Kristne heimar er livsviktige!
Kven eg er i Kristus

Krusedullvinden

Vi var ein del brør som var saman i bønn. Det var ei slik livleg og ljuvleg ånd mellom oss. Det var ein atmosfære av takk og lovsong. Guds nærvær kunne kjennast og nytast av alle. Då gav Gud meg eit litt underleg syn som berre forsterka den gode stemninga og utløyste nye glede mellom oss.

Eg såg ein stor flott åker. Kornaksa stod rake og fine, men vanta den siste mognad. Då var det som ein liten vind tok til å blåsa og skapa nydelege bølgjer bortover åkeren. Det var ingen vanleg vind, det var ein slags krusedullvind som leika seg på åkeren og fekk kornet til å svaia og bølgja i takt med dei underlege svingingane krusedullane vinden gjorde. Då eg såg på dette bilete, vart eg så glad og lett om hjarta. Det var så festleg, det var så oppløftande, det var så godt å sjå på.
Deretter såg eg vinden stryka lint og mjukt over nokre nåletre. Dei rørte seg så vidt av den milde brisen som kauste dei så mjukt. Attmed desse nåletrea var det nokre store trær som likna på osp. Då vinden sveipte over dei på sin linne og mjuke måte, skolv blada - ja det var som heile trea sitra av forventing. Då eg såg på vinden som varleg strauk over trea så lint og mjukt at eg ikkje finn ord for det, vart eg fylt meg slik ei underleg kjensle av fred, - det var som helsebot for sjela å suga inn kjensleinntrykka frå denne stille sus av vind som varleg sveipte over trea.
I neste augneblikk såg eg noko heilt anna. Eg såg fingrar som leikande lett dansa att og fram på ei lang rad av tangentar. Desse dansande fingrane som hoppa så lett frå tangent til tangent, trylla fram dei herlegaste tonar. Dei skjønnaste melodiar vart skapte mens fingrane leikande lett sprang i store og små hopp over tangentane. Eg vart fylt med glede. Eg kjende at kroppen min ville lea på seg i takt med tonane som kom dansande glade mot meg.
I neste augneblikk var eg tilbake i første bilete, i åkeren, men denne gongen stod eg ikkje og såg på åkeren, - eg var inni vinden! Eg let meg føra av garde av den lette krusedullvinden og gjorde dei underlegaste krusedullar og svingingar og leika meg i glede. Det var som kornet smilte og song, ja jubla imot meg. Og trea sa meir, meir, meir - dette er vedunderleg! Og tangentane nynna og song: rør ved meg og , rør ved meg og, - ein gong ja mange gonger, det er dette vi er skapte for!
Dette synet skapte ei vedunderleg stemning, eg vart så glad og lett om hjarta. Nøkkelen til å forstå synet vart for meg det siste eg opplevde at eg var i vinden. Når vi let oss føra av garde, - let oss leia - av Anden vil vi vera som ein forfriskande krusedullvind som skapar glede og modnar hausten. Vi vil vera milde og vennlege og tale ord som det er lækjedom og lindring i. Når vi gleder oss i Den Heilage Ande og gjer det han vil, vil vi frigjera liv og glede i andre som vil opna seg opp og dela av det gode Gud gjer i deira liv.

Comments