Å tolka dei profetiske skriftene
Å stå i Herrens fortrulege råd

Gud talar gjennom syner

Gjennom heile Bibelen ser vi at Gud gjorde seg kjent for menneske gjennom syner. Det står om Abram at Herrens ord kom til han i eit syn (1.Mos.15,1), det same finn vi også når det gjeld profetane. Det var deira evne til å ”sjå” Guds ord som gjorde at dei vart kalla sjåarar (1.Sam.9,9). I innleiinga til Jesajaboka finn vi dei same uttrykka. Denne boka inneheld dei syner som Jesaja fekk eller såg (Jes.1,1), eller det ordet som Jesaja såg eller fekk i eit syn (Jes.2,1). Når vi så les profeten Jesaja med desse orda i tankane, er det lett å sjå at profeten skildrar det han har sett i eit profetisk og poetisk biletspråk. Forfattaren av Krønikebøkene kallar Jesajaboka for ”Synene åt profeten Jesaja” (2.Krøn.32,32), noko som understrekar både det visuelle og det visjonære elementet i profetorda hans.

Herren seier sjølv til Moses at syner og draumar er ein svært vanleg måte for Gud å tala til profetane på. Dette er ikkje noko stort i seg sjølv, det er faktisk betre når Gud talar rett fram med Moses, ansikt til ansikt:
Høyr kva eg, Herren, seier: Er det ein profet hjå dykk, vender eg meg til han i syner og talar til han i draumar. Men så er det ikkje med Moses, min tenar, han er trufast i heile mitt hus. Han talar eg med, åsyn til åsyn, klårt og greitt, ikkje i gåter; Herrens skapnad får han sjå. Korleis kunne de då våga å tala mot Moses, min tenar? (4.Mos.12,6-8)
Å sjå med attlatne augo
Når Guds Ande kjem over profeten Bileam (som dessverre ikkje er noko førebilete for oss på grunn av si synd) skildrar han kva han opplever med desse orda: ”så seier mannen med attlatne augo, så seier han som høyrer ord ifrå Gud og får syner frå Den Allmektige, der han sit med klårsynte augo” (4.Mos.24,3-4; sjå også 24,15-17). Legg merke til dei ulike uttrykka han bruker her: Han har attlatne augo, men ser med klårsynte augo, har høyrer ord frå Gud, han tek imot kunnskap frå Den Høgste og får syner frå Den Allmektige. Når han så ber fram si profeti seier han, ”eg ser”, ”eg skodar”, og ved å skildra det han ser, ber han fram ordet, bodskapen frå Gud. Kunnskapen har får frå Gud, dei orda han høyrer frå Gud, synest å vera knyta til dei syner han får frå den Allmektige.
Å høyra er å sjå
Når vi kjem til slutten av dommartida og Samuel gjer teneste for Herren medan Eli hadde tilsyn med han, er det ei tid med liten profetisk aktivitet. Denne tida vert skildra på denne måten: ”I dei dagar kom det sjeldan ord frå Gud, og av syner var det få” (1.Sam.3,1). På nytt ser vi at ord frå Gud og syner er knyta saman, det var få syner og kom sjeldan ord frå Gud på den tida. Difor var det på tide å reisa opp ei ny profetisk røyst. Vi kjenner forteljinga om korleis Herren ropa på Samuel, som sprang til Eli for å høyra kva han ville. Samuel kjende ikkje Herren, for Herrens ord var endå ikkje openbara for han (1.Sam.3,7). Tre gonger vart Eli vekt før han skjøna at det var Herren som kalla på Samuel! Eli fortalde han kva han skulle gjera neste gong han høyrde Guds røyst, han skulle seia: ”Tala, Herre, tenaren din høyrer!” Samuel gjer det Eli sa og var i stand til å høyra frå Gud. Når eg har lese denne forteljinga, har eg heilt til no bare forstått dette som noko Samuel høyrde, men når Bibelen omtalar det som hendte, vert hendinga kalla eit syn (sjå 1.Sam.3,15). Grunnen må heilt enkelt vera, trur eg, at det å høyra ord frå Gud er å sjå kva Gud vil. Å oppleva at Herren talar, er å ha eit syn, for orda frå Guds munn skaper visjonar i oss, dei gjev oss formidlar bilete om kva Gud vil gjera.
