Å stå i Herrens fortrulege råd
Å leva i Guds nærvær

Det er alltid vilkår knyta til profetiske ord eller syner

Herren gav profeten Jeremia innsikt i korleis Herren tenkjer i samband med dei lovnader eller domsord han gjev profetane å bera fram. Jeremia vart beden om å gå til keramikaren som arbeidde med leire på dreieskiva si. Då han kom dit, stod han og såg korleis krusmakaren forma kar, det eine etter det andre. Han såg då at det hende at nokre kar vart mislukka, og at kunsthandverkaren då tok til på nytt og laga eit anna kar. Kunstnaren var ikkje snar til å gje opp, men prøvde om att og om att å forma eit kar slik han ville ha det.

Medan Jeremia såg på dette, tala Herren til han og forklarte at det alltid er vilkår knyta til det Gud seier. Sjølv om Gud gjev klare lovnader til sitt folk om dei gode ting han vil gjera, kan Guds folk ved si oppførsel gjera at Gud endrar sitt gode forsett. Vi har sett at Gud kan endra sine planar om å senda straffedom over enkelt personar, ein by, eit land og eit folk, om dei audmykjer seg og vender om frå si vonde ferd. No gjer Herren det klart for profeten, at ingen profetiske syn eller utsegn automatisk vert oppfylte. Dei profetiske orda eller synene, viser kva Gud har sett seg føre å gjera og kva som kjem til å henda, om det ikkje hender noko i mellomtida som gjer at Herren endrar planane sine.
Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde. Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det.
Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta. Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei. (Jer.18,7-10)
Dette gjer at vi aldri bør verta sjølvtrygge, same kor gode ord som har vorte tala over oss, eller kor sterke syner folk har sett om oss, eller kor store visjonar vi ber på. Synene frå Gud er meint å driva oss til Gud i bønn, innviing og eit heilagt liv. Det Josva sa til Israelsfolket før dei skulle gå over Jordan og innta det lova landet, gjeld for oss i dag og når vi skal få lovnader frå Gud oppfylt: "Helga dykk no! For i morgon vil Herren gjera underfulle ting mellom dykk" (Josva 3,5). Dette må vi ha i tankar kvar gong vi høyrer nokon bera fram helsingar med lovnader frå Gud. Skal Herren gjera dei underfulle ting som vert lova, må vi helga oss.
Profeten Jeremia levde i samsvar med denne livslova. Han måtte bera fram mange tunge domsord mot Guds folk, men også herlege lovnader om gjenreising og komande velsigning. Han er ofte kalla den gråtande profeten av di han så ope fortel om sine eigne kjensler. Med sorg i hjarta såg han at folket vendte seg bort frå Gud og vraka hans ord. Han kjende seg nedbroten, tyngd av ei ulækjande sorg, hjarta var sjukt og han ønskte å gråta dag og natt (sjå Jer.8,18-9,1). Gråtande av medkjensle bar han fram tunge domsord med von om at folket ville akta på ordet og venda om frå si vonde ferd.
Jeremia slo seg ikkje til ro med å bera fram domsord eller lovnader om framtidig velsigning. Han gjorde det som alle som verkeleg høyrer frå Gud vil gjera. Han gjekk i forbønn for folket. Han stod for Guds åsyn og tala deira sak. Han freista å venda Guds harme bort frå dei (Jer.18,20). Til hans store sorg verdsette folket ikkje denne forbønnstenesta hans.
Profetord eller syner er ikkje noko som automatisk går i oppfylling. Det verkar som dei av og til har til formål å få folket til å søkja Gud. Det er Guds hjartelag å frelsa og berga. Difor åtvarar han folket om korleis det vil gå om dei held fram i si synd. Dommen er ikkje fastlåst, men kan endrast om folket endrar si ferd:
Kanskje vil dei då høyra og venda om, kvar og ein frå si vonde ferd. Og så skal eg endra min plan og spara dei for den ulukka eg har tenkt å senda over dei fordi dei har bore seg så ille åt. (Jer.26,3)
Herren vil endra sin plan og spara folket for den ulukka han har truga med om folket let si åtferd og gjerningar betrast. Vi ser dette i det han gjorde for folket på Juda-kongen Hiskias tid. Han hadde age for Herren, då profeten Mika frå Moresjet åtvara heile Juda-folket, og han bad inderleg om nåde. Då endra Herren sin plan og sparte heile folket for den ulukka han hadde truga med (Jer.26,17-19).
Det ser ut som om det ligg eit serleg ansvar på dei som ber fram ord frå Gud om å be dette ordet gjennom til oppfylling slik at Herren kan endra sin domsplan og heller lata velsigning koma over folket. Det er alltid Guds ønskje å frelsa og berga og ved å gå i forbønn i samsvar med profetiske ord og syner kan vi vera med å sjå folk verta frelste og å leva i alt det gode Gud lovar dei som tener han.
Men er dei profetar, er Herrens ord med dei, så lat dei be inderleg til Herren, Allhærs Gud, (Jer.27,18)
Er dei profetar, vil dei forstå alvoret i stoda, og dei vil be! Har nokon Herrens ord, vil dei forstå at dei treng å be. Det er alltid vilkår knyta til profetiske ord og syner. Om folket vender om, kan Herren endra sin plan og halda straffedommen attende. Like eins kan det henda at det vert uråd for Herren å gjera dei gode ting han hadde planlagd å gjera av di folket ikkje gav akt på ordet og levde rett.
