Leiarar i utvikling og vokster
Gud talar gjennom syner

Å tolka dei profetiske skriftene

Bibelen er ei profetisk bok skriven av menneske som var drivne av Den Heilage Ande (2.Pet.1,19-21). Difor er vi avhengige av Den Heilage Ande for å forstå Skrifta. Til og med profetane som tala i Herrens namn forstod ikkje fullt ut kva dei sa og korleis den tida dei tala om skulle vera (1.Pet.1,10-13). Dette skulle gjera oss audmjuke og ikkje skråsikre når vi prøver å forstå dei profetiske skriftene!

1. Profetordets vesen
Profeti er ikkje historie skrive på førehand. Til og med bibelsk historie er ikkje alltid samanhengande og kronologisk. Dei som har skrive har hatt eit høgare mål og ei vidare meining som har gått ut over tidsaspektet.

a. Profetordet er Guds NO ord. Profetane hadde eit spesielt kall. Dei kunne ikkje stilla seg fram for folket før dei hadde vore fram for Gud. (1.Kong.17,1) Bare den profeten som sto i Guds råd kunne gje folket Guds no ord. Ordet kunne handla om framtida eller om notida, det kunne vera lovnader eller ord om dom, men det hadde alltid praktiske følgjer for notida (Jer.23,18)! Slik er profetordet alltid eit no ord!
b. Framtida står i forhold til notida. Profetane profeterte aldri for å tilfredstilla kjøtleg forvitenskap. Dei talte alltid inn i den noverande stoda for å gjenreisa lydnad og tru. Framtidige element, om det var velsigning eller dom, var meint å ha verknad med ein gong. Dette inneber at vi må forstå stoda Ordet vart gitt i. Det er eit moralsk innhald i all sann profeti.
c. Kristus sentrert. Heile Bibelen er eit frelsesdokument med Jesus Kristus som senter. Slik er det også med profetorda. Profetane i GT var inspirert av "Kristi Ande" 1.Pet.1,11. Ånda i profetordet er vitnemålet om Jesus. Op.19,10. Sjå også Luk.24,27
d. Det er eit element av mystikk, noko skjult i profetorda. Meininga er skjult for det naturlege, kjøttslege menneskesinnet. Det krevjast openbaring frå Kristi Ande som inspirerte ordet for å forstå det. Dei jødiske leiarane kjende profetordet om Kristi fødsel, liv og død, men dei forsto det ikkje og såg difor ikkje at Jesus var Messias som oppfylte profetordet.
2. Nokre grunnleggjande ting i å tolka profetordet.
Det er svært mange ulike tolkingar av dei profetiske skriftene i Bibelen. Dette kjem for det første av at i det profetiske språket ofte er rom for ulike tolkingar. Språket er ofte poetisk, visjonært og taler om framtida i ordbilete. Som kristne kan vi i dag lesa mange Kristologiske element i Salme 22 og Jes.53 av di vi les desse avsnitta i lys den historiske hendinga som Jesu liv og død er. Vi må ikkje verta forundra at jødar ikkje har hatt denne innsikt og forståing.
Ein annan grunn til at tolkarane har så ulike meiningar er den store mengda av profetord. Profetisk materiale finn vi frå første Mosebok til Openbaringa. Det er difor ikkje overraskande at det kan vera ulike meiningar.
Ulike teologiske grunnsyn, eskatologi osv. vil alltid påverka vår tolking av profetordet. Vi vil no prøva å gi nokre prinsipp som er nyttige for alle, same kva syn ein har på endetida.
a. Vi må gi stor akt på språket i det profetiske avsnittet vi granskar. Vi må finna meininga i namn, hendingar, skikkar, kultur, flora, fauna og klima som er nemnt. Vi må også finna ut kva som er biletspråk, poetiske eller symbolske element.
Ei profetisk skildring av framtida er ofte i språk som har med fortida, tidlegare historiske hendingar å gjera. Nyskapning/første skapning. Framtidig velsigna tilstand/paradis. Dommen/flaumen. Øydeleggjande dom/Sodoma og Gomorra. Stor utfriing/utgangen or Egypt. osv.
b. Vi må sjå den historiske bakgrunnen til profeten og profetordet. Å vita kva som hende på den tida profeten profeterte vil hjelpa oss. Både den bokstavelege historiske meininga og oppfyllinga vart sett som eit heile. Både ei bokstaveleg historisk oppfylling og ei seinare utvida oppfylling må sjåast som delar i heile Guds verk.

