Gud talar gjennom syner
Det er alltid vilkår knyta til profetiske ord eller syner

Å stå i Herrens fortrulege råd

Å sjå syner og høyra ord frå Gud er i Det gamle testamentet først og fremst knyta til profetane. Dei var meir enn talsmenn for Gud, dei stod for Guds åsyn, dei tok del i Herrens råd (2.Mos.4,15; 7,1-2; Jer.15,19; 23,18). Det var ikkje mange som til kvar tid hadde denne funksjonen. Det var tider kor Herrens lampe nesten hadde slokna. Det var tider kor det var sjeldan med syner og få ord kom frå Herren til folket. Profetane som stod i Herrens råd og difor kunne bera fram ord frå Herrens munn, var alltid få samanlikna med folketalet. Då dei 70 eldste kom i profetisk glød og bar fram Herrens ord, vart denne profetiske bønna født i Moses:
”Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren ville leggja sin Ande på dei!" (4.Mos.11,29)

Profeten Joel såg fram til den Messianske tidsalderen som også skulle vera Andens tidsalder. Då skulle Anden rennast ut over alle menneske. Både unge og gamle, kvinner og menn ville då kunna tala profetisk, sjå syner og ha draumar frå Gud. Det vil seia at det skulle koma ei tid då alt Herrens folk var profetar av di Herren hadde lagt sin Ande på dei. Bønna til Moses ville verta oppfylt! Det er ingen løyndom for bibeltruande kristne at i den nye pakta som Jesus er opphavet til, vert tidlegare tiders bønner og visjonar verkeleggjort. Den Heilage Ande har kome, Guds folk er eit profetisk folk. Det er ikkje lenger bare nokre få som kan stå i Herrens fortrulege råd. På grunn av Jesu Kristi blod kan kvar einaste truande stiga fram for Guds kongsstol, - som er nådens kongsstol, og finna nåde til hjelp i rette tid for dei vi ber for. Til og med i den gamle pakt var det slik at dei ærlege, dei som ottast Herren hadde fortruleg samfunn med han og fekk rettleiing i pakta (Sal.25,14). Det fortrulege samfunnet med Gud, det å kunna stå i Herrens råd, er noko alle kristne er kalla til å ta del i.
Vi treng å sjå kva det inneber, dette å stå i Herrens råd. Å stå i Herrens råd er ikkje bare å vera i Guds nærvær og ta imot ord og rettleiing frå han. Når vi les i Bibelen finn vi at det inneber noko mykje meir aktivt enn bare å ta imot. Å stå i Herrens råd er å ta del i himmelske rådslåingar. Det er å vera med å påverka Herren i dei vedtak han kjem fram til. Faktisk kan menneske som står i Herrens råd, få Gud til å endra sitt forsett! Det er difor Herren ikkje gjer noko før han har rådslått med tenarane sine: ”For Herren Gud gjer ikkje noko utan at han har openbara sitt råd for tenarane sine, profetane” (Amos.3,7). Det er alltid Guds hjartelag å berga og fria ut or vanskar, men ofte er stoda slik at Guds heilage harme og vreide er tend, så straffedommen må koma. I slike stoder ser det ut til at Gud tek tenarane sine med på råd!
Det er ein svimlande tanke, at små menneske kan påverka den Allmektige Gud! Bibelen gjev oss fleire døme på at det skjer! Her er nokre av dei:
Abraham ”forhandla” med Gud for å berga Sodoma
Syndene i Sodoma var store og klagemåla mot byen steig opp til Gud. Men før dommen over byen kunne utførast, seier han til seg sjølv: ”Skulle eg dølja for Abraham det eg vil gjera?” Han fortalde Abraham om planane sine og gav Abraham høve til å koma med sine tankar. Abraham gjekk då nærare og tok til å drøfta denne stoda med Herren. På ein respektfull måte gjev han sine råd til Herren og oppmodar han til å spara byen. Han tok utgangspunkt i Guds rettferd og spurte om det kunne vera rett å øydeleggja dei rettferdige med dei gudlause. Gud som dømer all jorda, må jo gjera det som er rett! Han spurte om ikkje Gud kunne spara byen om han fann ei viss mengd rettferdige menneske der. Han tok til med femti rettferdige og forhandla seg ned til ti. Gud gjekk med på å spara byen for dei ti rettferdige si skuld om dei fanst. Dessverre var stoda i Sodoma så alvorleg at byen ikkje kunne reddast, men den rettferdige Lot og hans to døtre vart berga.
