Musikken i livet vårt
Nye kristne fellesskap

Motstand og forfølging

Heilt frå første tid har den kristne kyrkja levd med motstand og forfølging. Apostelen Paulus sa at alle som vil leva gudfryktig vil verta forfølgde (2.Tim.3,12). Kristne har oppgjennom historia opplevd sanninga i desse orda. Her i landet vårt har kristne stort sett vorte sparte for forfølging. Samanlikna med kva kristne i andre land har måtta gå gjennom må vi seia at vanskane våre har vore lette.

I dag kan møter dei som vil stå for det Bibelen seier aukande motstand. Bibeltru kristne er meir og meir på kollisjonskurs med dei politisk korrekte meiningane og den postmoderne kulturen. Difor må vi førebu oss så vi kan møta den tøffare motstanden på ein god og rett måte.
Liding, prøvingar, motstand og forfølging er eigentleg normalt for som vil leva gudfryktig! Det er eit teikn på at vi sanning er lys og salt i verda og at trua vår er ekte og djup. Når vi set vår lit til Gud vil vi oppdaga skjulte velsigningar i lidingane våre for evangeliet.
Eg skriv dette frå India kor dei kristne møter aukande forfølging frå ekstreme hindufundamentalistiske grupper. Kyrkjebygningar vert brende ned, kristne vert plaga, utsett for forfølging og til og med drepne. Dei får falske klagar retta mot seg og vert arresterte utan å ha gjort noko galt. Trass i dei aukande vanskane kjem stadig fleire til tru på Jesus Kristus og nye kyrkjelydar veks fram. Eg vert rørt når eg høyrer vitnemåla til våre kristne søsken i India og ser deira brennande iver etter å vinna nye trass i motstanden dei møter.
Vi må ikkje lata oss skræma av forfølging og motstand. Vi veit at mange kristne vert drepne på grunn av si tru mange stader. Eg kan ikkje sjå at det er noka overhengande fare for det i landet vårt, men vi treng frimod og styrke til å stå imot det aukande presset frå samfunnet på den kristne moral og tru. Same korleis motstanden vil arta seg, veit vi at Gud tek seg av oss, så vi treng ikkje vera redde (Matt.10,28-31; Luk.21,16-18).
Vi må halda fram med å gjera det Bibelen seier er rett og setja vår lit til Gud. I staden for å tilpassa oss samfunnet sine nye normer må vi frimodig stå fast på det Guds ord seier. Midt i motstand og forfølging kan vi takka Gud og vera glade! Våre lidingar er små og lette samanlikna med det vår Herre leid for oss og det kristne i andre land må lida. Vi må trufast forkynna Guds ord utan å lata oss skræma.
Vi driv ikkje strid mot menneske, men står i ein åndeleg kamp. Vårt sterkaste våpen er i følgje Jesus Kristus å be for og velsigna dei som forfølgjer oss (Matt.44-48)! Vi kan overvinna det vonde med det gode (Rom.12,14-21)! Kjærleiken er sterkare enn hat og vondskap! Velsigning skaffar oss fleire venner enn forbanning gjer!
Vi skal sjølvsagt ikkje søkja forfølging, men gjera alt vi kan for å leva i fred med alle menneske så langt som råd. Jesus sa også at det var lurt å rømma til ein ny plass for å unngå forfølging (Matt.10,23). Apostelen Paulus seier at vi skal be for alle som er i høg stilling så vi kan leva eit stille og fredeleg liv utan å verta forfølgde når vi forkynner evangeliet (1.Tim. 2,1-4).
Tekst: Erling Thu

Comments