Skaper profetordet syner eller profeterer profeten det han ser?
Det er også interessant å merka seg det som vert sagt om den profetien Natan bar fram om Davids hus og kongedømme. Vi vert fortald at Herrens ord kom til Natan (2.Sam.7,4). (Dette er det uttrykket som dei fleste profetane bruker for å skildra korleis Herren tala til dei). Då Natan hadde bore fram Herrens ord til David, finn vi denne oppsummeringa: ”Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David” (2.Sa.7,17). I forteljinga om profeten og det ordet han ber fram, høyrer vi ingenting om at han ser noko, men når han har bore fram profetien, vert det også sagt at han har bore fram eit syn! Kan det vera slik å forstå at profetordet skaper synet eller formidlar ein profetisk visjon, i dette tilfelle ein visjon om Davids ætt og kongedømme? Eller er det slik å forstå at profeten fekk ordet gjennom eit syn og profeterte det han såg?
Ein ting er heilt sikkert, Gud talar til sitt folk gjennom syner. Salmisten seier det slik: ”Ein gong tala du i eit syn til dei som var true mot di pakt” (Sal.89,20). Det er ikkje slik å forstå at det var bare ein gong Gud tala i eit syn til dei trufaste, men at ein gong tala han det ordet som følgjer i eit syn til dei som var true mot hans pakt. Når vi les Bibelen verker det vera svært vanleg for Gud å tala til folket sitt gjennom syner.
Profetsyn hjelper oss til å vera styrt av Guds ord
Faktisk er det slik at utan slike syner, eller openbaring som det står i vår norske Bibel, fer folket vilt, eller kastar av seg taumane som styrer dei, så dei vert ustyrlege og gjer det dei vil til sin eigen undergang (sjå Ord.29,18). 1938 utgåva seier det slik: ”Utan profetsyn vert folket agelaust; men sæl er den som held lova”. Dette verset understrekar kor viktig det er at vi er styrt av visjonar frå Gud, visjonar som er knyta til ei profetisk openbaring av Guds plan og vilje. Desse visjonane og synene vil vera i samsvar med Guds ord i Bibelen og hjelpa oss til å halda Guds lov. Dette viser oss kor viktig den profetiske tenesta er i vår tid.
Profetane vil hjelpa oss til å venda om frå menneskelege meiningar og vanleg synsing. Dei vil hjelpa oss til omvending frå eit sjølvsentrert liv til ei heilhjarta overgjeving til å gjera Guds vilje. Difor skaper ekte profetisk forkynning vekking slik vi til dømes ser det gjorde gjennom profeten Haggai si forkynning! Herren sendte han med eit ord om å slutta å byggja sine eigne hus medan Guds hus låg i røys. Det var eit ord om å setja Gud først og byggja Guds hus på Guds måte. Gjennom denne profetiske forkynninga vekte Gud ein slik iver hjå både leiarane og folket at dei kom og arbeidde på huset åt sin Gud (Hag.1,3-15). Seinare ser vi at profetane ved sine ord sette mot i folket slik at deira gode forsett om å byggja det huset Gud ville ha, vart sett ut i livet og tempelet vart fullført (Esra 5,1-2; 6,14-15).
Falske profetar ber fram syner frå sitt eige hjarta
Profeten Jeremia stod i ein hard åndskamp der han kjempa mot dei falske profetane som bar fram syner frå sitt eige hjarta og ikkje ord frå Herrens munn (Jer.23,16). Landet var fullt av ekteskapsbrytarar, både prestar og såkalla profetar var gudlause som stødde og styrkte ugjerningsmenn, så ingen vende om frå si vonde framferd. Det moralske forfallet var slik at dei hadde vorte som Sodoma, og Guds dom venta dei. Likevel vanvørde dei falske profetane Herrens ord ved å seia til folk som levde urett: ”Det skal gå dykk vel” (sjå Jer.23,10-17). Dessverre er mange prestar og biskopar i dag i rolla som falske profetar som ber fram syner frå sitt eige hjarta og ikkje frå Herren! Dei velsignar menneske som lever i strid med Guds ord og set dei jamvel til teneste i kyrkja!