Denne hendinga gjev meining til det rådet Gud gav Abimelek om Abraham: ”Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Så bed han for deg, og du får leva.” (1.Mos.20,7). Abraham, profeten, stod i Herrens råd. Bønnene hans kunne avgjera liv og død!
Moses berga folket frå øydelegging
Moses levde i eit nært forhold til Gud. I si profetiske teneste var han eit førebilete på Jesus, den profeten som Gud skulle reisa opp i dei siste dagar. Moses tala med Gud som ein mann talar ansikt til ansikt med ein annan mann. Han steig opp på Guds fjell og tok imot Herrens lov, han åt og drakk for Guds åsyn og tok del i rådslåing i Herrens råd. Han var ikkje bare ein som tok imot opplysningar om kva Gud hadde sett seg føre å gjera, men på grunnlag av innsikt i Guds brennande harme og den foreståande dommen, gjekk han i forbønn og gav Gud råd om å endra planane sine!
Medan Moses var på Sinai fjellet og tok imot lova, vart folket lei av å venta og fekk laga seg ein gullkalv som dei dansa rundt og tilbad (2.Mos.32,1-6). Då sa Gud i sin harme at han ønskte å gjera ende på dei, for Israelsfolket var eit stridlyndt folk (2.Mos.32,7-9). Legg merke til ordlyden han bruker: ”Lat no meg få råda, så skal eg sleppa harmen min laus og gjera ende på dei! Men deg vil eg gjera til eit stort folk" (2.Mos.32,10). Men Moses var ikkje villig til å la Gud få råda i dette tilfelle! Han naudbad Herren om å endra planane sine og argumenterte så godt for sitt syn at Herren følgde dei råd han gav! ”Då angra Herren på den ulukka han hadde tenkt å føra over folket sitt” (2.Mos.32,14). Når vi les denne forteljinga i Andre Mosebok får vi inntrykk av at dette vart avgjort på kort tid, kanskje ein halv times bønn, men Femte Mosebok gjev oss ei anna historie. Her ser vi at Moses låg på kne for Herrens åsyn i førti dagar og netter og bad Herren om nåde for folket (sjå 5.Mos.9,25). Denne forbønnstenesta bar rik frukt, Gud høyrde bønna hans og gav han den han bad om. Moses kunne så gå ned frå fjellet, han kunne stiga ned frå Herrens råd og hjelpa folket til omvending og bot, så dei kunne ta imot nåde frå Gud (2.Mos.32,19-35).
Noko liknande hendte ved Kadesj-Barnea, då folket i vantru nekta å gå inn i landet på grunn av dei negative tilbakemeldingane som nokre av speidarane gav. Då dei i tillegg ville steina dei som trudde Gud og sa at dei ved hans hjelp kunne innta landet, då synte Herrens herlegdom seg i møteteltet. Og Herren sa til Moses at no ville han slå folket med pest og driva dei ut. Så ville han gjera Moses til eit større og sterkare folk enn dei ulydige israelittane. Moses gjekk då i rette med Herren og sa at dette kunne han ikkje gjera. Han argumenterte så godt for sitt syn (sjå 4.Mos.14,13-19) at Herren endra sitt forsett. Moses bad Herren å tilgje folket, og Herren svara slik: ”Eg tilgjev dei på ditt ord” (4.Mos.14,20). Men heile den ulydige ætta døydde under vandringa i øydemarka utan å koma inn i landet. Det var den nye generasjonen som inntok det landet Gud hadde lova israelsfolket.
