Krusedullvinden
Å ha ein Gudsrikegrunnvoll for livet

Kven eg er i Kristus

Før eg møtte Jesus Kristus gjekk eg min eigen veg og var fortapt i mine synder. Då Jesus fann meg og kalla meg til omvending og frelse, fekk eg tilgjeving og nytt liv, - bare på grunn av hans store og ufortente nåde. Mi frelse kviler ikkje på noko eg har gjort eller må gjera, men bare på det Gud har gjort for meg i Jesus Kristus, min Herre!

Fordi Gud har sagt: Eg slepper deg ikkje og går ikkje frå deg, kan eg vera trygg og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd. Kva kan eit menneske gjera meg? (Hebr.13,5-6)
Alt Gud seier om meg er sant, for Gud kan ikkje lyga.(4.Mos.23,19; Rom.3,4)
Alt Guds ord seier han har gjort for meg i Kristus er evig røyndom som ikkje kan gjerast om, men bare levast ut (4.Mos.23,4; 1.Kor.1,30; 1.Tess.5,24; Kol.2,6-3,10)
Eg er født på ny ved Den Heilage Ande Joh.1,12-13; 3,3-16
Eg er født på ny, av ein uforgjengeleg sæd, ved Guds ord som lever og varer 1.Pet.1,23
Eg er barn av Gud 1.Joh.3,1-2
Eg er elska av Gud, Faderen, Sonen og Den Heilage Ande Rom.5,5-8; 1.Joh.4,10-11; Op.1,5
Eg har fått tilgjeving for alle mine synder Ef.1,7; 1.Joh.1,7-9
Eg er frikjend frå alt som ville anklaga meg Ap.gj.13,39; Rom.8,33-34
Eg er rettferdig for Gud Rom.3,26; 4,24-25; 2.Kor.5,21
Eg har fred med Gud Rom.5,1; Ef.2,13-19
Eg er fri all fordømming Rom. 8,1
Eg kan gløyma det som er bak Fil.3,13
Eg er ein ny skapning, alt det gamle er borte, alt har vorte nytt og eg kan leva eit heilt nytt liv 2.Kor.5,17; Gal.6,15
Eg er eit tempel for Den Heilage Ande, difor bruker eg lekamen til ære for Gud og ikkje til seksuell umoral 1.Kor.6,19-20
Eg er fri forbanninga frå lova Gal.3,13
Eg har fått nåde og er godteken av Gud Ef.1,6; Rom.15,7
Eg er frelst av nåde, ved tru, ikkje av meg sjølv, det er Guds gåve Ef.2,8
Eg er forsona med Gud 2.Kor.5,18
Eg har fått forsoningstenesta for å hjelpa folk til å verta forsona med Gud 2.Kor.5,18-19
Eg er Kristi sendebod, Gud formanar menneske gjennom meg 2.Kor.5,20
Eg er utvald og heilag i Jesus Kristus min Herre og Frelsar Rom.1,1; 1.Kor.1,1-2; EF.1,1; Fil.1,1; 1.Pet.1,1-2
Eg er heilag, lytelaus og feilfri for Guds åsyn på grunn av det Gud har gjort for meg i Jesus Kristus Ef.1,4; Judas1,24
Eg er kalla av Gud med eit himmelsk kall, difor kan eg gløyma alt som er bak og jaga mot målet 2.Tim.1,9; Hebr.3,1; Fil.3,12-
Eg har kome nær til Gud ved Jesu Kristi blod og kan med frimod koma fram for han med godt samvit og reint hjarta Ef.2,13; Hebr.10,19-22
Eg har fått del i Kristi fullnad Kol.2,9-10; Ef.1,21; 4,12-13
Eg er sett fri frå mørkers makt Kol.1,13; Ef.5,8-16; 1.Tess.5,4-8;
Eg lever no i Guds lys 1.Joh.1,7; Ef.6,8-10
Eg lever som lys og salt i verda Matt.5,13-14; Fil.2,12-16; Kol.4,5-6
Eg er døypt til Kristus og har ikledt meg Kristus Gal.3,26-27
Eg er gravlagd med Kristus og er oppreist med han til eit nytt liv Rom.6,3-5
Eg er krossfest med Kristus, så eg ikkje lenger skal træla under synda Rom.6,6-10; Gal.2,19-20
Eg er død for synda, men levande for Gud Rom.6,11; Gal.2,20
Eg var død på grunn av synd, men har vorte gjort levande med Kristus Ef.2,5; Kol.2,13