Slik som dei falske profetane på Jeremia si tid, har dei ikkje vore i Herrens fortrulege råd så dei kunne sjå og høyra orda hans. Dei har ikkje akta på ordet og bøygd seg for det Gud har sagt (Jer.2318NB). Det er verdt å merka seg at dei som går inn for Gud, inn i hans nærvær, inn i hans fortrulege råd, både vil sjå og høyra Guds ord! Høyr kva som kjenneteiknar dei som har vore i Herrens råd og sett og høyrt Guds ord:
Men hadde dei vore med i mitt råd, då hadde dei forkynt mine ord for mitt folk og fått det til å venda om frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar. (Jer.23,22)
Sanne syner fører til omvending
Ein som har sett syner frå Gud og høyrt ord frå Herrens munn, vil alltid forkynna ordet til omvending frå synd og innviing til eit heilagt liv! Det er det same som ligg i det apostelen Paulus seier: ”Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst” (1.Kor.14,3). Å leva i Guds nærvær og å stå i Guds råd inneber at ein kjenner Gud som heilag, streng, rettferdig, trufast, god, nådig, langmodig og miskunnsam. Den som kjenner Gud vil forstå at Guds kjærleik aldri kan brukast til orsaking for å bryta med hans heilage vilje slik han er openbara for oss i Bibelen.
Det er rett at folk skal kunna få syner, rettleiing og råd frå leiarane sine (Esek.7,26), men då må desse leiarane halda seg til Guds ord og leva nære Gud. Det er bare folk som lever nært Gud, menneske som har del i hans fortrulege råd, som får del i sanne syner, trygg rettleiing og gode råd. Israelittane var så vane med folk som fortalde syner dei hadde dikta opp sjølve, at dei hadde eit ordtak som sa: ”Dagane går, og alle syner slår feil” (Esek.12,22). Gud seier til profeten Esekiel at han vil gjera ende på dette ordtaket, for tida er nær då alt som er openbara i syner, skal oppfyllast (Esek.12,23). Det skal vera slutt på svikefulle syner og falske profetiar. Det ordet Herren talar skal setjast i verk og ikkje setjast ut lenger (Esek.12,24-25).
Israels-ætta seier: "Det synet han har, gjeld langt fram i tida; det er fjerne tider han spår om." Difor skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Det eg har sagt, skal ikkje setjast ut lenger. Når eg talar eit ord, skal det setjast i verk, lyder ordet frå Herren Gud (Esek.12,27-28).
Profetordet er eit no-ord
Paulus skildrar ein heilt annan røyndom enn den stoda Esekiel er i, når han skriv til korintarane. Han skildrar oppfyllinga av det Gud tala til Esekiel, at ordet frå Guds munn vert sett i verk med ein gong. Han seier at i Guds menighet er det å høyra frå Gud og tala ord frå Gud noko som er ope for alle som trur, både kvinner og menn. Han oppmodar alle til å søkja å tala profetisk for profetordet har ein god verknad på alle som høyrer det, til og med dei utanforståande vert påverka av profetord. Ord frå Gud vil alltid avsløra det som menneske ber i hjarta sitt.
Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller utanforståande, då vil han kjenna seg klaga og dømd av alle. Dei løynde tankane i hjarta hans kjem for dagen. Og han vil kasta seg ned, tilbe Gud og ropa ut: "Gud er sanneleg mellom dykk!" (1.Kor.14,24-25)
Jamvel om eit profetord handlar om noko Gud vil gjera i framtida, har det alltid noko å seia oss i dag. Profetordet er alltid Guds no-ord til oss! Talar ordet om komande dom, må vi venda om i dag så vi slepp unna dommen. Lovar ordet framtidig velsigning og storverk, må det driva meg til å leva rett i dag så eg kan få del i det gode Gud vil gjera. Israelittane på Esekiels tid hadde så mange ”profetar” som profeterte av eiga lyst og følgde sine eigne tankar og ikkje hadde hatt syner frå Gud. Desse profetane bar fram falske syner og løgn profetiar. Gud kallar desse falske profetane for ”kalkstrykarar” (Esek.22,28). Dei avslørte ingen ting med orda sine, ingen kjende seg klaga og dømd av det dei sa. Dei bygde ingen mur, dei gav inga vern med synene sine, men dei bare strauk kvit kalk over rotenskapen ved å forkynna fred og ingen fare, alt medan dommen var overhengande nær.
