Previous month:
May 2004
Next month:
July 2004

7 entries from June 2004

Ei ny tid med velsigning

Vi var samla til bønn og eg opplevde at Gud kviskra i hjarta mitt: Dette er ei tid med velsigning. Eg vart glad og fylt med glede og undring: Korleis vil du velsigna Herre? Eg vart ståande for Guds åsyn med venting og sitrande spenning i meg. Gud kjem med velsigning, - det er godt og herleg når velsigninga frå Gud flyt mellom menneske. Medan eg grunda på dei orda som brann seg inn i hjarta: dette er ei tid med velsigning, såg eg brått eit bilete, eit syn i mi ånd.

Continue reading "Ei ny tid med velsigning" »


Å forstå tida vi lever i

Vi treng ei rett forståing av tida og samfunnet vi lever i
Det er viktig at vi som kristne forstår tida og samfunnet vi lever i så vi kan fullføra vårt guddommelege oppdrag. Vi er i verda underlagt dei same lover og vilkår som alle andre menneske. Vi vert påverka av trender og motar av ulike slag og dei gjeldande verdinormer i samfunnet har lett for å verta våre. Likevel må vi aldri gløyma at vi ikkje er av denne verda, vi høyrer heime i den komande verda – det evige Guds rike. Å leva som borgarar av to verdenar skaper spenningar i den kristne, mellom kristne og mellom kristne og ikkjekristne. Kristne menneske har opp gjennom tidene valt ulike måtar å møta verda på. Nokre har trekt seg unna for å ha minst mogeleg kontakt med verda, andre har drive krig mot alt denne verda står for, og atter andre har late verda med sine skiftande normer og verdiar forma si tru og bibelforståing.

Continue reading "Å forstå tida vi lever i" »


Å leva i Guds nærvær

Heile kristenlivet handlar om å leva nær Gud, om å leva med Gud i kvardagen. Det handlar om å stiga fram for Gud og oppleva hans nærvær. Salme 139 viser oss klårt og tydeleg at Guds nærvær kan opplevast alle stader. Vi kan ikkje gøyma oss for Gud, vi kan ikkje rømma for Gud. Han omgjer oss alle stader. Uansett kva stoda vi er i, om vi har medgang eller motgang, Gud er der. Han er oss alltid nær, jamvel når vi ikkje ser han eller kjenner hans nærvær, så er han der. Dette er for stort til å fatta, men likevel er det sant, Gud er nær og han kan opplevast!

Continue reading "Å leva i Guds nærvær" »


Det er alltid vilkår knyta til profetiske ord eller syner

Herren gav profeten Jeremia innsikt i korleis Herren tenkjer i samband med dei lovnader eller domsord han gjev profetane å bera fram. Jeremia vart beden om å gå til keramikaren som arbeidde med leire på dreieskiva si. Då han kom dit, stod han og såg korleis krusmakaren forma kar, det eine etter det andre. Han såg då at det hende at nokre kar vart mislukka, og at kunsthandverkaren då tok til på nytt og laga eit anna kar. Kunstnaren var ikkje snar til å gje opp, men prøvde om att og om att å forma eit kar slik han ville ha det.

Continue reading "Det er alltid vilkår knyta til profetiske ord eller syner" »


Å stå i Herrens fortrulege råd

Å sjå syner og høyra ord frå Gud er i Det gamle testamentet først og fremst knyta til profetane. Dei var meir enn talsmenn for Gud, dei stod for Guds åsyn, dei tok del i Herrens råd (2.Mos.4,15; 7,1-2; Jer.15,19; 23,18). Det var ikkje mange som til kvar tid hadde denne funksjonen. Det var tider kor Herrens lampe nesten hadde slokna. Det var tider kor det var sjeldan med syner og få ord kom frå Herren til folket. Profetane som stod i Herrens råd og difor kunne bera fram ord frå Herrens munn, var alltid få samanlikna med folketalet. Då dei 70 eldste kom i profetisk glød og bar fram Herrens ord, vart denne profetiske bønna født i Moses:
”Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren ville leggja sin Ande på dei!" (4.Mos.11,29)

Continue reading "Å stå i Herrens fortrulege råd" »


Gud talar gjennom syner

Gjennom heile Bibelen ser vi at Gud gjorde seg kjent for menneske gjennom syner. Det står om Abram at Herrens ord kom til han i eit syn (1.Mos.15,1), det same finn vi også når det gjeld profetane. Det var deira evne til å ”sjå” Guds ord som gjorde at dei vart kalla sjåarar (1.Sam.9,9). I innleiinga til Jesajaboka finn vi dei same uttrykka. Denne boka inneheld dei syner som Jesaja fekk eller såg (Jes.1,1), eller det ordet som Jesaja såg eller fekk i eit syn (Jes.2,1). Når vi så les profeten Jesaja med desse orda i tankane, er det lett å sjå at profeten skildrar det han har sett i eit profetisk og poetisk biletspråk. Forfattaren av Krønikebøkene kallar Jesajaboka for ”Synene åt profeten Jesaja” (2.Krøn.32,32), noko som understrekar både det visuelle og det visjonære elementet i profetorda hans.

Continue reading "Gud talar gjennom syner" »