Å leva i Guds nærvær
Kva Guds ord seier om dei siste tider

Å forstå tida vi lever i

Vi treng ei rett forståing av tida og samfunnet vi lever i
Det er viktig at vi som kristne forstår tida og samfunnet vi lever i så vi kan fullføra vårt guddommelege oppdrag. Vi er i verda underlagt dei same lover og vilkår som alle andre menneske. Vi vert påverka av trender og motar av ulike slag og dei gjeldande verdinormer i samfunnet har lett for å verta våre. Likevel må vi aldri gløyma at vi ikkje er av denne verda, vi høyrer heime i den komande verda – det evige Guds rike. Å leva som borgarar av to verdenar skaper spenningar i den kristne, mellom kristne og mellom kristne og ikkjekristne. Kristne menneske har opp gjennom tidene valt ulike måtar å møta verda på. Nokre har trekt seg unna for å ha minst mogeleg kontakt med verda, andre har drive krig mot alt denne verda står for, og atter andre har late verda med sine skiftande normer og verdiar forma si tru og bibelforståing.

Jesus bad ikkje om at Gud måtte ta oss ut or verda, men at han måtte vara oss frå alt det vonde i verda. Han lærte læresveinane sine at dei var lyset og saltet i verda, at dei var redninga for verda. Difor sendte han dei ut for å gjera alle folkeslag til hans læresveinar. Han lærte dei ikkje å leva i ein religiøs getto, men i den verkelege verda. Ved sitt døme synte han dei at dei burde ta del i menneskelivet i alt sitt mangfald. Jesus brydde seg om folk, men tok lite omsyn til menneskelege grenser. Han let seg ikkje setjast i bås. Han gjekk i fine selskap hjå dei religiøse rettruande og fromme, men sa heller ikkje nei til å eta og drikka i lag med syndarar og tollarar. Han kunne gjera det av di han kjende folk og visste kva dei trong mest av alt: kjærleik. Eller kan henda endå viktigare var det at han visste kvifor han var komen til verda. Han kjende Guds vilje for livet sitt, han visste at han hadde eit oppdrag å fullføra, - eit arbeid å gjera.
Vi kan bare tolka det vi ser i tida og samfunnet rett, om vi kjenner Guds plan og hensikt for verda vi lever i. Å forstå at Gud har ein plan, som han arbeider etter og som vil verta fullført, er ein nøkkel i seg sjølv til å kunna forstå det som hender i verda. Bibelen seier at Gud gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje (Ef.1,11). Det vil seia at historia har eit mål. Med dette som utgangspunkt vil vi kunna sjå Guds finger der vi elles bare ville ha sett djevelen! Gud hadde ein plan med å skapa verda og alt som er i henne. At ein fiende har sått ugras i åkeren, at ein vond motstandar gjer alt han kan for å motarbeida Guds gode plan, kan likevel ikkje endra Guds forsett eller hindra han å gjera det han har sett seg føre. At den vonde finnest og tilsynelatande har så stort spelerom som han synest å ha, gjer det ofte vanskeleg for oss å forstå korleis Gud kan få gjennomført alt han har sagt han vil gjera. Når vi les dei siste sidene i Guds bok, ser vi at alt likevel endar slik Gud har sett seg føre – i herlegdom!
Det vil hjelpa oss å forstå det som hender i verda om vi kjenner Guds apostoliske og profetiske no-ord. Gud seier at han ikkje gjer noko utan at han har openbara sitt råd, sin plan, for tenarane sine, profetane (Amos 3,7). Det nye testamente seier at i denne tida vi lever i no, har Gud openbara den løyndomen som i tidlegare ætter har vore løynd for sine heilage apostlar og profetar (Ef.3,2-11). Dei er berarar av ei forståing av Guds plan med kyrkja som Jesu lekam som alle andre kristne treng å få del i. Apostlar og profetar har ei gåve frå Gud til å forkynna Guds ord og evige råd inn i si notid, som er så viktig for å kunna forstå kva Gud gjer i vår tid.
Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! (Op.2,7,11,17,29; 3,6,13,22). Det Jesus ønskte å seia til kyrkjelydane i Litle Asia vart formidla gjennom apostelen Johannes. På same måte treng vi åndeleg dømekraft til å ta imot frå apostlar og profetar som forkynner Guds ord til kyrkjelydane i vår tid. Vi treng framfor alle ting å høyra frå Gud for å kunna forstå hans vurdering av stoda og gjera hans vilje så alle ting kan koma i rett skikk.