Profeten kler synene sine i ord frå Gud og orda frå Gud formidlar visjonar om Guds plan
Esekiel fortel oss om mange av dei synene han såg og om ting han opplevde i syner. Han er faktisk ein av dei som talar om syner meir enn dei fleste. Det er difor interessant å leggja merke til hjå han og, korleis ord og syner frå Gud heng saman. Han får ofte ord frå Gud gjennom syner kor Gud talar til han. Like eins vert profetord han ber fram omtala som eit syn frå Gud.
I det trettiande året, den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, hende det at himmelen opna seg, og eg fekk sjå syner frå Gud. Den femte dagen i månaden - det var i det femte året etter at kong Jojakin var bortført -kom Herrens ord til presten Esekiel, son til Busi, attmed Kebar-elva i Kaldea. Herrens hand kom over han der. (Esek.1-2)

Legg merke til at desse to versa omhandlar same hending, noko som skjer den femte dag i månaden. Det første verset seier at Esekiel fekk sjå syner frå Gud, men neste vers som skildrar same hendinga seier at Herrens ord kom til han. Ved eit seinare høve seier han at Herren openbara ord for han i det synet han hadde:
Ånda lyfte meg opp og tok meg med til dei bortførte i Kaldea. Dette hende ved Guds Ande, i eit syn. Så vart det borte for meg, det synet eg hadde hatt. Og eg tala til dei bortførte alle dei ord som Herren hadde openbara for meg i synet. (Esek.11,24-25)

Det er mest slik at ein får inntrykk av at å sjå syner og få ord frå Gud er det same (Esek.12,26-28). Like eins er det å ha svikefulle, falske eller tome syn synonymt med å bera fram falske spådommar eller profetiar og seia ”Så lyder ordet frå Herren” (Esek.12,24; 13,1-3, 6-9). Dei falske profetane har ingen ord frå Gud fordi dei ikkje har hatt syner, dei følgjer bare sin eigen hug
Vi ser at profeten kler synene sine i ord frå Gud og at orda frå Gud formidlar syner eller visjonar om Guds plan. Gud seier gjennom profeten Hosea:
Eg tala til profetane. Eg lét dei få syner i mengd og tala i likningar gjennom dei. (Hos.12,11)
Dette synest å vera stoda: Gud talar, når han talar let han profetane få syner i mengd, så dei gjennom ordbilete og samanlikningar kan bera fram bodskapen frå Gud til menneske. Eller kan det vera at Gud let profetane sjå syner som han talar til dei gjennom, slik at han gjennom dei likningane dei ber fram, kan tala til folket? Eller kan det vera at begge ting hender?
Bøkene til profetane Obadja og Nahum har mest den same innleiinga: ”Dette er synene åt ..”. Men vi finn inga vanleg skildring av syner, men profetiske bodskap. Hjå profeten Daniel er alt annleis. Der finn vi mange syner skildra på ein nøyaktig måte med mange detaljar. Daniel opplever seg som tilskodar til store profetiske hendingar som vert oppfylt over ei lang tid, samstundes som han kan snakka med englar han ser i synet. Dei kan forklara meininga med det han ser. Andre gonger ser han syner, men forstår ikkje meininga med det same, jamvel om han prøver alt han kan å tyda det han har sett. Då sender Gud ein engel til han for å forklara synet for han (sjå Dan.7-12).
