Musikken i livet vårt
Kvinners og menns roller i det kristne fellesskapet

Kvifor studera Bibelen?

Det finst mange meiningar om Bibelen og mange grunnar for å lesa og ikkje lesa denne boka som har hatt så mykje å seia for heile sivilisasjonen vår. Vil du vita kvifor du bør studera Bibelen kan du lesa meir!

Kvifor studera Bibelen?
La oss først sjå på nokre grunnar folk gjev for å ikkje bruka tid til å studera og granska Bibelen. Det første folk vil seia er at Bibelen er så vanskelg å forstå at det berre er høgt utdanna teologar som kan tolka og skjøna kva Bibelen seier. Bibelen er for tung og for djup for meg!
Vi godtek ikkje slike påstandar! Det er løgn at Bibelen er vanskelg å forstå! Om vi kan lesa aviser, kan vi lesa og studera Bibelen. Det vil vera fleire vanskelege ord på framsida i ei avis, enn det vil vera på dei fleste sidene i Bibelen.
Andre seier at Bibelen er keisam og trøttande, lite aktuell, så dei gidd ikkje lesa og studera. Dette er også løgn. Bibelen er spennande, full av liv og er aktuell for vår tid. Faktisk vart Bibelen skrive med vår tid i tankane. Bibelen har aldri vore meir aktuell og spennande å studera enn i dag!
Den største hindring for Bibel studium er latskap! Å dagleg granska skriftene slik dei første kristne gjorde, krev arbeid, alvorleg og flittig innsats. Vi mislukkast i vår plikt til å granska Guds ord, ikkje så mykje fordi Bibelen er vanskeleg å forstå eller keisam, men fordi det krev arbeid! Vårt problem er ikkje mangel på intelligens eller lyst, men at vi er late! Karl Barth seier at dei tre grunnsyndene er å vera stolt, uærleg og lat!
5. Mos.6,4-9 seier at vi skal fylla heile livet vårt, heile dagen vår, heile heimen vår med Guds ord. Vi skal studera og innprenta det i oss så vi i alle ting gjer det som er rett. I 2.Tim.3,14-17 gjev Paulus oss fleire grunnar til å bruka tid til å granska Guds ord.

Hald fast på det du har lært, hald fram i det!

Å granska skriftene er noko vi skal halda fram med. Det er ikkje noko vi gjer ein gong for alltid, men noko vi som kristne alltid gjer. Dei kristne i Berøa granska dagleg skriftene og gav oss eit godt førebilete.
Dei heilage skriftene vil gjera deg vis til frelse. Skrifta vil gje visdom som bergar oss. Visdom har med praktiske ting å gjera. Det er å læra å leva eit liv som er til hugnad for Gud. Eit slikt liv vil frelsa oss, spara oss, berga oss ut frå mange vanskar og plagar som elles vil koma over oss.
Då du veit kven du har lært visdomen av. Kven talar han om? Bestemora, mora eller om Paulus? Nei, av Gud for det er Gud som talar til oss gjennom skriftene.
Bibelen er innanda av Gud. Det greske ordet her er theopneust og tyder "Gudblåst eller Gudanda". Dei heilage skriftene har sitt opphav i Gud. Hans Ande bles på oss når vi les Ordet for Ordet er innanda av Gud.

Bibelen er nyttig til opplæring!

Når vi kjem til Bibelen skulle vi alltid koma for å læra noko! Det er ikkje nok å få søte kjensler og teoriar, Bibelstudium er for å læra. Bibelen er den nyttigaste boka i verden å læra frå! Ofte høyrer vi kristne seia: "Kvifor treng eg læresetningar og teologi, når alt eg treng er Jesus?" Svaret er heilt enkelt: "Kven er Jesus?" Så snart vi svarar på det spørsmålet er har vi med læresetningar og teologi å gjera! Ingen kristen kan unngå teologi. Kvar kristen er ein teolog, dessverre er mange dårlege teologar!
Bibelen er nyttig til formaning, til rettleiing, til oppseding i rettferd. Her ser vi den praktiske nytte av å granska skriftene i Bibelen. Vi treng formaning, oppmuntring, rettleiing og oppseding i å leva eit rett liv. Bibelen er vår beste læremeister i eit godt og rett liv. Bokhandlarane er idag fulle av bøker om korleis du kan utvikla deg sjølv, korleis du kan læra deg det eine og det andre, men vi treng rettleiinga frå Bibelen meir enn noko anna. Kor finn du bøker som gjev deg oppseding i rettferd?
Så det menneske som høyrer Gud til kan verta fullt dugande til all god gjerning. Den læresveinen som ikkje er flittig til å studera og granska Guds ord er heilt enkelt ikkje skikkeleg skikka til å vera ein Jesu disippel. Det er berre ved å granska Guds ord og ta til oss opplæring og oppseding at vi kan verta menn som er dugande til å tena Gud slik han ønskjer!
Bibelen er ei openberring. Heilage Guds menn skreiv drivne av Den Heilage Ande ord frå Gud til menneske. Bibelen er ei avsløring av Guds vilje og tale til oss. Vi kan berre få del i den bodskapen Gud vil gje oss når vi les og studerer med hjelp frå Guds Ande. Vi kan ikkje med alle våre hjelpemiddel fullt ut forstå Guds tale til oss utan openberring. Det gode er at vi som er født på ny ikkje er utan openberring. Vi har fått den Ande som kjem frå Gud så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss i Ordet sitt. Vi kan tolka åndelege ting med åndelege ord for Anden tolkar Guds ord for oss når vi søkjer han flittig med iver.

Teori og praksis.

Det er viktig for oss å skjøna at Bibelen er ei veldig praktisk bok. Guds ord er gjeve oss for å læra oss å leve. Gud talar til oss om å leva rett, leva ærleg i lyset og korleis vi kan vinna over vanskar. Alle teoriar i Bibelen har ei praktisk side fordi Gud er svært praktisk og han har alltid i tankane å hjelpa oss vidare mot målet han har sett for oss.
Uvitande kristne er umogne småbarn i trua, men dei er ofte sterke i kjensler og all slags innfall og hugskot. Dei går etter eigne tankar og lyster og har ei umoden tru. Gud vil vi skal veksa opp og verta modne. Gud vil ikkje at vi skal vera uvitande og umodne, men at vi skal vita kven vi trur på og at vi skal kunna gjera greie for den vona som bur i oss.
Gud Ande gjev oss visdom, eit sunt sinn, vit, råd, planar, kunnskap og ein opplyst forstand. Vi får del i Guds tankar så vi kan tenkja slik han tenkjer. Svært mange kristne er ikkje tenkjande menneske. Guds ord er for slike som vil bruka tankane sine, bruka vitet sitt til å forstå Guds vilje! Når dei det gjer vil dei verta fornya i sinnet sitt og verta støtt betre til å kunna skilja mellom dei mange røyster og tankar og velja Guds vilje som er god, hugnadleg og fullkomen.
Vi treng å granska Guds ord for å verta sterke i vår ånd, og for å utvikla vår evne til å tenkja rett!
Elles kan vi seia det heilt enkelt slik: Det er vår plikt som kristne å granska skriftene. Det er vår oppgåve å kjenna Guds ord godt. Det er vår plikt å syta for at vi er grunnfesta i sanninga i Guds ord. Bibelen er Guds bok, Guds ord til oss idag er: Bli kjent med Guds ord, bli kjent med Bibelens Gud!

Comments