Å ha ein Gudsrikegrunnvoll for livet
Kvifor studera Bibelen?

Musikken i livet vårt

I salme 119 skildrar forfattaren (sannsynlegvis David) si haldning til Guds ord og kva Guds ord er og har vore for han gjennom eit langt og spennande liv. Mange av versa i denne salmen eignar seg godt til å læra utanåt for å hjelpa oss til å halda stø kurs i kristenlivet. Det gjeld ord som dette:
Korleis skal ein ungdom halda sin stig rein? Når han held seg til dine ord (v9). I hjarta gøymer eg ditt ord, så eg ikkje skal synda mot deg (v11). Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig (v105).
Siste veke har eg brukt tid med studentane Bibelskulen. Det er ungdom som har sett til sides eit heilt år for å arbeida med Ordet og la Ordet få arbeida med dei for å forma dei og utrusta dei til teneste for Gud i samfunnet og i det kristne fellesskapet. Eg vi ønskja dei til lukke med prioriteringa dei gjorde då dei sette av eit år til å studera Ordet og ønskja dei Guds rike velsigning i dagar som kjem. Dei snart går tilbake til vidare studiar eller arbeid det vil syna seg kva dei har lært og kva Gud har fått gjort med dei medan dei brukte tid med Ordet.

Men Guds ord er ikkje berre noko unge menneske treng for å leva rett, vi er alle i den stoda at vi lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn. Eg les for tida i ei ny engelsk utgåve av Bibelen, New Living Translation, og har vorte stansa av mange gode uttrykk og vendingar som hjelper meg å sjå nytt lys i Guds lys. Det er ein fordel å lesa så mange utgåver av Bibelen som råd for å få del i rikdomen og mangfaldet i Guds ord.
Når David ser tilbake på livet sitt og forholdet til Guds ord seier han det slik: ”Dine prinsipp har vore musikken i livet mitt, i alle åra av mi pilegrimsreise” (v54NLT). ”Dette er min lukkelege måte å leva på: å lyda dine bod” (v56NLT). ”Å, kor eg elskar di lov, heile dagen er ho i mine tankar” (v97).
Guds ord er musikken i den kristnes liv. Guds bod er notane som tryllar fram eit lukkeleg og harmonisk liv når vi spelar livet vårt etter dei. Når vi elskar Guds ord, og let Ordet frå Gud fylla tankane våre dag etter dag, vert det godt å leva i takt med Guds musikk og la dei glade tonane lyda for andre menneske rundt oss.
Unotar og ulydar skurrar og skaper mistrivsel, men når eit heilt orkester spelar etter dei same notane frå meister komponisten, skaper ein god atmosfære og reine kjensler. Når Bibelens guddommelege notar omsetjest til musikk i livet vi lever, vert livet spennande og fylt av glede. Dette er ein lukkeleg måte å leva på: å lyda Guds bod. Guds livsprinsipp er ein god musikk!
Erling Thu

Comments