Motstand og forfølging
Nytestamentleg kristendom på frammarsj

Nye kristne fellesskap

Det er spennande ting på gang på kristenfronten i Norge i desse dagane. Vi ser oppmuntrande teikn på nytenking og frisk satsing for å vinna nye menneske for Jesus i mange samanheng. Ikkje minst gjer dette seg utslag i danning av nye forsamlingar, cellegrupper, husgrupper og bønnegrupper.

Berre i Bergen har det vorte danna fleire nye forsamlingar/kyrkjer dei siste månadene. ”Forsamlingsplanting” er eit at dei kristne moteorda for tida som vi verkeleg treng å ta på alvor. Men det vi treng er ikkje avleggarar av dei gamle forsamlingane og deira måte å vera kyrkjer på. Alle som har opne auge ser at dei ikkje maktar å nå nye generasjonar med evangeliet med dei gamle formene.
Det vi treng er først og fremst mange nye kristne fellesskap som forstår at dei er sett til å forandra samfunnet ved å tena Guds plan i si levetid. Forkynning av Guds rike er vår første oppgåve. Når evangeliet om Guds rike vert teke imot, då vert nye kristne fellesskap danna. Dette er Guds program for denne verda i vår tid. Å danna nye kristne fellesskap i alle nærmiljø er den beste form for evangelisering vi kjenner til.
Alle kristne burde minst ein gong i livet vera med å starta eit nytt kristent fellesskap! Heilt enkelt fordi det er utviklande for deira eigen del og fordi det vil hjelpa dei å bry seg om andre menneske på ein ny måte! Det er Guds vilje at vi alle skal modnast åndeleg og kunna vera åndelege fedrar og mødrer som både kan føra folk til liv i Gud ta seg av dei nye kristne og hjelpa dei til åndeleg vokster og modnad.
Kvart levande kristent fellesskap ber frø i seg til nye fellesskap. Levande kristne fellesskap gjev liv til og føder fram nye fellesskap. Eit nytt kristent fellesskap er Guds gåve til eit nærmiljø. Gjennom det kristne fellesskapet skin Guds lys og lyder Guds ord inn i kvardagen til naboar, arbeidskameratar og medstudentar. Det kristne fellesskapet demonstrerer at Guds rike har kome med frelsande og lækjande kraft til vanlege menneske.
Nye kristne fellesskap bør startast der menneske vert frelste. Då vil dei lett vinna fleire av slekt og venner for Jesus Kristus. Om det bur to til tre kristne familiar i eit bustadområde bør dei danna eit kristent fellesskap for å hjelpa naboane sine til å finna frelse og fellesskap med Gud.
Nye kristne fellesskap bør startast i alle nærmiljø kor det ikkje er eit livgjevande kristent fellesskap frå før. Dawn seier at vi treng ei levande kyrkje for kvar 1000 menneske i byane og i kvar einaste lita bygd på landet. Eg kan slutta meg til det, men trur at kristne fellesskap bør vera nærverande i kvart einaste bustadområde, kvar høgblokk, kvart rekkjehus, kvart kvartal. Alle bør tilhøyra eit levande kristent fellesskap i gåavstand frå der dei bur!
Om vi lukkast i å fylla landet, byane og bygdene våre med levande kristne fellesskap vil landet vårt verta kristna på ny!

Comments