Previous month:
July 2004
Next month:
September 2004

9 entries from August 2004

Motstand og forfølging

Heilt frå første tid har den kristne kyrkja levd med motstand og forfølging. Apostelen Paulus sa at alle som vil leva gudfryktig vil verta forfølgde (2.Tim.3,12). Kristne har oppgjennom historia opplevd sanninga i desse orda. Her i landet vårt har kristne stort sett vorte sparte for forfølging. Samanlikna med kva kristne i andre land har måtta gå gjennom må vi seia at vanskane våre har vore lette.

Continue reading "Motstand og forfølging" »


Gode tilbakemeldingar

Eg har vorte overvelda av alle dei gode tilbakemeldingane eg har fått etter den enkle preika mi på søndag. Det verkar som eg må ha møtt mange med ei helsing frå Gud. Det er stor nåde! Eg er og veldig oppgløda over dei gode tilbakemeldingane eg har fått på det eg skriv på desse enkle nettsidene mine.
Slike gode ord set mot i meg og får meg til å halda fram med å dela av meg sjølv på denne måten. I dag har eg hatt om lag 150 treff på desse sidene, men ikkje mange legg att meldingar eller kommentarar. Difor set eg dess større pris på dei som gjer det, eller sender meg ein epost for å uttrykkja si verdsetjing!
Takk for gode og oppmuntrande ord!


Å ha ei draum

Å vera menneske er å ha ein draum
– som fortærer deg som ein eld inni deg
- som ikkje gjev deg noka kvile, men
Motiverer deg til store offer
Førebur deg til djerve tiltak
Oppgløder deg til eit spennande liv
Når du let draumen styra deg med glede og von

Å vera menneske er å ha store draumar
Ikkje berre for deg sjølv og dine eigne
Men ha draumar på vegne av dei underprivelegerte
Og ha draumar for ditt eige overflodssamfunn
Eller dei mange lidande grupper av menneske i verden

Når du drøymer store draumar
Om eit forandra samfunn og ein betre verden
Vil du leggja livet ditt ned som ei frø av håp
Som ei frukt vil alle kunna sjå
At du er eit stort menneske
- for du lever ikkje for deg sjølv!


Eg har meldt meg inn i Noregs Mållag!

Eg fekk mi opplæring i norsk på Ganddal skule der nynorsk var det naturlege språket for oss alle. Nynorsk var målet hennar mor! Då eg kom på Sandnes gymnas vart eg sett under eit sterkt press frå norsklæraren min om å velja bokmål som hovudmål. Dette ville sjølvsagt gjera det lettare for han sidan eg var den einaste som ville ha nynorsk som hovudmål. Dei andre elevane var byfolk og var opplærte til å knota på bokmål og snakka fint! Eg overlevde dei tre åra med bokmål som hovudmål, men likte det ikkje.
Etter gymnaset tok eg til å reisa og forkynna i pinseforsamlingar. Eg hadde ikkje vore lenge på den første plassen (Hauge i Dalane av alle stader!) før eg fekk klar melding av ein eldstebror om å skaffa meg ein skikkeleg bibel – på bokmål og snakka fint! Eg var snar til å gje etter for presset denne gongen, for eg oppdaga fort at alle som var ”salva” brukte bokmål når dei bad, profeterte, talte eller tyda tunger.
Det gjorde vondt då ungane våre spurte mor kvifor pappa snakka så rart på møta! Dei var vane med å høyra meg på Ganddals dialekt heime, medan eg prøvde å snakka bokmål når eg talte på møta i pinseforsamlinga!
Då vi i 1976 flytta tilbake til Rogaland gjekk eg tilbake til å bruka nynorsk bibel og snakka vanleg i alle samanheng. Det har eg halde fram med heilt til i dag. Det var som å finna meg sjølv på ein ny måte då eg vart fri til å bruka nynorsk bibel i møta og snakka slik det var naturleg for meg.
Framleis har eg press på meg om å skriva på bokmål og gjev ofte etter for å gjera det lettare for det store fleirtalet som helst vil ha dansknorsken sin på dei papir dei skal lesa.
For nokre veker sidan vart eg så provosert av eit nedsetjande ord om min iver for nynorsk at eg sette meg føre å melda meg inn i Noregs Mållag! No er det gjort, og eg oppmodar alle andre å gjera det same for å kjempa for retten til å bruka det målet som er mitt eige og det naturlege for meg og mange andre i dette landet. Nynorsken vert utsett som mange åtak, men han er verdt å kjempa for!