Å sjå syner eller å bera fram profetord er bare halve jobben. Med alle profetiske ord og syner følgjer det eit bønnearbeid som må gjerast. Faktisk er det også slik at ikkje alle ting Gud syner oss skal berast fram offentleg, men heller driva oss i bønn! I Det nye testamentet vert dette kalla å strida i samsvar med profetordet.
Å strida i samsvar med profetordet
Det er Paulus som bruker dette uttrykket, når han lærer Timoteus å strida den gode striden, i tru og med godt samvit (1.Tim.1,18-19). Paulus minner sin kjære venn og medarbeidar om det kall som er over livet hans. I samsvar med profetiske ord formanar han sin ektefødde son i trua om å forkynna evangeliet, for det er den oppgåve han har fått å gjera. For å kunna fullføra si teneste og sjå alt som Herren har tala til han oppfylt, seier Paulus at Timoteus må støtta seg til profetorda og strida i samsvar med dei.
Dette inneber heilt enkelt at han stadig må minna seg sjølv på det Herren har lova, så han kan verta styrt av Guds vilje og kall over livet sitt. Det inneber og at han stadig må minna Herren om det han har lova å gjera, og be uavlatande om at Herren må oppfylla lovnadene sine. Det er det same profeten Jesaja seier, når han talar om å ikkje unna seg noka ro, men minna Herren om lovnadene, heilt til dei er oppfylt:
På murane dine, Jerusalem, set eg vaktmenn. Dei skal aldri teia, ikkje heile dagen og ikkje heile natta. De som minner Herren, unn dykk inga ro! Og gjev han inga ro før han byggjer Jerusalem opp att, og før han gjer henne til ein lovsong på jorda! (Jes.62,6-7)
Då kong Hiskia i sin sjukdom fekk eit ord frå Herren, gjennom profeten, at han skulle verta frisk, ser vi at han tok ordet til seg. Han let ordet frå Gud styrkja seg i sitt indre, og så bad han Gud gjera det han hadde lova å gjera:
Han gav meg ein lovnad og har gripe inn. .. Herre, ved dette (dine ord) får menneske liv, det held mi ånd i live. Så gjer meg då frisk, og lat meg få leva! (Jes.38,15-16)
Vi ser at David gjorde det på same måte. Han tok vare på Guds ord. Han handla på Guds ord. Han løfta Guds ord opp til Gud att og minna han på det han hadde sagt, og bad han gjera det han hadde lova:
Høyr meg, Herre, når eg ropar, ver meg nådig og svar meg! Eg kjem i hug at du har sagt: "De skal søkja mitt åsyn." Herre, eg søkjer ditt åsyn. (Sal.27,7-8)
Når vi går inn for Guds åsyn, er det til hugnad for Gud at vi minner han på lovnadene han har gjeve. Når vi står i Herrens råd, treng vi å kunna trekkja inn Guds ord, for å venda bort Guds vreide, eller for å framskunda hans velsigning.
Kongens venn og rådgjevar
Joel si profeti om at Den Heilage Ande skulle rennast ut over alle menneske, både unge og gamle, menn og kvinner, opnar opp store perspektiv for oss. Det handlar om ei ny tid som skal koma med den nye pakta. Då ville alle kunna stå i Herrens råd, noko som inneber at dei ville kunna høyra frå Gud og dei ville kunna gå i forbønn og gje råd om kva Gud burde gjera. Det er i dette lyset vi må forstå det Jesus sa til læresveinane sine:
”Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk venner, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt frå Far min.” (Joh.15,15)
Alle som har fått del i den nye pakta i Jesu Kristi blod, dei som ved trua på Jesus har vorte fødde på ny, har fått det privilegium å ta del i Herrens Råd. Vi kan alle ha eit ord med i laget, ved å be i samsvar med Guds vilje! Vi skal ikkje vera uvitande tenarar som bare blindt utfører ordrar utan å vita kva Herren vår eigentleg held på med. Nei, Jesus kallar oss venner, han fortel oss alt Gud gjer, gjev oss innsikt i Guds plan.
Kongen sin beste venn, var hans næraste rådgjevar (sjå 1.Kong.4,5; 2.Sam.15,32-17,15; 1.Krøn.27,33). Dette gjev ny meining til det som vert sagt om Abraham, at han var Guds venn (sjå Jak.2,23; 2.Krøn.20,7; Jes.41,8; 1.Mos.18,17). Som Guds venn fekk han innsikt i kva Gud hadde tenkt å gjera, og som Guds venn kunne han gje han råd, prøva å få han til å endra sitt forsett. Som Guds venn steig han nærare og gjekk inn i ein alvorleg dialog med Herren.
Ved trua på Jesus Kristus har vi som før var langt borte og utanfor paktene, kome nær til. Vi er ikkje lenger framande eller utlendingar, vi er innafor, vi har vorte Guds paktsfolk, vi er Guds husfolk, vi er Guds venner. Vi har no tilgjenge like fram for Guds åsyn, for kongsstolen. Kongen kallar oss sine venner og rådgjevarar! Det vi løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen. Det vi bind på jorda, skal vera bunde i himmelen! Jesus seier dette i samband med å forstå kva slags kyrkje han bygg og korleis vi som kristne lever i hans nærvær når vi er eitt (Matt.16,16-19; 18,15-20). Når vi lever rett saman som Guds venner, som lemmer på Kristi lekam, då har våre bønner stor kraft og verknad.

Comments