Skapt for fellesskap
Nidkjærhet uten skjønnsomhet

Forventingar

Det er sommar i lufta. Sola og varmen har kome tidlegare i vår enn vanleg og skapar forventingar om ein god sommar. Men mine forventingar til sommartida ligg på eit anna plan enn mykje sol og varme. Eg ser fram til ei rik sommartid i liv og teneste for Gud, i cellegruppa, i forsamlinga, på leirar og bibelveker. Eg ventar å sjå folk frelst denne sommaren. Eg ventar å sjå kristne fornya og sjuke verta friske. Eg ventar å sjå Guds kraft verksam mellom oss, så mange får oppleva Guds frelsande og frigjerande inngrep i livet sitt!

Då eg gjekk på folkeskulen såg eg fram til å reisa på leir. År etter år sende far og mor meg til Strandleiren ved Sola for å vera på leir hjå misjonsprest Racin Kollnes. Det var høgdepunktet på sommaren! Eg gløymer aldri det å sitja på fanget til misjonspresten medan han fortalte frå Kina. Eg vart merka for livet! No er det min tur til å fortelja om reiser og opphald i framande land og andre kulturar. Og no er det barnebarna mine som reiser på leir. Sommarleirar er ein ypparleg reiskap til å formidla evige verdiar til nye generasjonar. Eg har store forventingar til det Gud skal gjera på leirane denne sommaren!
Sommarstemner og bibelveker har stått på programmet i familien vår frå vi vart trulova og gifte. Med ein veksande barneflokk og heller dårleg råd, var det likevel aldri noko tvil om vi skulle bruka pengar på slikt. Dei vekelange stemnene vart ei god investering for familien vår som vi framleis haustar fruktene av. I år skal vi på tre ulike stemner saman med barn og barnebarn. Eg ventar dagar med leik og glede, dagar med stormande jubel og stille undring, dagar med fornying og forfrisking i Guds nærvær.
Eg høyrer folk av og til seia at sommaren kan vera ei åndeleg tørketid. Eg har aldri forstått den samanhengen. Eg har aldri forstått kvifor sommaren skulle vera ei åndeleg tørketid. Faktisk er det slik trur eg at ei åndeleg tørketid ikkje heng saman med årstider i det heile, men heller med vårt forhold til Guds ord. Salme 1 seier at når vi har vår glede i Herrens lov og grundar på Guds ord dag og natt, då er vi som eit tre, planta ved rennande bekker. Då har vi inga tørketid, men lever eit liv som ber frukt til Guds ære. Når vi dagleg nærer oss av det ordet som skapar tru vil vi leva i frisk forventing til Gud heile året. Den som set si lit til Gud vert ikkje til skammar! Eg forventar ein god sommar i Guds nærvær!
Erling Thu

Comments