Dersom vi lever i frisk salving og openbaring – lydnad – ser vi kva Gud gjer (Joh.5,19-20). Når vi lever nære Gud og forstår kor avhengige vi er av Den Heilage Ande, vil vi sjå på det som hender i verda i eit nytt lys og kunna forstå det som kan sjå uforståeleg ut.
Å forstå si gjestingstid
Vi les i Det gamle testamente om dei mange gruppene som samla seg rundt David for å gjera han til konge. Dei hadde ulike ting som sermerkte dei og som gjorde at dei vart til hjelp for David så han kunne tena Guds plan i si levetid. Om Jissakars søner står det at dei skjønte seg på tidene så dei visste kva Israel hadde å gjera (1.Krøn.12,32). Eg trur at det som står om Jissakars søner er veldig viktig for oss å fatta. Dei skjønte seg på tidene og dei visste kva som var rett å gjera. Det er ikkje nok å kunna analysera tida og samfunnet vi lever i, vi må kunna trekkja dei rette slutningane av kunnskapen vår. Det er dette som i Bibelen kallast visdom, å kunna gjera det rette! Ei rett forståing krev rett handling! Her treng vi hjelp frå Den Heilage Ande til sann innsikt og ferdige gjerningar så arbeidet vårt kan bera frukt som varer.
Jesus gråt over Jerusalem og det jødiske folket som ikkje skjønte si gjestings tid (Luk.19,44). Dei forstod ikkje at dei levde i ei tid då det profetiske ordet gjekk i oppfylling rett framføre augo deira. Difor tok dei helle ikkje imot det Gud gjorde i deira levetid. Dei audmjuka seg ikkje, dei vende ikkje om. Difor fekk dei ikkje del i Guds velsigning, fordi dei ikkje skjønte seg på si gjestings tid. Må Gud sjå i nåde til oss så vi ikkje vert så sjølvtrygge at vi avviser Anden fordi han kjem på ein annan måte enn den vi hadde forestilt oss.
Ester var ei ung jente som med livet som innsats redda eit heilt folk frå undergang. Ho hadde fått dronningrang og kunne vel ikkje nå høgare menneskeleg tala. Ho hadde all grunn til å vaka over si stilling og ikkje setja si framtid på spel ved vågale tiltak. Då ho fekk høyra om dei vonde planane om å utrydda folket hennar, vart ho forfærd og lamslegen. Om ho ikkje gjorde noko ville nok ho og verta eit offer for ugjerningsmennene som ville øydeleggja folket hennar. Gud kunne nok ha funne ein annan måte å berga folket, men likevel kunne ho og hennar ætt verta utrydda. Då Mordekai, fosterfaren og onkelen hennar sa: ”Kven veit om det ikkje er med tanke på ei tid som denne at du har fått dronningrang” (Est.4,14), visste Ester kva ho hadde å gjera. Ho innsåg at ho var plassert av Gud der ho var i si høge stilling, ikkje bare for sjølv å nyta alle dei privilegia ho hadde, men for å fremja Guds sak. Ho visste at ho for ei tid som denne måtte vera villig til å ofra alt for å berga dei utvalde. Må Gud hjelpa oss til å skjøna kva tida i dag krev av oss.
I dommarboka les vi om mange vanlege menneske som gjorde storverk. Dei vart bergingsmenn som fria folket frå øydeleggjande undertrykking. Desse kvinner og menn har gått inn i historia som heltar. Når vi ser nærare etter finn vi at dei har ein ting felles ut over det å vera vanlege folk som ikkje på nokon måte skilde seg ut reint menneskeleg. Ehud, Sjamgar, Debora, Gideon, for å nemna nokon av dei, har det til felles at dei forstod kva tida kravde av dei då Den Heilage Ande kom over dei. Dei greip det høvet dei vart gjevne. Dei brukte det som var for handa. Dei utnytta det kvardagslege til å gjera storverk. Bodskapen deira til oss i dag er: Carpe Diem – Grip Dagen!
