Previous month:
April 2004
Next month:
June 2004

7 entries from May 2004

Å tolka dei profetiske skriftene

Bibelen er ei profetisk bok skriven av menneske som var drivne av Den Heilage Ande (2.Pet.1,19-21). Difor er vi avhengige av Den Heilage Ande for å forstå Skrifta. Til og med profetane som tala i Herrens namn forstod ikkje fullt ut kva dei sa og korleis den tida dei tala om skulle vera (1.Pet.1,10-13). Dette skulle gjera oss audmjuke og ikkje skråsikre når vi prøver å forstå dei profetiske skriftene!

Continue reading "Å tolka dei profetiske skriftene" »


Kunsten å tolka Bibelen rett!

Kvifor vi treng tolkingsreglar
Det ein kunst i å tolka Bibelen rett. Det er også ein teologisk vitskap fordi vi følgjer regler, lover innanfor eit system. Det er ein kunst for å bruka desse reglane rett, for det har med dugleik å gjera. Sidan Bibelen er vår einaste rettesnor for liv og lære, er det så viktig at vi finn fram til tolkingsreglar som hjelper oss å forstå Guds vilje i samsvar med Guds ord.
Gud har talt, men kva har han sagt?

Continue reading "Kunsten å tolka Bibelen rett!" »


Nidkjærhet uten skjønnsomhet

Alle kristne står i et spenningsfelt mellom det ideelle og det virkelige, mellom Guds standard og menneskelig tilkortkommenhet. Det kan være en spenning mellom det vi vet er rett og vårt eget liv i ekteskapet, på jobben og i samfunnet. Noen ganger mister ærlige kristne frimodigheten sin på grunn av denne spenningen mellom liv og lære, men andre som ikke tar det så nøye lever ubekymret som om alt var i skjønneste orden.

Continue reading "Nidkjærhet uten skjønnsomhet" »


Forventingar

Det er sommar i lufta. Sola og varmen har kome tidlegare i vår enn vanleg og skapar forventingar om ein god sommar. Men mine forventingar til sommartida ligg på eit anna plan enn mykje sol og varme. Eg ser fram til ei rik sommartid i liv og teneste for Gud, i cellegruppa, i forsamlinga, på leirar og bibelveker. Eg ventar å sjå folk frelst denne sommaren. Eg ventar å sjå kristne fornya og sjuke verta friske. Eg ventar å sjå Guds kraft verksam mellom oss, så mange får oppleva Guds frelsande og frigjerande inngrep i livet sitt!

Continue reading "Forventingar" »


Skapt for fellesskap

I det første kapittelet i Bibelen møter vi Gud som den allmektige Skaparen. Vi møter Gud som ein arbeidar som målretta arbeider for å skapa noko han kan gleda seg over. Etter som skaparverket skrid fram og vert meir og meir slik Gud vil ha det, oppdagar vi at det ikkje berre er ein person som tek del i arbeidet. Vi oppdagar at Gud er ein lagarbeidar. Vi ser at han talar til seg sjølv og planlegg kva han skal gjera. ”Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning!” (1.Mos.1,26)

Continue reading "Skapt for fellesskap" »


Kristne heimar er livsviktige!

Det er vår himmelske Far som opphavet til familien og har gjeve namn til alt som heiter far og barn i himmel og på jord (Ef.3,14). Då den treeinige Gud skapte mennesket i sitt bilete, skapte han dei til mann og kvinne, til å vera far og mor, så dei skulle verta mange – ein stor familie som skulle verta til nye store familiar (1.Mos.1,26-28)! Heimen er grunnvollen for mennesket si personlege utvikling og for samfunnet sitt velvære og velstand. Når heimane vert øydelagde går samstundes noko inni menneska sund. Når heimane vert oppløyst i stor stil, då står heile samfunnet i fare for å gå i oppløysing. Eg høyrde nyleg om ei undersøking som slo fast at det er klar samanheng mellom talet på skilsmål og talet på kriminalitet, - utan å seia at dei som skil seg er meir kriminelle enn andre. I dei samfunn kor skilsmål er vanleg er kriminaliteten klart høgare enn dei stadene kor heimane og storfamiliane held saman.

Continue reading "Kristne heimar er livsviktige!" »