Ikkje lenge etter hendinga ved Kadesj-Barnea gjorde 250 leiarar opprør mot Moses (4.Mos.16,1-3). På ny loga Herrens harme opp mot folket og han ville tyna dei på ein augneblink. Då kasta Moses seg ned og gjekk i forbønn for folket at dei ikkje måtte lida på grunn av syndene til desse leiarane. Så bad han folket skilja seg frå opprørarane og overlet dei til Herrens dom. Jorda opna seg og slukte dei tre som tok initiativet til opprøret saman med familiane deira. Eld for ut frå Herren og brende opp dei andre 250 leiarane som hadde teke del i opprøret. Dagen etter tok heile Israelsfolket til å murra mot Moses og sa at det var han som hadde drepe Herrens folk. Då tala Herren til Moses og sa han ville tyna heile folket og det braut ut ein pest mellom folket. Då Moses såg kva som var i ferd med å henda, fortalde han Aron kva han kunne gjera for å gjera soning for syndene åt folket. Aron gjorde som Moses sa, og då stansa pesten. Fordi Moses kjende Herren og stod i hans råd kunne han både gje råd som Herren lydde på, og han kunne gje råd til menneske om å gjera dei rette tinga, slik at Gud ville visa miskunn! Visdoms Boka skildrar dette på denne måten:
Din vreide varte ikkje lenge, for ein ulastande mann kom raskt til hjelp. Han kjempa for dei med dei våpen som var gjeve han i hans teneste: forbønn og sonande røykjelse, slik forsvarte han dei mot din vreide og gjorde ende på ulukka, så det vart tydeleg for alle at han var din tenar.
Ikkje med store krefter og ikkje ved våpenmakt overvann han Guds beiske harme, nei, bare ved eit ord overvann han han som straffa. Han minna han om lovnadene og paktene som var gjevne til fedrane. (Visdoms Boka 18,20-22)
Å stella seg i gapet
Gjennom profeten Esekiel viser Gud oss at det er hans hjartelag å berga, men at hans heilage rettferd krev ein dom. Av di Gud ønskjer å frelsa, leitar han etter menn og kvinner som kan byggja ein mur og stella seg i rivnene til forsvar for landet, så det ikkje skal verta øydelagd (sjå Esek.22,30-31). ”Eg leita etter ein mann, men eg fann ingen som kunne forsvara landet, difor let eg mi vreide gå ut over dei.” Dette er Guds hjartesukk. Han ønskte å berga, men avdi det ikkje fanst eit einaste menneske som gjekk i forbønn for folket, kunne han ikkje frelsa dei frå domen. Det er kanskje vanskeleg å fatta dette, at eit menneske som steller seg i gapet og byggjer ein bønnemur, kan berga ein heil nasjon. Likevel gjer vi vel i akta på ordet frå Gud og sjå det ansvar vi som Guds folk har for land og folk. Deira framtid ligg i hendene på dei som ber!
Det er det same prinsippet vi finn uttrykt i desse orda frå Gud:
Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, gjer seg lite og mjukt og bed, søkjer meg og vender om frå si vonde ferd, så vil eg høyra det i himmelen, tilgje synda deira og bøta brestene i landet. (2.Krøn.7,14)
Audmjuk bønn har stor kraft og verknad! Ein heil nasjon kan bergast og verta lækt om Guds folk audmykjer seg og bed!
Profeten Amos fekk Herren til å endra sitt forsett
Det er profeten Amos som har fortalt oss at Herren Gud gjer ikkje noko utan at han har openbara sitt råd for tenarane sine, profetane (Amos 3,7). Det er tydeleg at Amos skjønar at dette inneber meir enn passivt å ta imot informasjon om det som skal henda. Det å få del i Herrens råd, inneber også eit ansvar for å gje råd til Herren gjennom forbønn for å berga folket. Vi ser dette tydeleg i kapittel sju i Amosboka. Herren let profeten få sjå eit syn om grashopper som åt opp alt graset.Profeten forstod med ein gong kva dette tydde. Då gjekk Amos i forbønn og bad Gud tilgje folket, for elles ville det ikkje kunna berga livet. Då endra Herren sitt forsett og sa: ”Det skal ikkje henda!”