c. Vi må gi akt på samanhengen og flyten i profetordet når vi skal tolka og forstå. Kapittel og vers inndeling må ikkje hindra oss å sjå den indre samanhengen i ei bok.
d. Den som skal tolka profetordet må forstå at dei profetiske skriftene ikkje er systematiske. Profetane var visjonærar og forkynnarar, ikkje akademiske foredragshaldarar. Dei skildra det dei hadde sett. Det er som når du står på ein fjelltopp og skildrar landskapet med mange toppar som i røynda ser ut til å gå i eitt. Tidsaspektet er ikkje viktig for profetane, men dei kan gi oss ei rekkjefølgje. Jødane greidde ikkje skilja og forstå profetiane om Messias si liding og herlegdom. NT viser oss at det er tale om to komme, med lang tid mellom. (1.Pet.1,1 12; Hebr.9,28)
e. Vi må leita gjennom alle profetiske skrifter for å finna parallelle avsnitt eller ord. Herrens dag, ein rest, samlinga av Israel, nasjonane som skal skakast og ristast, Guds Ande som skal rennast ut, den messianske tidsalderen osv er ting som vi vil finna i mange skrifter og det er lurt å samanlikna desse.
3. Avgjera kva naturen i profetordet er.
Når vi granskar eit avsnitt, er det nyttig å kunna avgjera kva slags profetord vi har med å gjera. Vi kan finna tre kategoriar kor vi må skilja:
a. Seier avsnittet noko om framtida eller er det formanande, lærande, oppmuntrande, forklarande? Sak.1,1 6 er lærande, medan det følgjande synet (1,7 21) er om framtida. Sak.7 er for det meste lærande, men det som kjem før og etter er visjonært om framtida.
b. Er profetien utan vilkår, eller er det vilkår som må oppfyllast for at lovnadene skal oppfyllast? (Jer.18,8,10; 26,12 13; 3,12; Jona 3,4; Esek.33,13 15; 18,30 32; Samanlikn 2.Sam.7,5 17 med 1.Kong.2,4)
c. Er profetien oppfylt (slik som profetiar om krossen) eller uoppfylt? (slik som profetiar om fjellet Herrens Hus står på skal fylla heile jorda) Nokre profetiar i GT vart oppfylt i GT. Profetiar i 1.Mos.15 vart oppfylt i siste kapittel i same boka og i 2.Mos. Fangenskap/samling/gjenreising profetiane hjå Jesaja og Jeremia er oppfylt i Daniel, Esra og Nehemia.
Vi må også ta med at ei profeti kan ha fleire oppfyllingar. Dette blir ofte kalla generert profeti. Det vil seia at ein ser ei hending som noko som skjer i ein serie av ulike hendingar og delar som er skilde i tid. Ei slik profeti som gjeld heilskapen, det endelege resultatet, er også sann om dei delane som utgjer heilskapen.
4. NT hermeneutikk av GT
Korleis bruker NT GT?
a. For å bevisa eit poeng (Joh.6,45) eller ei lære (Matt.22,32,43 44).
b. For å forklara eit poeng som til dømes kor skræmande Sinaifjellet var (Hebr.12,20).
c. For å illustrera ei NT sanning (Rom.10,18).
d. For å visa at det er bokstaveleg oppfylt (Matt.2,5 6).
e. Andre gonger bruker NT GT i ei utvida typologisk, biletleg meining:

