Frå 30 til 104.000 læresveinar på under tre år!
05/07/2004
Når kristne tek det apostoliske oppdraget på alvor skjer det utrulege ting!
Det starta med 30 tvilande bønder!
Det var seint på kvelden, i november 2000. Dei var trøytte etter arbeidet på markene sine. Dei var samla i ei lita forsamling i eit land i Asia og dei lytta til John, ein besøkjande sørstatsbaptistmisjonær. Han delte denne visjonen med dei: Minst ei forsamling i kvar av dei om lag 200 byane og landsbyane i landet deira i løpet av 3 år. Desse 30 bøndene var dei såkorna som Gud skulle bruka til å gjera det, i følgje John. Dei såg tvilande på kvarandre og så stira dei på misjonæren som om han var heilt spikka gal!
”Kvar einaste ein av dykk kan starta med å samla folk i dykkar eigen heim,” sa John.
”Koss skal vi gjer det? Spurte dei. ”Kven skal undervisa?”
”Det skal de gjera. Du skal læra dei!” svarte John.
Dei fnyste av vantru og rista på hovudet. ”Men vi veit ikkje koss vi skal gjera det!”
”Eg kan læra dykk kva de skal gjera! Vi startar med ein gong. Det er veldig enkelt. Kvar ein av dykk har dykkar eiga forteljing av korleis de vart frelste. Skriv det ned på eit papir!”
John bad dei å lesa forteljinga høgt for seg sjølve fem gongar. Etterpå måtte dei fortelja kvarandre koss dei vart kristne.
Det neste var at alle vart bedne om å skriva ei liste over alle dei personleg kjende som ikkje var frelste, og dei skulle ta til med slektningar og venner. Dei fleste kunne lista opp 50, 60 eller 100 og fleire.
”Del dei inn i grupper på fem,” sa John. ”Finn dei på markene, på arbeid, heime, eller kor som helst. Bed dei heim til deg og del frelseshistoria di med dei!”
Å trena trenarar
Han kom tilbake to veker seinare for å sjå kva som hadde hendt. Bare 11 av bøndene hadde fortald historia si med andre. Han bad desse 11 om å fortelja om opplevingane sine for å oppmuntra dei andre. Fleire hadde delt vitnemålet sitt med to eller tre menneske; ein hadde vitna for elleve!
Så utfordra John ”dei tause 19” til å gje vitnemålet sitt til folk dei hadde på lista si, - eller ikkje å bry seg om å koma til neste treningssamling! Resten starta han å læra ein serie av enkle bibelske sanningar som dei kunne læra vidare til andre og trena dei til å trena andre til å gjera det same.
I januar 2001, to månader etter det starta, hadde 20 små husforsamlingar vakse fram! Fire månader etter det, møttest 327 husforsamlingar med 4000 nydøypte og nyfrelste kristne i 17 byar. Ved slutten av det året møttest meir enn 12000 nye kristne for å tilbe og få trening i 908 husforsamlingar!
”Vi trenar ikkje lærarar. Vi trenar trenarar,” forklarer John. ”Ein generasjon lærer opp og trenar den andre generasjonen, og denne andre generasjonen lærer opp og trenar den tredje generasjonen. Måndag kan du trena ei gruppe, tysdag ein anna gruppe, og torsdag ei tredje gruppe. Dess fleire du trenar dess fleire forsamlingar har du.”
Ein gammal bonde tok utfordringa og starta meir enn 100 husforsamlingar på eit år! Han står opp kl 05.00 kvar morgon og har to timar med Bibel og bønn, arbeider på jorda si til kl. 17.00. Han bruker så to timar med familien sin før han går til grupper av folk han trenar. ”Eg arbeider på Guds åkerjord fram til midnatt,” seier han stolt!
Forsamlingar plantar forsamlingar
John sette i gang den same prosessen i ein drabantby i eit industriområde i nærleiken. Mange av arbeidarane kom frå distrikta rundt industristaden og budde i arbeidsbrakkar på arbeidsplassen.
”Dei et, arbeider og søv på industriområdet,” seier han. ”Kvar brakke har plass til mellom åtte og tolv menneske. Dei er ofte einsame. Om ein av dei vert kristen, kan han vinna alle i brakka for Jesus!”
Dei kristne trenarane ”mista” ein fabrikkarbeidar. Det var ein nyfrelst arbeidar dei hadde trena til å læra opp andre. Ein dag var han berre borte!