Mange menneske skal finna frelse i vår tid
Vi opplever ei ny gjestings tid frå Herren. Ei ny bølgje av Guds nærvær reiser seg i desse dagar. Bølgja stig, ei ny rørsle har starta, ei ny tid vert født, det er oppdrift – framdrift! Det er tid til å ri den nye bølgje av Guds velsigning og nærvær. Herren har stege ned, han gjestar sitt folk. Han har kome som svar på bønn. Han har kome for å gjera det han har lova. Mange menneske skal finna frelse i vår tid! Vi har grunn til å venta vekking, men ikkje venta at det skal verta som i ”gamle dagar”. Folk skal verta frelst i hopetal, men det treng ikkje verta ved store vekkingsmøte som før i tida. Om mange nok kristne vitnar og vinn ein for ein vert det fort store tal! Lat oss ikkje spekulera i koss ting skal henda, men trufast gå til menneske rundt oss med Guds ord og Guds nærvær, så skal vi sjå varige frukter i form av ekte omvendingar.
Rette handlingar kjem av å høyra og forstå kva Anden seier til kyrkjelydane. Det er ei enkel og fornuftig oppfølging av apostolisk forkynning, lære og strategi. I det høge og heilage bur Gud, og hjå den som er knust og nedbøgd i ånda. Gud er til stades både i store og små samlingar, både i det høgtidelege og det kvardagslege. Vi treng å koma saman med alt Guds folk til store samlingar kor vi opplever den opphøgde Gud som tronar på lovsongen frå sitt heilage folk, og vi treng å møta Guds nærvær hjå kristne søsken i eit tett og nært fellesskap. Høgtidstemd glede i store gudstenester for heile menigheten og den ekte og sprudlande gleda over kva Gud gjer mellom oss i dei nære forholda i cellegruppa er to sider av same sak og er begge to like nødvendige for framgang og vokster.
Apostolisk strategi
Gud har gjeve oss strategien: multiplisering ved at kvar kristen forkynner for ein ny kvar veke. Det vil føra til vokster. Når vi bryr oss nok om menneske til å forkynna evangeliet for dei, vil menneske verta frelst. Evangeliet om krossen er Guds kraft til frelse og dette er den måte Gud har sett seg føre å gjera ting på: å frelsa dei som trur forkynninga av Jesu død og oppstode. Det finnest ingen annan veg til frelse enn å høyra ordet om krossen og ta imot i tru. Utan forkynning av evangeliet kan ikkje menneske verta frelst!
Sjølvsagt må forkynninga førebuast gjennom inderleg bønn og understrekast av kjærleikshandlingar. Livet vi lever ropar så høgt at folk ikkje høyrer kva vi seier, om det ikkje er samsvar mellom liv og lære. Det må vera Kristi kjærleik som tvingar oss eller driv oss til å gå til våre medmenneske med evangeliet. Utan ekte kjærleik til folk vil orda våre bare vera som ein ljomande malm eller klingande bjølle. Det er når kjærleiken gjer oss oppfinnsame så vi møter praktiske behov hjå folk at vi opnar både øyra og hjarta for bodskapen vi har fått å forkynna.
Den apostoliske strategien for vår tid kan samlast i dei fem T-ane: Vi vil heile tida Tala til Gud om våre medmenneske for å TALA evangeliet til menneske der vi ferdast, både på arbeidsplassen og i nabolaget. Vi vil TILBE Jesus når vi er åleine og når vi kjem saman med andre kristne både i og utanom gudstenester og cellegruppesamlingar. Vi vil TILHØYRA kvarandre i eit trufast og jordnært fellesskap på tvers av alle menneskelege skilje. Vi vil ta ansvar for å TRENA nye kristne til å verta sanne og mogne læresveinar som vinn venner og kameratar for Jesus. Vi vil TENA våre medmenneske med Guds kjærleik overalt kor vi går og la dei åndelege gåvene vera i bruk slik at folk får sine behov møtt.
Vilkår for å få full utteljing av det vi gjer
Jesus talar om å bera god frukt, - mykje frukt og frukt som varer (Matt.7,17-19; Joh.15,2,4,5,8,16). Han gjer det også klart at god frukt kjem av å leva i livssamfunn med han. Skilde frå han kan vi ingenting gjera, for frukt kjem ikkje av våre aktivitetar og velmeinte gjerningar. Det går an å gjera mykje godt, og likevel få lite utteljing av innsatsen. Eg vil no nemna tre vilkår for å få gode resultat av arbeidet vårt.
