Kristne heimar er livsviktige!
Forventingar

Skapt for fellesskap

I det første kapittelet i Bibelen møter vi Gud som den allmektige Skaparen. Vi møter Gud som ein arbeidar som målretta arbeider for å skapa noko han kan gleda seg over. Etter som skaparverket skrid fram og vert meir og meir slik Gud vil ha det, oppdagar vi at det ikkje berre er ein person som tek del i arbeidet. Vi oppdagar at Gud er ein lagarbeidar. Vi ser at han talar til seg sjølv og planlegg kva han skal gjera. ”Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning!” (1.Mos.1,26)

Gud er treeinig. Han er tre i ein og ein i tre. Han er eit heilagt samfunn, ein heilag familie, Fader, Son og Heilag Ande. Heile hans skaparverk avspeglar dette mangfaldet i Gud. Mennesket vart skapt i Guds bilete for a avspegla Guds herlegdom. Mennesket vart ikkje skapt for å vera åleine, men vi vart skapt for fellesskap. ”Lat oss skapa menneske i vårt bilete … dei skal råda!” Ikkje før har Gud snakka om mennesket i sitt bilete før han talar om at det er eit fellesskap av menneske som kan representera han og avspegla hans natur og herlegdom. Det er ikkje godt for menneske å vera åleine, vi kan berre finna meininga med livet i eit fellesskap med Gud og andre menneske.
Kvar av oss er som ein bokstav i alfabetet. Vi representerer ein verdi i oss sjølve, men det er berre saman med andre vi kan uttrykkja det verdifulle på ein meiningsfull måte. Når vi vert set saman med og fungerer saman med ulike menneske kan vi uttrykkja eit mangfald av gode kjensler og verdiar. Ein e åleine seier ikkje mykje, men sett han saman med andre bokstavar, så kan han skapa både glede, fred, rettferd og helse!
Bibelen er full av formaningar til eit rikt fellesskapsliv. Lat oss skapa eit fargerikt fellesskap kor dei kreative kreftene i enkeltpersonar får utfalda seg til velsigning for alle! Lat oss difor streva etter det som tener til fred og oppbygging oss i mellom. Lat oss gløyma det som er bak og halda fram i same sporet som dei heilage før oss gjekk i, for å nå fram til ein mognad og einskap som avspeglar Guds herlegdom. Lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar. Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjera; men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som vi ser at dagen nærmar seg.
Erling Thu

Comments