Så såg profeten eit nytt syn: Herren kalla elden til strid. Han slukte det store havet og heldt på å eta opp landjorda. Før profeten hadde sett elden gjera ferdig si gjerning, skjøna han kor det bar hen, og han ropa til Gud om nåde: "Hald opp, Herre Gud! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?" Då endra Herren sitt forsett. "Heller ikkje det skal henda," sa Herren Gud (Amos 7,5-6).
Dette viser oss at vi ikkje skal ha ei fatalistisk haldning til syner og profetord frå Gud. Når vi får innsyn i Guds forsett og plan, har vi eit ansvar for å gje Gud ei tilbakemelding i form av forbønn eller råd. Når vi står i Herrens råd, når vi lever nære Gud, kan vi påverka Gud til å endra eller å fullføra det han har tala! Det er ein svimlande tanke, som er så godt underbygd frå Guds ord, at vi har ikkje lov å trekkja oss unna ansvaret som følgjer med!
Profeten Jona – eit dårleg førebilete
Vi kjenner alle forteljinga om profeten Jona, som rømde frå Guds kall, men som vart innhenta av Gud som sendte den store fisken som slukte han og seinare spydde han på land. Motvillig reiste han til Ninive og bar fram Herrens ord, som var eit svært konkret domsord: ”Om førti dagar skal Ninive leggjast i grus!”
Då folket i Ninive høyrde dette ordet, trudde dei Gud. Dei lyste ut faste og kledde seg i botsdrakt. Då kongen fekk høyra om dette, reiste han seg frå tronstolen sin og tok av seg kongekåpa. Han kledde seg i botsdrakt og sette seg i støvet. Så sende han ut kongelege bodberarar til å kunngjera ein nasjonal bots- og bønne-dag som skulle omfatta både store og små, både menneske og dyr. Tanken hans var at om alle ropa til Gud av all si makt og vende om frå si vonde ferd, ”kan hende då Gud vil endra sin plan og halda att sin brennande vreide, så vi ikkje går til grunne” (Jona 3,9)
Det var nett slik det gjekk. Då Gud såg at dei vende om frå si vonde ferd og ropa til han om nåde, endra han sin plan og sende ikkje den ulukka han hadde varsla (Jona 3,10).
Men Jona var meir oppteken av sitt rykte som profet, enn det som låg på Guds hjarta, nemleg å berga. Difor vart han brennande harm og gjekk inn i Guds råd og argumenterte mot det Gud hadde gjort. Det var redselen for at profetien hans ikkje skulle gå bokstaveleg i oppfylling, som låg bak då han rømde frå Guds kall. ”For eg visste at du er ein nådig og mild Gud, langmodig og rik på miskunn, og at du kan endra din plan, så du ikkje lèt ulukka koma” (Jona 4,2). No ville han bare døy, men Gud gav han ikkje noka medhald i klagene sine.
Jona hadde gått ut or byen og bygd seg ei lauvhytte for å sjå korleis det gjekk med byen. Der let Herren ein ricinus-busk veksa opp og kasta skugge over Jona, så han kunne verta kvitt mismodet sitt. Jona hadde stor glede av denne busken. Så let Herren busken visna, ein brennande vind blåsa og sola skina med stikkande varme, så han vart heilt utmødd. På ny ønskte han bare å døy.
Då tok Gud til å tala Jona til rettes med desse orda: "Du ynkast over ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fått til å veksa, som kom til på ei natt og vart øydelagd på ei natt. Skulle så ikkje eg ynkast over Ninive, den store byen, der det finst meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje kan skilja mellom høgre og venstre, og ei mengd med dyr?" (Jona 4,10-11)
Profeten Jona var sjølvoppteken, han tenkte bare på seg sjølv. Han kjende ikkje Guds hjartelag, han ynkast ikkje over folket slik Gud gjorde. Han var meir oppteken av sitt eige rykte, enn folket sitt ve og vel. Om vi ikkje har det same huglaget som var i Herren Jesus, så vi kjem som tenarar som elskar folk slik han gjorde, kan vi føra dom over oss sjølve når vi talar Herrens ord.

Comments