Profetane Amos og Mika seier at dei fekk orda sine gjennom syner (Amos 1,1; Mika 1,1). Når vi les desse bøkene, ser Mika ut til å vera ei samling av profetord, utan skildring av noka syn. I Amosboka finn vi mange profetiar og fleire syner skildra. Når profeten ser synene, samtalar han med Herren som tyder det han ser for han (sjå Amos 7-9).
Skriv synet opp – gjer det lett tilgjengeleg
Profeten Habakkuk seier at han vil stå på vakt, han vil stella seg på post og speida og sjå kva Herren vil tala til han (Hab.2,1). Bakgrunnen for dette er at profeten ikkje forstår Herrens handlingar i si samtid. Han stig fram for Gud med sine mange spørsmål om kvifor Gud let trulause og gudlause menneske lukkast i å slukja dei rettferdige. Hjartesukket hans er: ”Gud, kvifor grip du ikkje inn?” ”Kor lenge skal eg ropa og ikkje få svar?” Det er som han stig inn i Herrens fortrulege råd, der avgjerd vert tekne og lagnaden til land og folk fastsett. Då gav Herren han dette svaret:
Skriv synet opp, rita det inn på tavler, så folk kan lesa det lett! For synet ventar på si tid, det jagar mot enden og slår ikkje feil. Og om det dryer, så venta bare! Det kjem for visst, det vert ikkje borte. (Hab.2,2-3)
Men den rettferdige skal leva ved si tru. (Hab.2,4)
For jorda skal fyllast med kunnskap om Herrens herlegdom, liksom vatnet dekkjer havsens botn. (Hab.2,14)
Når Herren svarar profeten, seier han at han må skriva opp synet og gjera det lett tilgjengeleg for folk. Det kan vera at det tek tid før alt er oppfylt, men synet slår ikkje feil, Herren vaker over ordet sitt for å setja det i verk. Det han såg var dette: Dei stolte og gudlause menneske og nasjonar vil få sin dom når tida er inne. I mellomtida skal den rettferdige leva ved si tru, det betyr, som apostelen Paulus seinare forklarer for oss, at det bare er ved tru på Jesus Kristus at vi kan verta rettferdige for Gud. Enden vil ikkje vera elendig, det er ikkje dei gudlause som skal vinna og få det siste ordet, men Guds gode plan vil verta fullført. Då skal heile jorda fyllast med kunnskap om Herrens herlegdom, liksom vatnet dekkjer havsens botn. Det er fantastiske perspektiv over det synet profeten Habakkuk såg! Heile jorda skal fyllast, ingen stad skal vera urørt. Det finnest ingen turr flekk på havsens botn, det skal heller ikkje finnast ein stad på jorda kor kunnskapen om Guds herlegdom i Jesus Kristus ikkje strålar fram frå dei som er rettferdiggjort ved tru! Så langt eg kan fatta, må det innebera verdensvid vekking!
I endetida vil syner vera vanleg
Profeten Joel ber fram ein profetisk visjon om endetida, som apostelen Peter bruker om det som hendte på pinsedag og siterer med desse orda:
I dei siste dagar skal det henda, seier Gud, at eg renner ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord, dei unge mennene skal sjå syner, og dei gamle mellom dykk skal ha draumar. Jamvel over trælane og trælkvinnene mine vil eg renna ut min Ande i dei dagar, og dei skal tala profetisk. Og kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. (Ap.gj.2,17,18,21)
Vi skal seinare sjå nærare på denne profetiske visjonen, no skal vi bare slå fast at i dei siste dagar, når Anden vert utrend, skal Gud framleis tala gjennom profetord, syner og draumar. I apostelgjerningane har vi mange forteljingar om korleis Gud talar til menneske gjennom syner. Vi har all grunn til å tru at det dei første kristne opplevde av slike ting, bare er ei lita spire av det som skal nå sin fulle vokster og fullending i endetida.
Dette ordet som Joel bar fram gjer profetord, syner og draumar til noko heilt vanleg, noko som er for alle menneske. Uansett kva slags status ein har i samfunnet, om ein er ung eller gammal, om ein er træl eller fri, om ein er mann eller kvinne, så vil ein i endetida som er Andens tidsalder kunna høyra frå Gud og bera fram ord og syner som viser menneske kva Guds plan er.
