Kven eg er i Kristus
Musikken i livet vårt

Å ha ein Gudsrikegrunnvoll for livet

I kvar einaste byggverk er grunnvollen det viktigaste og mest grunnleggjande. Sviktar grunnvollen vil heile byggverket falla frå kvarandre. Er grunnvollen liten kan det berre byggjast eit lite hus oppå. Er grunnvollen stor og sterk, kan det reisast eit stort byggverk som vil verta ståande.

Når Gud skal gjera noko, legg han alltid først ein grunnvoll, for grunnvollen avgjer koss sluttresultatet skal verta. Å leggja grunnvollen er å leggja ned noko som skal bera fram framtida. Å leggja grunnvollen er å skapa grunnen for ein ny verden. Ein ny grunnvoll skapar ein ny røyndom, - eit nytt liv. Ein Gudsrikegrunnvoll vil skapa ein heilt ny måte å vera til på, - eit Gudsrikeliv som omfattar heile vårt tilvære.
Når Gudsrikegrunnvollen vert lagt i livet vårt, opnast ein ny verden opp for oss. Møtet med Guds rike er eit møte med Guds frelsande og gjenfødande kraft. Det er å oppleve at heilt nytt liv, for vi får eit nytt senter i livet vårt. Når vi møter Guds rike kan vi ikkje vera egosentriske lenger, då må vi bøya oss for Herren, han som styrer og regjerer, og gje opp vår eigen sjølvråderett til livet vårt som ikkje lenger er vårt men hans!
Med Guds rike følgjer det ein ny grunnleggjande visdom, som oftast er annleis enn denne verdens visdom. Når Gudsrikegrunnvollen vert lagt i livet vårt, får vi bygd inn i oss styrande livslover eller livsprinsipp. Eller sagt på ein annan måte, vi får nye livsverdiar, vi får ein ny måte å sjå og vurdera ting på for vi har no ein ny målestokk å gå etter.
Når vi har sett Guds rike, noko vi berre kan gjera når vi er født på ny, får vi ei grensesprengjande perspektiv over livet. Dette fører med seg at vi forstår ting på ein ny måte, at vi lærer å sjå ting frå Guds synspunkt og ikkje frå eit menneskeleg utgangspunkt. Guds rike tek oss ut av Trongvik og alle innestengde tronge dalar og lyftar oss opp til store høgder og vide vidder kor vi kan pusta fritt og utfalda oss slik vi ønskjer. Himmelriket gjev oss eit vedunderleg perspektiv over livet. Vår menneskelege vanskar vert så små når vi ser Jesus på kongstolen i riket med all makt i himmel og på jord.
Gudsrikegrunnvollen er styrande livsprinsipp
Hebrearbrevet talar om å kjenna dei første og grunnleggjande tinga i Guds ord (Hebr.5,12), å kunna Guds openberrings ABC, dei grunnleggjande livsprinsippa i Guds rike. Apostelen Paulus talar om dei åndelege grunnkreftene som styrer den verdslege tankegangen og alle menneskelege ordningar (sjå Gal.4,3,9; Kol.2,8,20). Han seier at lovtrældom er grunnkrafta i all religion og at det er åndelege krefter som ligg bak all menneskeleg filosofi og tradisjon. Han seier at når Gudsrikegrunnvollen er lagt i livet vårt, treng vi ikkje lenger vera styrt av grunnkreftene i verden. For vi har kome inn i eit nytt rike (Kol.1,13) og er styrte av nye lover. Guds ord seier at vi er nye skapningar i Kristus Jesus (2.Kor.5,17), det gamle er borte, vi har kome inn i eit heilt nytt liv. No er vi drivne av Kristi kjærleik og styrt av hans nåde og miskunn (2.Kor.5,14; 1:12; Kol.3,12-17).
Gudsrikegrunnvollen omfattar heile livet
Grunnvollen er det som ligg under, det som ber byggverket oppe. Under kvart filosofisk system og menneskeleg tankemåte ligg det ein grunnvoll. Grunnvollen er grunnen og den opphaldande faktoren i den verden vi lever i. Grunnvollen hjelper oss å forstå den verden vi lever i. Grunnvollen styrer livet og oppførselen vår. Det er derfor det er så viktig å ha ein Gudsrikegrunnvoll som omfattar heile livet vårt, ja heile universet. Vi kan ikkje leva i både mørkers rike og lysets rike på same tid. Enten er vi i mørkret, eller så har vi kome inn i Guds lys. Når vi er i lyset vil det vera meiningslaust å leva etter dei lovane som rår i mørkret.
Det er fleire dimensjonar i Gudsrikegrunnvollen
Først har vi den personlege dimensjonen som inneber eit personleg møte med Herren Jesus Kristus. Når vir trur på hans død og oppstode bøyer oss for hans herredømme vil vi verta fødd på ny og koma inn i Guds rike. Då får vi lagd ein ny grunnvoll for vårt personlege liv med Gud og med våre medmenneske i samfunnet. Gjennom den nye fødselen vert vi medarvingar med alle dei heilage.
No tek den andre dimensjonen av Gudsrikegrunnvollen til å leggjast i livet vårt. Når vi vert fødd på ny oppdagar vi at vi vert fødd inn i ein familie, vi møter søsken vi må læra å forholda oss til. Vi tek til å læra at vi har kome inn i eit nytt samfunn, - samfunnet av dei heilage. Vi har vorte lemmar på ein lekam, - Kristi lekam! Vi har vorte steinar i eit levande byggverk. Vi kan ikkje gjera som vi sjølv vil, vi står i ein samanheng, vi høyrer saman. Difor lærer vi å underordna oss kvarandre og høyra på råd frå kvarandre og frå leiarane våre. Vi lærer å verdsetja vennskap, fellesskap og paktstruskap.
Men det stansar ikkje med å vera fellesskapsorientert og nyta livet i cellegruppa og i kyrkjelyden. Guds rike er større enn alle kyrkjer og organisasjonar. Guds rike er større enn alle folkeslag og nasjonar. Guds rike er større – det er ein grunnleggjande tanke når den rette grunnvollen er på plass. Guds rike er veksande, utvidande, grensesprengjande – utan ende. Kong Jesus har sett seg på kongstolen i himmelen for å fylla heile universet med sitt styre.
Når denne grunnleggjande forståing er på plass vil vi ikkje verta sekteriske og sjølvsentrerte, men bry oss om våre medmenneske så vi kan vera lys og salt i samfunnet og verta brukt av Gud til å forandra den verden vi lever i. Då vil vi ta ansvar i nabolaget, på skulen og på arbeidsplassen og leva eit Gudsrikeliv som vil vera tiltrekkjande på andre. Når vi vert Guds rike medvitne vil vi kunna vera ein surdeig som gjennomsyrer heile samfunnet med dei rette verdiane. Då kan vi ta del i forsking, utdanning, næringsliv og politikk på ein meiningsfull måte så Guds rike kan koma der vi er og Guds vilje råda i samfunnet. Då vil vi kunna hjelpa menneske til å få skikk på livet sitt og å gjera samfunnet til ein trygg og god plass å leva i.
Denne trefaldige dimensjonen i Gudsrikegrunnvollen må leggjast ned i kvar einaste kristen. Kvar einaste cellegruppe treng å få bygg dette inn. Desse tre dimensjonane må finnast i kvar einaste kyrkjelyd og for alt Guds folk i kvar by, for heile kyrkja lokalt og universalt. Denne Gudsrikegrunnvollen må leggjast i kvar ny generasjon som veks fram! Då vil vi sjå framgang og vokster mellom Guds folk
Tekst: Erling Thu

Comments