var dei kristne delt i to hovudflokkar, katolikkar og protestantar, men i dag er det ei tredje rørsle som står for ein nytestamentleg kristendom som er den dominerande og veksande. Innanføre denne såkalla pinse/karismatiske rørsle som i dag tel over 500 millionar åndsfylte kristne, er det ein stadig kvikkare veksande flokk av apostoliske og profetiske kyrkjer og stadig nye nettverk av tenestegåver og kyrkjer. Denne utviklinga er no så synleg at ingen som granskar kyrkjevokster kan unngå å leggja merke til det.
Den kjende kyrkjevokster granskaren, C. Peter Wagner har gjennom fleire av sine siste bøker skrive om denne utviklinga. Vi tek utgangspunkt i boka hans ”Churchquake! How the new apostolic reformation is shaking up the church as we know it” for å læra av hans observasjonar, analyser og vurderingar. Dette gjer vi gjennom eit kort samandrag av boka og ved korte kommentarar av henne frå fleire hald. Men vi kan ikkje slå oss til ro med dette, vi må gå til Bibelen og sjå kva Guds ord seier om dette. Vi er ikkje interesserte i den siste trend på det religiøse område, vi ønskjer å ta utgangspunkt i nytestamentleg kristendom, og ikkje i kristelege motar.
Nytestamentleg kristendom har sitt opphav i Jesus Kristus og dei apostlane og profetane han gjev til si kyrkje. Det vi idag kallar nytestamentleg kristendom er ei vidareføring av det Jesus tok til å gjera i si kyrkje frå pinsedag av, kor vi tek imot alle tenestegåvene (Ef.4,11) frå vår oppståtte Herre. Slik som dei første apostlane arbeidde saman med profetar, evangelistar, hyrdingar og lærarar og knytte dei nye flokkane av kristne saman i eit heilagt samfunn, vil apostlane vera leiarar av kristne arbeidslag, team eller nettverk. Vi treng på ny å oppdaga denne nytestamentlege måten å arbeida saman på! Vi treng å byggja sterke lokale forsamlingar som er knyta saman i eit forpliktande samarbeid, bygd på tillitsforhold til apostlar, profetar, evangelistar, hyrdingar og lærarar som arbeider mellom dei i tenesta med Ordet og bøna.
Gamle tradisjonelle kyrkjesamfunnsmessige bindingar, organisasjons lojalitet og institusjonalisert formalisme og all verdens ordningar er ikkje godt nok lenger. Denne kristendomsforma kan berre overleva når ho har statsmakta på si side. Nytestamentleg kristendom overlever i alle samfunnsformer og under alle forhold, og har gode vokster kår i vår tid medan tradisjonelle kyrkjesamfunn går tilbake.
Nytestamentleg kristendom gjev seg mange utslag også i vårt land. I Bergen opplever mange forsamlingar fornying av nytestamentleg kristendom.
Kva kjenneteiknar nytestamentleg kristendom?
Guds ord står i høgsetet og ikkje menneskelege meiningar eller tradisjonar. Apostlane og profetane i den nye pakta får ved Den Heilage Ande ei openberring av Jesus Kristus som samsvarar med det Gud tidlegare hadde tala gjennom profetane i Det gamle testamente. Apostlane og profetane er berarar av ei openberring av Kristus som gjer at vi forstår Bibelen som Guds ord.
Bønn og tilbeding får første prioritet framfor menneskelege aktivitetar. Bønn er det viktigaste av alt vi kan gjera for å sjå framgang for Guds rike. Det er Guds vilje at alle menneske skal verta frelste, difor er bønn det første og viktigaste vi kan gjera! Vi vil ikkje slå oss til ro med å "lesa" bønner, same kor fint dei er formulert. Eit profetisk folk ber bønner som er fødde av hjartenød for dei ufrelste. Det er bønner som er borne av tru ved Den Heilage Ande etter Ordet.
Evangelisering er ikkje overlate til spesialistar, men er noko som alle tek del i på ein naturleg måte. Nytestamentlege kristne tek misjonsoppdraget på alvor og vil gjera alle folkeslag og nasjonar til Jesu læresveinar! Ordet om korset og om Jesu oppstode vert forkynt ved alle høve. Vitnemålet om den livsforvandlande krafta i møtet med den oppståtte Herre, skjemmer ingen seg for å dela med naboar og venner.
Teikn og under følgjer når Ordet vert forkynt og vitnemålet om Jesu oppstode er klårt. Alle som trur kan leggja hendene på dei sjuke og sjå dei verta friske. Alle kristne kan på denne måten vera med å møta behov hjå menneske rundt seg, for Gud er ein Gud som gjer under!
Når nytestamentlege kristne kjem saman til små samlingar i cellegrupper eller store gudstenester, kjem dei ikkje som tilskodarar, men som deltakarar. Dei kjem for å fylla samværet med noko godt frå Herren og ikkje for verta underhaldne. Dei kjem for å verta brukt av Anden til å byggja opp sine brør og søstrer i Herren. Difor er både små og store samlingar fylt av Guds nærvær, og liv vert frigjort!

Comments