1. Å ha eit rett fokus på Jesus
Frukt er heilt naturleg for den som lever i livsfellesskapet med Jesus. Vi ser dette synleggjort i forteljinga om Marta og Maria. Marta var oppteken av arbeid som måtte gjerast for Jesus, medan Maria var oppteken av Jesus. Vi kan gjera denne oppstillinga:
Nyttelaust strev:
Å gjera eit arbeid for Jesus
Å gjera noko for Jesus
Å venta at andre hjelper til med å gjera noko for Jesus
Å arbeida så hardt ein kan for Jesus på alle område
Å gjera alt ein kan for at Guds nærvær skal koma
Å få noko til å skje for Jesus – å hjelpa han
Å ha det så travelt for Herren at ein vert irritert når andre ikkje er like travle
Å gjera plikta si jamvel om det går ut over forholdet til andre menneske
Å først og fremst vera fokusert på det som må gjerast
Fruktbar kvile
Å koma inn i Jesu nærvær – stiga fram for Gud
Å sitja ved Jesu føter for å høyra kva han vil seia
Å skoda inn i Jesu Kristi herlege åsyn og venta at han kastar glans over livet
Å leggja av alle bører og kasta alle suter på Han som kan gjera meir enn alt
Å ta imot av hans nåde og kraft – venta at Jesus gjer alle ting vel
Å opna hjarta og la han røra ved oss på sin milde og mjuke måte
Å kvila i Jesu kjærleik og vera eit barn på Fars fang
Å gjera Jesu vilje frå eit hjarta som flyt over av glede over hans nærvær
Å først og fremst vera fokusert på Jesus – livsens opphav og kjelde

Med andre ord handlar det om å finna sin rette plass på Kristi lekam. Fruktbar teneste kjem av eit rett forhold til Jesus. Å vera til velsigning og oppbygging for andre, er å gjera det vi er sett til å gjera. Det er å finna den rette funksjonen – den oppgåve ein er kalla og utrusta til å gjera. Det er å arbeida ut av kvile, det er å la Gud få utfalda sin styrke gjennom oss. For å kunna leva slik er det nyttig å stilla seg sjølv desse spørsmåla når ein er for Guds åsyn i bønn:
• Kva har eg fått nåde til å gjera?
• Kva er eg salva til?
• Kva tek dei andre imot av meg?
• Kva krev stoda av meg?
• Kva vil Gud eg skal gjera?

2 Å ha eit rett forhold til andre kristne
Der er klare grenser for kva eit menneske kan gjera åleine, men det er ingen grenser for kva vi kan gjera saman (sjå 1.Mos.11,6). Å vera eitt i Jesu lekam og tala det same språket – kjærleiksspråket – vil gjera oss i stand til å utføra storverk. Vi treng kvarandre. Vi treng å vera på rett plass i forhold til kvarandre. Guds kyrkje, Jesu lekam, er ein organisme og ikkje ein organisasjon. Likevel ser vi at alt liv organiserer seg og former nettverk av celler som har ein funksjon saman.
Det trengst i dag ein ny organisering av kreftene, vi treng eit nytt og djupare samarbeid mellom kristne for å verkeleggjera ein felles visjon om vekking og stor innhausting for Guds rike. Ved å samla kreftene og bruka ressursane rett i samsvar med ein apostolisk strategi kan vi sjå heile bygder, byar og nasjonar verta omskapa. Ingen kristen kan gjera dette åleine, heller ikkje ein forsamling åleine. Vi er alle avhengige av kvarandre.
I Bibelen ser vi at samhald gjer Guds folk sterke og at samhandling ber rik frukt. Når Guds folk lever fredeleg saman, då flyt den gode salveolje som er på Kristus – Han som er Salva – ned på oss alle. Då byd Gud velsigning og liv å vera hjå oss i alt vi gjer så vi kan lukkast i alt vi tek oss føre. Når to og tre er samde om å be om noko, då gjer Gud under! Når vi har èin tanke og er eitt i hjarta og hug, vil Guds nærvær synleggjerast mellom oss på måtar som overgår det vi les om i Apostegjerningane!
Når vi står saman på rett måte og lever i rette forhold til våre kristne søsken vil vi kunna:
• utfylla kvarandre
• skjerpa kvarandre
• utvida kvarandre
• mangfoldiggjera kvarandre
Då vil det vera vokster og framgang på brei front og alle forsamlingane i ei bygd eller ein by vil veksa. Når kristne er eitt og elskar kvarandre vil verda tru, seier Jesus. Vi lurer oss sjølve om vi trur at Guds rike kan gå fram om vi kristne slåss mot kvarandre i staden for å stå skulder til skulder i kampen mot dei nedbrytande kreftene.