1. NT inneheld typologisk tolking av GT med omsyn til åndeleg og moralsk undervisning. 1.Kor.10,6,11 og Rom.15,4 slår dette fast. Når vi finn eit etisk prinsipp, ei åndeleg lov eller noko oppbyggjeleg frå GT som ikkje er heilt bokstaveleg uttrykt i GT -teksta, då har vi gjort ei biletleg tolking.
2. NT inneheld typologisk tolkingar av teologiske element i GT. Skapningen er eit bilete på den nye skapningen i Kristus (2.Kor.4,5), og eit bilete på fullkommen frelse i Kristus (Hebr.4,4). At eit profetord har fleire oppfyllingar om vi gir rom for ei djupare biletleg element i GT enn vanlege bilete, typer.
3. Det greske ordet epouranios himmelsk er tilnærmande lik typologisk. Det jordiske kallet til hebrearane er typisk for det himmelske kallet til den kristne (Hebr.3,1) Den jordiske velsigning til Israel er typisk for den himmelske gåve i kristendommen (Hebr.6,4) Det jordiske landet Palestina er eit bilete på det himmelske landet, riket dei kristne lever i (Hebr.11,6) Det jordiske Jerusalem er eit bilete på det himmelske Jerusalem som vi har kome til (Hebr.12,22) Det typologiske, biletlege element i GT profeti kan difor ikkje fornektast.
4. Den djupt biletlege karakteren til GT kan vi mellom anna sjå i dei avsnitt kor Israel og kyrkja er brukt om kvarandre. Gal.6,16 viser dette. Guds sanne folk, Israel, er dei som rosar seg av Jesu Kristi kross og reknar den nye fødsel som Guds frelsande gjerning og ikkje omskjeringa.
I Hebr.8,8 blir det talt om ei ny pakt med Israel og Juda. Skal vi ta dette bokstaveleg, som nokre gjer, og ikkje sjå Israel og Juda som synonym for Guds folk, dei som trur på Jesus og er født på ny, då kjem vi på ville vegar. (Den nye pakta gjeld då ikkje kristne i dag, men jødar i tusenårsriket.)
a. Den nye pakta er eit av fleire ting som er omtalt i Hebr. og alt er verkeleggjort i kyrkja og den noverande tidsalder. Kristus er vår Moses, Aron, offer o.l. må alle innrømma, men å seia at den nye pakta gjeld tusenårsriket forstyrrar heile strukturen i GT.
b. Hebr.10,15 17 anvender den nye pakts oppleving på den kristne. Om den nye pakta bare tilhøyrer jødane i tusenårsriket, så har forfattaren til Hebr. gjort feil i å bruka ho på kristen oppleving no.
c. Det vil vera forvirrande med to nye pakter. Den nye pakta som Jesus innstifta i nattverdsmåltidet og pakta i Hebr.8 må då vera to nye pakter!?
d. Den nye pakt er eit kristent uttrykk og det er difor brukt på kristne i Hebr. 10. Dei som tolkar ting heilt bokstaveleg trur at Moselova skal gjenreisast, men den nye pakta skal ikkje vera lik den gamle. No skal lova skrivast i det nye hjarta og vera ein del av naturen til dei som er født på ny.
e. I samanhengen blir Kristus framstilt som ein mellommann for ei ny pakt og dette taler om hans noverande gjerning som mellommann.
Det einaste konsekvente i forståinga av Hebr. er å innrømma at alt viser til jødane i tusenårsriket, eller at alt har med dei kristne no å gjera.
