Eg har meldt meg inn i Noregs Mållag!
Lev forfriska!

Eg har ein draum!

Eg har ein draum som eg ber med meg same kor eg ferdast og kor eg går. Eg drøymer om ei forsamling etter Guds hjarta. Eg drøymer om Guds nærvær mellom sitt folk på nye måtar. Eg drøymer om ei tid med forfrisking og fornying. Eg drøymer .....

1. Eg drøymer om ei forsamling som tilber:
Eg drøymer om ei forsamling kor alle samlingar er merka av Guds nærvær for dei er samlingar av lengtande menneske
- samlingar av menneske som kjem til kort, men veit kor det er hjelp å få
- samlingar av menneske som har smakt Guds nåde og har mista trua på alt menneskeleg strev
- samlingar av menneske som veit at dei skuldar han som gav seg sjølv for dei alt
- samlingar av menneske som trur at Gud lønner dei som med iver søkjer han

Eg drøymer om ei forsamling kor Gud får sleppa til
- eit folk som ikkje er styrt av reglar og bod
- eit folk som ikkje kvelast av tradisjonar og seremoniar
- eit folk som ikkje er merka av rot og uorden
- eit folk som prøver å høyra kva Anden seier
- eit folk som ikkje er bunden av sitt eige program, men som ikkje er redd for å planleggja
- eit folk som søkjer Guds vilje fram for alt
- eit folk som veit at å leva med Gud er å leva i stadig forandring
- eit folk ikkje prøver å vera trendy, men som uredd tek nye steg leia av Anden

Eg drøymer om ei forsamling kor folk kjem saman for å tilbe og velsigna Gud
- ei forsamling kor alle er prestar som kjem med sitt offer
- ei forsamling som hjelper folk til å bera fram takkseiing
- ei forsamling som gler seg over det Gud gjer og hjelper folk å vera glade for Guds åsyn
- ei forsamling kor folk ausar sin kjærleik til Jesus over kvarandre
- ei forsamling kor lovsongen får ljoma fritt
- ei forsamling som set si æra i å vera til hugnad for Gud

Eg drøymer om ei forsamling kor folk ventar å oppleva Gud
- kor folk kjem for å møta Gud i Ordet og ikkje i ytre effektar
- kor folk kjem med sine vanskar og ikkje soler seg i sin eigen suksess
- kor folk kjem med tome kar og tome hender og ikkje for å visa seg fram
- kor folk kjem for å verta fylte av Anden og ikkje for å høyra på psykologi og menneskelege forklaringar på guddommelege manifestasjonar
- kor ingen vil gå glipp av gudstenester og samlingar fordi dei veit at Gud gjer stadig nye ting

Eg drøymer om ei forsamling kor samlingane er fulle av glede og jubel
- kor gudstenester er fest og høgtid, i audmjuk undring over Guds nåde verksam mellom Guds folk
- ei forsamling kor vi gler oss med dei glade i frigjerande dans
- ei forsamling kor gleda får lov å uttrykkast på mange måtar
- ei forsamling som gret med dei gråtande, men gjer meir enn å syna medkjensle
- ei forsamling som tørkar tårene frå tårevætte kinn og med kjærteikn og gode ord lokkar smilet og gleda fram

Eg drøymer om ei forsamling kor vi ser orden og fridom, struktur og liv i harmoni
- ei forsamling kor Anden har fridom, medan svermeriet ikkje får rom
- ei forsamling som elskar fram spontanitet og impulsivitet og gjer rom for nye tiltak, - utan å forsømma det som alt er på gang
- ei forsamling kor leiarane er gode planleggjarar og dyktige strategar som søkjer Gud i bønn
- ei forsamling som gjev akt på profetiske ord og planlegg i samsvar med det Gud har tala
- ei forsamling som er open for uvanlege manifestasjonar av Guds nærvær og som uredde dyssar ned alt som ikkje er av Gud
- ei forsamling kor vi merker at Anden leier og ikkje menneskeleg kløkt

Eg drøymer om ei forsamling kor barn og vaksne saman fungerer i Guds kraft
- ei forsamling kor alle vert tekne på alvor og rekna med uansett alder og kjønn
- ei forsamling kor små og store kjenner Herren og vert verdsett ut frå den dei er i Kristus og ikkje i kjøtet
- ei forsamling som kan ha samlingar retta inn på ulike alderssteg for å hjelpa alle til å leva eit liv i Anden
- ei forsamling som ser på seg sjølv som ein storfamilie som tek seg av den einskilde på hans eige plan

Eg drøymer om ei lovsyngande forsamling
- kor dyktige songarar og musikarar går føre i lovsong
- kor alle slag instrument blir brukte til å lova Gud
- kor lovsong og tilbeding er høgdepunktet og ikkje "fyll" i ei samling

Comments