Kvinners og menns roller i det kristne fellesskapet
Kristne heimar er livsviktige!

Har vi bruk for Bibelen i dagens kristenliv?

Eg har i det siste vorte forskrekka over kor godt mange såkalla konservative kristne synest å greia seg utan Bibelen.
Vi har så mange tradisjonelle måtar å gjera ting på, at vi ikkje ein gong kjem på å prøva det på Guds ord på ny. Utan at vi eigentleg ønskjer det, vert Bibelen ei bok vi ikkje rådfører oss med, for vi har så gode tradisjonar å følgja.

Vi kan vera i første rekkje i å ta i bruk dei nyaste metodane i kyrkjevokster, vi kan med iver følgja dei siste kristelege trendane for å nå kyrkjeframande menneske. Mange kristne er så pragmatiske at det er skræmande. ”Det som fungerer det er godt, det som gjev kvikk vokster må vera rett,” synest å vera tankegangen hjå mange. Så let ein seg blenda av store tal og ytre framgang. Har vi bruk for Bibelen i dagens kristenliv, når vi har så mange gode modellar på veksande kyrkjer i inn- og utland, som vi kan læra frå? Ingen vil svara nei på spørsmålet, men altfor mange svarar nei med livet sitt.
Eg har lese bøker om cellekyrkjer, om evangelisering, om å gjera folk til læresveinar, om familieliv, om åndeleg vokster osv, men sit berre att med interessante vinklingar, flotte idear, gode meiningar, teknikkar, metodar og ein slags psykologi. Bibelen får ofte ikkje koma til orde på sine eigne premissar, men bibelord vert pressa inn i menneskelege tankebanar for å gje legitimitet til noko som ikkje har sitt opphav i Bibelen. Eg har høyrt flotte talar om kyrkjevokster med mange gode råd, utan at Bibelen har vorte sitert ein einaste gong! Men vi har kanskje ikkje bruk for Bibelen når det gjeld kyrkjevokster?
Vi har store kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn som seier at vi kan organisera kristne kyrkjelydar slik vi tykkjer det høver best i vår kultur og tid. Eg har endå til gode å høyra eit einaste argument ut frå Bibelen til forsvar for vår norske statskyrkje, men eg har høyrt mange pragmatiske argument ut frå fordelssynspunkt. Har vi bruk for Bibelen i dagens kristenliv i korleis vi ordnar oss og lever saman som kristne kyrkjelydar? Har Det nye testamente noko å seia oss i dag om kva slag kyrkje Gud vil ha? Om ikkje vi har bruk for Bibelen i denne samanhengen, er vi då truverdige om vi bruker Bibelen på samfunnet elles?
Tilsynelatande er kristendomen på tilbakegong i landet vårt. Kristne vert jaga frå skanse til skanse i sine kjernesaker. Synd og styggedom vert normalisert og akseptert, medan bibeltruande kristne vert marginalisert i samfunnsdebatten.
Alt for mange lever som om det ikkje var bruk for Bibelen i dagens kristenliv. Alt for mange spør etter teknikkar og metodar før dei leitar etter innhald og liv, - som kjem frå Ordet og Anden.
Kanskje vi har bruk for Bibelen for å læra å strida trua sin gode strid på ein slik måte at verda på ny kan snuast opp ned (Ap.gj.17,6) og samfunnet forandrast. Kanskje vi har bruk for Bibelen for å læra å velsigna og ikkje forbanna, å bøya seg ned og tena og ikkje gripa etter makt for å herska? Kanskje vi har bruk for Bibelen for å læra å vera Guds by som ikkje kan skjulast fordi livet Guds folk lever saman gjer at folk og nasjonar strøymer til for å læra Herrens lov (sjå Matt.5,13-16; Jes.2,2-4).
Heile skrifta er innanda av Gud og er gangleg til opplæring, til formaning, til rettleiing, til oppseding i rettferd, så vi vert dugande til all god gjerning (2.Tim.3,16-17). Vi har bruk for Bibelen på alle område av livet!
Sæle er dei som har si glede i Ordet, som lever i Ordet og er styrt av Ordet, dei skal vera velsigna i all si gjerning (Sal.1,1-3). Sæle er dei som forstår at menneske ikkje lever av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Gud munn (Matt.4,4)! Sæle er dei som har bruk for Bibelen i alt dei tenkjer og gjer!

Erling Thu

Comments