Kunsten å tolka Bibelen rett!
Å tolka dei profetiske skriftene

Leiarar i utvikling og vokster

Gud tek oss vanlegvis gjennom desse fem fasane når han fører oss fram til modnad for å gjera oss fruktbare i våre teneste for han:

1. Å få grunnvollen på plass – å læra å leva under Jesu Herredømme
I denne fasen arbeidar Gud med vår personlegdom for å gjera oss til den personen han ønskjer vi skal vera.
2. Indre åndeleg vokster
I denne fasen vert nådegåver utvikla til tenester og ei kjensle av ansvar og kall vekst fram.
3. Modning i teneste
I denne fasen vert tenesta vidare utvikla og modna gjennom praktisk røynsle i mange ulike stoder og utfordringar. Først og fremst er Gud interessert i å utvikla oss som leiarar.
4. Livsmodning
I denne fasen vert ein trygg på gåvene sine og salvinga si og kan fungera i dei med stort frimod og kraft frå Gud. Ein lærer også å prioritera i forhold til gåveutrustinga si.
5. Samanflyting
I denne fasen flyt alt saman på ein slik måte at vi er maksimalt fruktbare i liv og teneste: evner, talentar, nådegåver, geografi, røynsle, erfaring, temperament, omstende osv., alt klaffar slik at det vert mange og varige frukter. Svært mange leiarar sluttar å utvikla seg før dei kjem til denne gode fasen i livet.

Gud bruker alt vi møter i livet til å forma oss. Vi vert sett på prøve.
A. Prøve i lydnad i forhold til Gud. Høyrer vi frå Gud? Gjer vi det Gud seier til oss?
B. Prøve i underordning i forhold til dei som er våre leiarar. Høyrer vi Gud gjennom leiarane våre? Er vi trufaste mot dei eller søkjer vi vårt eige?

Comments