3 Eit rett fokus på misjonsoppdraget
Saman har vi som kristne fått eit misjonsoppdrag som gjeld heile verda og omfattar alle folkeslag. For å kunna fullføra oppdraget må vi stå saman og vi må ta til der vi bur og gjera dei som høyrer til vårt nettverk til læresveinar.
Det ligg på Guds hjarta at alle menneske skal verta frelste! Han vil ikkje at nokon skal gå fortapt. Difor sende han Sonen sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal fortapast, men ha evig liv. Menneskesonen kom for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det (Luk.19,10). Hausten er stor, grøda er rikeleg, seier han, men arbeidarane er få.
Det første vi må gjera er å be Gud driva ut arbeidarar, seier Jesus. Det er å be om at alle kristne forstår oppdraget som Jesus har gjeve oss. Det er å be om at alle kristne ser ansvaret dei har for at menneske rundt dei skal verta frelst. Det er å be om at alle kristne må forstå at ordet om krossen er den einaste Guds kraft til frelse. Det er ikkje frelse i nokon annan enn i Herren Jesus Kristus. Å be Gud driva ut innhaustingsarbeidarar er å be om at vi som kristne vert gripne av Gud hjartelag og hans kjærleik til menneska, så vi legg livet vårt ned for å vinna dei for Jesus.
Apostelen Paulus seier at vi framfor alle ting skal bera fram bøner, forbøner og takk for alle menneske (1.Tim.2,1-6). Å be for dei ufrelste er vårt første ansvar og må ha førsteplassen framfor alle andre ting vi gjer som kristne. Utan bønn kan ikkje misjonsoppdraget fullførast! Det er Jesu strategi at vi skal tala til Gud om menneska rundt oss før vi talar til dei om Gud! Paulus seier: ”Eg ber på ei stor sorg og ei stendig liding i hjarta mitt. For eg skulle ynskja at eg sjølv var bannstøytt og skild frå Kristus, bare det hadde gagna mine brør og landsmenn” (Rom.9,1-2). ”Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste” (Rom.10,1).
Det Paulus her seier er vanskeleg å fatta fullt ut, men ein ting sit vi att med, han hadde eit brennande ønskje om at hans landsmenn skulle verta frelste. Den nøden han kjende for frendane sine, dreiv han inn i inderleg bønn frå djupet av hjarta. Faktisk var det slik at det samlande fokus for alt Paulus gjorde var å vinna menneske for Jesus! Alt han gjorde hadde dette målet, at folk skulle verta frelst. Høyr kva han seier:
Endå eg er fri og ikkje træl for nokon, har eg gjort meg til træl for alle for å vinna så mange som råd. For jødane har eg vore som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vore som ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova. For dei som er utan lov, har eg vore som ein som er utan lov, så eg kan vinna dei, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men bunden av Kristi lov. For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i det minste kan frelsa nokre. (1.Kor.9,19-22)
Alt gjer eg for evangeliet skuld, seier han. I dag kallar Herren folket sitt til å ha det same fokus for alt dei gjer. Han ønskjer at vi skal leggja bak oss alt det kjøtelege og barnslege så vi kan gløyma oss sjølve og heller samla oss om misjonsoppdraget. Ved samla innsats og konsentrert bønn kan vi sjå bygder og byar venda om til Gud!
Når Paulus skriv til den nære medarbeidaren sin, Timoteus, seier han noko interessant: ”Gjer ein evangelists gjerning og fullfør di teneste!” (2.Tim.4,5). Det verkar som om han seier at ein bare kan fulløra si teneste når ein gjer ein evangelists gjerning. Grunnen til dette må vera at misjonsoppdraget gjeld alle kristne og det å vinna menneske for Gud må liggja i botn i alt vi gjer. Same kva teneste vi har, denne tenesta kan bare fullførast om vi også gjer ein evangelists gjerning!
Konsentrasjon om ein ting!
Jesus seier at ein ting er nødvendig, at vi må velja den eine gode delen, at vi må konsentrera oss om han – Menneskesonen som gav livet sitt som løysepenge for alle menneske. David seier at han ber om bare ein ting, det er bare ein ting han lengtar etter og det er å skoda Guds herlegdom i Guds hus, å sjå Guds herlege nåde i kristne søsken. Paulus seier at ein ting gjer han! Han gløymer det som er bak og jagar mot målet og tøyer seg fram mot sigersprisen! Han ønskjer heilt og fullt å koma inn i det Herren kalla han til, å forkynna evangeliet til frelse for alle menneske!

Comments