Syner frå Gud var vanleg hjå dei første kristne
Ein læresvein som heitte Ananias, ein from mann som hadde godt ord på seg (Ap.gj.22,12) fekk praktisk rettleiing i eit syn om kva han skulle gjera og korleis Gud ville bruka den nyomvende Saulus frå Tarsus (Ap.gj.9,10-16). Herren hadde i eit syn alt førebudd Saulus på at Ananias skulle koma, men det visste ikkje Ananias om. Ananias gjekk på grunnlag av synet han fekk til den adressa han hadde fått oppgjeve. Han la hendene på Saulus, som då fekk synet att. Han profeterte så over han og døypte han.
Den fromme Kornelius fekk også i eit syn rettleiing om kva han skulle gjera: å senda bod på apostelen Peter, som skulle forkynna ord til frelse for han og heile hans hus (Ap.gj.10,3-8; 11,13-14). Vi kjenner alle til at Gud også gav Peter eit syn kor han gjorde det klårt for han at Gud ikkje gjer skil på folk og at han skulle verta med til Kornelius og gå inn i hans hus. Dette synet frå Gud hjelpte Peter til å bryta med sine jødiske fordommar. Det var godt at han sette tradisjonane til sides for å følgja den rettleiing han fekk i synet. Det er verdt å merka seg at han fekk dette synet medan han var for seg sjølv i bønn! Det er også interessant å merka seg, at han ikkje med ein gong forstod meininga med synet han såg, men grunda på det. Det som hendte etter han hadde fått synet, var med på å hjelpa han til å forstå meininga med det. Etter som han let seg leia av Anden og gjekk i lydnad mot det han hadde sett, fekk han djupare innsikt og større skjøn i kva Gud ville seia gjennom synet!
Paulus fekk konkret leiing gjennom eit syn
Apostelen Paulus var og ein av dei som fekk leiing gjennom syner. Han gjorde fleire forsøk på å reisa til stader som trong å høyra evangeliet, men Anden hindra han i å fullføra det han hadde planlagd! Det var først gjennom eit syn om natta at han og alle som var med han, skjøna at Gud hadde kalla dei å forkynna evangeliet i Europa og ikkje i Asia på det tidspunktet (Ap.gj.16,6-10). Då han var komen til Korint og møtte motstand frå jødane, tala Herren på ny til han i eit syn, for å oppmoda han til å verta verande der i byen, for mange menneske skulle verta frelste gjennom hans teneste der (Ap.gj.18,9).
Når Paulus står for kong Agrippa og vitnar om livet og tenesta si, samlar han alt opp i dette utsegnet:
Difor, kong Agrippa, har eg ikkje vore ulydig mot det himmelske synet. Men eg har forkynt, fyrst i Damaskus og Jerusalem, sidan i heile Judea og for andre folkeslag, at dei må gjera bot og venda om til Gud og gjera gjerningar som svarar til omvendinga. (Ap.gj.26,19-20)
til denne dag har Gud hjelpt meg, og no står eg her og vitnar for høg og låg, og eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle henda: at Messias skulle lida, at han skulle vera den fyrste som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna ljoset både for vårt folk og for folkeslaga. (Ap.gj.26,22-23)
”Eg har ikkje vore ulydig mot det himmelske synet!” Dette peikar tilbake til den openbaringa han hadde av Jesus Kristus på vegen til Damaskus. Det var der Jesus synte seg for han og kalla han til teneste. Det han opplevde at Herren tala til han personleg gjennom dette synet, det stadfesta Ananias for han då han bar fram for han det Gud hadde tala til han i eit syn. Likevel synest Paulus her å utvida forståinga av det himmelske synet til å vera, ikkje bare noko han har sett og opplevd personleg, men til å vera den himmelske visjonen av Messias som Moses og profetane forkynte! Det er bare når våre personlege syner og visjonar, vert ein del av det himmelske synet av Jesus Kristus som Guds ord syner oss, at dei er meiningsfulle og verdt å følgja!

Comments