”Etter seks månader fann vi han att,” fortel John. ”Han hadde vorte flytta til ein annan stor fabrikk med 10,000 arbeidarar. I løpet av desse seks månadene hadde han starta 70 små grupper og sett 10 generasjonar av reproduksjon, - forsamlingar plantar forsamlingar som plantar forsamlingar!”
Sommaren 2003, mindre enn tre år etter at 30 trøytte bønder lytta til ein misjonær dei trudde var sprø, var det ei stor rørsle av forsamlingsplanting på gang! 9,300 husforsamlingar var starta og meir enn 104,000 nyfrelste var døypte!
Ein enkel men god måte
Kva var det som hendte?
Bønn er ein nøkkel til å forstå det.
Nød for sjelers frelse.
Visjon og oppdrag med klare mål.
Enkle sanningar, enkle treningsmåtar.
Folk som er villige å verta trena.
Å gjera rekneskap og stå til ansvar.
Kvar ufrelst er ein potensiell kristen, kvar ny kristen er ein læresvein som skal verta trena og sendt!
Misjonæren John gledde seg tidlegare over at ei ny forsamlinga vart starta i året. Han tvilte på om det gjekk å starta ei forsamlingsplantingsrørsle, - heilt til han såg det med sine eigne auge!
”Jesus sa, GÅ! Han bad oss om å gjera folk til læresveinar, ikkje berre medlemmar i ei kyrkje! Vi trenar alle til å verta trenarar. Det er det det handlar om! Det er veldig enkelt, men det er ein god måte for det verkar!”
”Det gjeld å trena trenarar som ikkje berre evangeliserer, gjer folk til læresveinar og startar forsamlingar, men som trenar andre til å gjera det same som dei gjer og dermed starta ein kjedereaksjon,” forklarer John som ein god misjons strateg. ”Det gjeld å få i gang ei grasrotrørsle som veks av seg sjølv!”
Andre historier
Ein misjonær vann ein student for Jesus. Han lærte studenten ikkje berre koss han skulle dela evangeliet med andre, men også koss dei kunne dela evangeliet med andre igjen. Fleire hundre vart kristne som ei frukt av det i løpet av få månader.
Ein annan misjonær evangeliserte og trena språklæraren sin. Han vann ei hushjelp for Jesus, som vann mannen sin for Herren, som vann svigerforeldra sin for Jesus, noko som vart etterfølgd av under og forfølging. Etter seks månader var det forsamlingar i meir enn 20 landsbyar i eit stammefolk kor det før ikkje var nokon kristne!
Ein evangelist arbeidde med fleire grupper av forsamlingsplantarar som starta eit nettverk av forsamlingar i eit stammefolk. Etter seks månader var ein ny generasjon av forsamlingar født fram. Dei også reproduserte seg og etter atten månader var tredje generasjon født fram!
Kjenneteikn på forsamlingsplantarrørsler
Dei vert ofte født i ein atmosfære av oppbrot, endring, forandring, utrygge forhold eller kaos. I tider kor alt flyt og er usikkert søkjer folk faste haldepunkt og ønskjer å tilhøyra eit fellesskap.
Dei som plantar nye forsamlingar møter ofte forfølging, men deira frimodig tru og vilje til å lida for Jesus tiltrekkjer andre. Husforsamlingsleiarar må ofte gå gjennom mange vanskar på grunn av trua si. Men deira frimodige tru og mangel på frykt, smittar over på alle dei andre!
Teikn og under, å sjå folk verta friske ved Guds kraft, er det normale, - ikkje unntaket! I ei undersøking sa 10 av 11 at dei hadde personleg opplevd eit under eller kjende nokon som hadde vorte friske som svar på bønn. Teikn og under følgjer dei som startar nye forsamlingar!
Heile familiar, slekter og nettverk av venner vert ofte kristne i tur og orden når folk får den rette opplæring. Ein må ta sikte på heile grupper av menneske som kjenner kvarandre ikkje berre arbeida for å vinna enkelt individ som ein tek ut or den sosiale og kulturelle samanhengen deira!
Nye kristne vert sett til teneste med ein gong! I India planta ein eldre mann 42 husforsamlingar det første året han var kristen! Ingen fortalde han at han måtte få spesialtrening først! Å verta sett i arbeid med påfølgjande oppfølging er regelen, ikkje langvarig disipling og trening først! Dei nye kristne vert haldne ansvarlege og må gjera rekneskap for koss dei set undervisninga ut i livet med ein einaste gong!
Erich Bridges,