Vi trur at i den nye pakta som Jeremia talte om, er Israel og Juda typer, bilete, på Guds folk som etter pinse vert kalla for kyrkja. Forsamlinga er Det nye testamentets Gudsfolk, der det ikkje lenger er skilnad på folkeslag, for vi er alle Guds og Abrahams barn ved trua (Gal.3,26-29). Vi som ikkje før var eit folk er no Guds folk, vi som før var uomskorne, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan Gud og utan von i verda, vi har no kome nær til Gud på grunn av Jesu Kristi blod, vi er no Guds folk. Vi er ikkje lenger framande eller utlendingar, vi er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til (sjå 1.Pet.2,9-10; Ef.2,11-22). Det er ikkje slik å forstå at kyrkja har erstatta Israel, men at alt det Gud lova Israel, det får dei som trur på Jesus Kristus, både jødar og heidningar, del i. Dei som trur på Jesus og er født på ny, dei har kome inn i Guds rike og får del i oppfyllinga av alt Gud har lova (sjå 2.Kor.1,20-22; Ef.1,13-14; Rom.9,6-8)
5. Døme på typologisk eksegese hjå Paulus og i Hebr.
Fysisk omskjering er bilete på åndeleg reinsing (Kol.2,11; Rom.2,29; Fil.3,3; Ef.2,11)
Omsorg for oksar som arbeider er bilete på omsorg for Kristi tenarar (1.Kor.9,9)
Dekket over Moses' andlet er eit bilete på det mørke, den forherding som er over dei vantruande jødar (2.Kor.3,13 16)
Lova skriven på steintavler er eit bilete på evangeliet som er skriven i menneskehjarta (2.Kor.3,1)
Mørke og lys i skaparakta er bilete på mørket i menneskeleg synd og lyset i sanninga i evangeliet (2.Kor.4,6)
Påskelammet er eit bilete på Jesu frelsande død. (1.Kor.5,7)
Alteret i GT er eit bilete på Kristi kross (Hebr.13,10 12).
Å brenna offeret utanfor leiren er eit bilete på forkastinga av Kristus, difor bør vi også gå utanfor den "offisielle religionen" og ha samfunn med Jesu lidingar (Hebr.13,13).
Jerusalem er eit bilete på det komande samfunnet (Hebr.13,14).
GT offer er bilete på dei åndelege offer kristne ber fram (Hebr.13,15).
Vi kan også seia at Israels historie er profetisk og gir oss ein nøkkel til å forstå all historie.
6. Alle profetiske skrifter er sentrert i Kristus.
Inga tolking som ikkje er i samsvar med den openbaring av og det forhold vi har med Jesus Kristus sjølv, kan godtakast. Kristus er målestokken, han er alfa og omega, opphav og mål.
a. Kristus er sanninga og substansen, kjernen og det verkelege i alle bilete og skuggar.
b. Kristus er den skjulte kjernen i nådens pakt i alle dei ulike paktene i GT, og synleggjort som den nye pakta i NT.
c. Kristus er sentrum og møteplassen for alle Guds lovnader. Gud har ikkje lova noka utanfor Kristus, alle Guds lovnader er i Kristus!
d. Kristus kjem til syne i alle nådemiddel både i GT og NT.
e. Ættelistene har som mål å føra oss til den sanne Kristi ættelinje.
f. Bibelsk kronologi har som mål å føra oss fram til Kristi dag og tider.
g. Lova i Skrifta er vår tuktemeister for å føra oss fram til Kristus.
h. Evangeliet er Kristi lys så vi kan kjenna han, Kristi røyst så vi kan høyra og følgja han, Kristi kjærleiksband så vi kan dragast inn i nært og skjønt samfunn med han, ja det er Guds kraft til frelse for alle som trur på Jesus Kristus. Som sola gir lys til månen og jorda, vil Kristus, rettferds sola, gi lys til heile Bibelen.
"De granskar skriftene, fordi de meiner at de har evig liv i dei; og dei er det som vitnar om meg! Men de vil ikkje koma til meg så de kan ha liv." Jesus: Joh.5,39 40
"For Guds Son, Jesus Kristus, som vi har forkynt for dykk, ..... i han var det berre ja! For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja." Paulus: 2.Kor.1,19 20
Tekst: Erling Thu

Comments