Frå 30 til 104.000 læresveinar på under tre år!
Eg har ein draum!

Eg har meldt meg inn i Noregs Mållag!

Eg fekk mi opplæring i norsk på Ganddal skule der nynorsk var det naturlege språket for oss alle. Nynorsk var målet hennar mor! Då eg kom på Sandnes gymnas vart eg sett under eit sterkt press frå norsklæraren min om å velja bokmål som hovudmål. Dette ville sjølvsagt gjera det lettare for han sidan eg var den einaste som ville ha nynorsk som hovudmål. Dei andre elevane var byfolk og var opplærte til å knota på bokmål og snakka fint! Eg overlevde dei tre åra med bokmål som hovudmål, men likte det ikkje.
Etter gymnaset tok eg til å reisa og forkynna i pinseforsamlingar. Eg hadde ikkje vore lenge på den første plassen (Hauge i Dalane av alle stader!) før eg fekk klar melding av ein eldstebror om å skaffa meg ein skikkeleg bibel – på bokmål og snakka fint! Eg var snar til å gje etter for presset denne gongen, for eg oppdaga fort at alle som var ”salva” brukte bokmål når dei bad, profeterte, talte eller tyda tunger.
Det gjorde vondt då ungane våre spurte mor kvifor pappa snakka så rart på møta! Dei var vane med å høyra meg på Ganddals dialekt heime, medan eg prøvde å snakka bokmål når eg talte på møta i pinseforsamlinga!
Då vi i 1976 flytta tilbake til Rogaland gjekk eg tilbake til å bruka nynorsk bibel og snakka vanleg i alle samanheng. Det har eg halde fram med heilt til i dag. Det var som å finna meg sjølv på ein ny måte då eg vart fri til å bruka nynorsk bibel i møta og snakka slik det var naturleg for meg.
Framleis har eg press på meg om å skriva på bokmål og gjev ofte etter for å gjera det lettare for det store fleirtalet som helst vil ha dansknorsken sin på dei papir dei skal lesa.
For nokre veker sidan vart eg så provosert av eit nedsetjande ord om min iver for nynorsk at eg sette meg føre å melda meg inn i Noregs Mållag! No er det gjort, og eg oppmodar alle andre å gjera det same for å kjempa for retten til å bruka det målet som er mitt eige og det naturlege for meg og mange andre i dette landet. Nynorsken vert utsett som mange åtak, men han er verdt å kjempa for!

Comments