Eg er oppreist med Kristus og sit i himmelen med han Ef.2,6
Eg har fått liv og herredømme ved Jesus Kristus Rom.5,17
Eg er ein konge og prest for Gud og skal råda på jorda Op.1,6; 5,10
Eg har vorte sett i stand til å få del i hans arv Kol.1,12; Ef.1,14,18
Eg er Guds arving og Kristi medarving Rom.8,17
Eg vinn meir enn siger ved han som elskar meg Rom.8,37
Ved Jesu sår har eg fått lækjedom for alle mine sjukdomar og plagar 1.Pet.2,24; Matt.8,17; Jes.53; Sal.103,3
Saman med dei andre i kyrkjelyden – det kristne fellesskapet - er eg oppbygd på apostel- og profet-grunnvollen, men Jesus Kristus er hjørnesteinen sjølv (Ef.2,20)
Det er Guds verk at eg er i Jesus Kristus (1.Kor.1,30)
Gud har gjort Kristus til min visdom, rettferd, helging og utløysing, så eg kan rosa meg i Herren (1.Kor.1,30)
Ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, har eg vorte fødd på ny til eit levande håp (1.Pet.1,3)
Det er gjennom Guds kraft eg vert halden oppe ved trua (1.Pet.1,5)
I Jesus Kristus er eg merkt med eit segl, Den Heilage Ande, som var lova (Ef.1,13)
Den Heilage Ande som bur i meg, er pantet på arven eg skal få saman med Guds folk (Ef.1,14)
Ved trua på Jesus Kristus, har eg evig liv, og kjem ikkje for dommen (Joh.3,16-18; 5,24)
Ved trua på Jesus Kristus har eg gått over frå døden til livet, frå mørke til lys, frå Satans makt og til Gud (Joh.5,24; Ap.gj.26,18; Kol.1,13)
Eg er krossfest med Kristus; eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg (Gal.2,20)
Ved Guds heilage lovnader får eg del i guddommeleg natur etter eg har sloppe bort frå oppløysinga i verda (2.Pet.1,4)
Då eg lærte Gud å kjenna, han som kalla meg ved sin eigen herlegdom og styrke, gav han meg i si guddommelege makt alt som tener til liv og gudsfrykt, difor kan eg møta alle utfordringar i livet på ein guddommeleg måte (2.Pet.1,3)
I Kristus har Gud velsigna meg med all Andens velsigning i himmelen. Når Gud har velsigna, kan inga forbanning råka meg (Ef.1,3; Gal3; 1.Mos.12,3; Ord.26,2)
Eg er ein kongeleg prest som høyrer Gud til, så eg kan forkynna hans storverk og gjera han kjend (1.Pet.2,9)
Alt maktar eg i han som gjer meg sterk. (Fil.4,13)
Min Gud, rik som han er på herlegdom i Kristus Jesus, gjev meg alt eg treng. (Fil.4,19)
Gud styrkjer meg til enden kjem, så eg kan stå ulastande på Herren Jesu Kristi dag: den dagen Herren kjem att til frelse og dom. (1.Kor.1,8; Rom 13, 12; 1 Kor 5, 5)
Eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i meg, skal fullføra henne - heilt til Jesu Kristi dag. (Fil 1, 6.)
For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru. (1.Joh.5,4)
Eg er ein borgar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. (Ef.2,19)
I Jesus har eg lært sanninga å kjenna og han har gjort meg verkeleg fri (Joh.8,32,36).
Gud vere takk, som alltid fører meg fram på sigersferd i Kristus og ved meg spreier kunnskapen om seg som ein ange på kvar stad eg ferdast. (2.Kor.2,14)
Ingen kan riva meg ut or Jesu hand (Joh.10,28)
Kristus i meg gjev meg håp om herlegdom! (Kol.1,27)
Når eg ser inn i Jesu herlege andlet, vert eg omlaga til det same bilete, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande (2.Kor.3,18)
Tekst: Erling Thu

Comments