Å sjå Gud i kvardagen
Gud samlar sitt folk og byggjer sitt hus!

Kva er synd?

Jesu syndeliste
Då eg var ung hadde vi lange lister over ting som var synd og ting som ikkje var synd. Mi syndeliste var veldig lang for eg tilhøyrde den radikale fløyen på bedehuset. Sminke var synd, permanent var synd, øyrepynt var synd, men halskjede var ikkje synd. Det var synd å plystra, det var synd å gå på kino, det var synd for jenter å gå i bukser (mannfolk klede). Ei stund var det faktisk synd å ha skjegg! Alt som var på mote var synd for kristne, dei kunne berre bruka dei kleda som var på mote for eit par år sidan.
Det tragiske var at vi var heilt og fullt overtydd at vi hadde rett, men vår forståing av synd var heller mangelfull. Vi var hovudsakleg opptekne av ytre ting og forstod lite av syndas verkelege vesen. Vi skal i denne artikkelen sjå litt på Jesu undervisning om synd. Han sette lyset på heilt andre ting enn eg gjorde i min ungdom! Eg trur vi har mykje å læra av han på dette området!

Jesus hadde ein annan verdiskala enn teologane
Farisearane og dei skriftlærde – teologane på Jesu tid – var i stadig konflikt med Jesus over kva som var rett og galt. Ofte brukte Jesus dette uttrykket: de har høyrt det er sagt, men eg seier dykk…! Hans undervisning gjekk på tvers av religiøs tradisjon og fromme reglar. Stadig gjorde han ting som fekk teologane og dei religiøse leiarane til å reagera: Kvifor følgjer du ikkje lova? Faktum var at Jesus følgde lova slik ho var tenkt frå første stund og ikkje slik ho vart forvrengd av lovtrælane som berre sleit med bokstaven og ikkje forstod ånda og hensikten bak Guds lov.
Sabbaten var den heilagaste av alle dei religiøse institusjonane hjå jødane. Jesus braut med desse tradisjonane mange gonger, til dømes ved å tillata læresveinane å riva av aks for å eta då dei gjekk gjennom ein kornåker eller ved å gjera folk friske på sabbaten. Farisearane var svært opprørte over dei mange Jesus gjorde friske på sabbaten og meinte at slikt arbeid kunne gjerast seks dagar i veka, men ikkje på sabbaten. Jesus avviser dette med å seia at ”Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten” (Mark.2,27). Med dette set Jesus mennesket i sentrum og seier at heile lova er gjeven av Gud til det beste for mennesket.
Farisearane og dei skriftlærde mislika at Jesus åt i lag med tollarar og syndarar, men for Jesus var dette det mest naturlege og rette å gjera, det var i samsvar med det oppdrag han hadde fått å fullføra:
"Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar." (Mark.2,17)
Ytre former er lite viktige
I Mark.7,1-23 tek Jesus eit grundig oppgjer med religiøse tradisjonar – forbod og påbod – som har med ytre ting å gjera. Han seier faktisk at dei religiøse tradisjonane som var så opptekne av ytre ting gjer Guds ord om inkje! Synd sit i hjarta! Synd kjem frå det indre i mennesket. Synd har med tankar og haldningar som vi gjev rom inni oss å gjera. Synd er vondskap som kjem innanfrå og gjer mennesket ureint!
”For innanfrå, or menneskehjarta, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord, ekteskapsbrot, havesykje, vondskap, svik, sedløyse, misunning, spott, hovmod, vitløyse. All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint." (Mark.7,21-23)
Synd er meir enn ei handling
I si utlegging av bodet om ikkje å bryta ekteskapet eller å ikkje å driva hor fører Jesus inn eit nytt element: synd er mykje meir enn ei handling! Vi kan synda i tankar og lyster som berre vi sjølv kjenner til og ingen andre enn Gud kan sjå:
De har høyrt det er sagt: Du skal ikkje bryta ekteskapet. Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, han har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjarta sitt. (Matt.5,27-28)
[ikkje bryta ekteskapet: før omsett: ikkje driva hor. I den greske grunnteksten vert det brukt to ulike ord som begge er uttrykk for brot på Guds vilje på det seksuelle området. Det eine, som står her, vert brukt om ekteskapsbrot. Det andre ordet vert brukt om alle seksuelle forhold før og utanom ekteskapet. Det ordet er no omsett med hor. I samsvar med Jesu ord omfattar det sjette bodet både ekteskapsbrot og hor, sjå Matt.15, 19. Der vert begge desse orda brukte om brot på bodet.]
Å sjå på ei kvinne er sjølvsagt ikkje synd, men motivet, tankane, lystene bak kan gjera det til synd! I forteljinga om den bortkomne sonen oppdagar vi at den heimeverande sonen var like fortapt som den bortkomne sonen. Han hadde ikkje gjort seg skuldig i den same syndige levemåten som bror sin, men han var lenger borte frå far sin enn han som levde vilt, men angra og vende heim att med eit omvendt hjarta. (Sjå Luk. 15)
Like eins ser vi at farisearane var innanfor lova med ting dei gjorde, men likevel i strid med Gud. Motiva deira var ureine og alt dei gjorde vart synd (sjå Mark.11,15-17 og 12,38-40).
Å unnlata å gjera det gode er synd
I si forteljing om den store rekneskapsdagen då alle skal stå framføre den rettferdige domaren, seier Jesus at nokre vil verta dømde for det dei ikkje gjorde. Det er det vi kallar forsømmingssynd.
Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han syndar. (Jak.4,17)
"Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg." (Matt.25,45)
Å forføra barn er stor synd
Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet. (Mark.9,42)
Hykleri er synd
Jesus fordømde hykleri i sterke ordelag:
Då sa Jesus: "Jesaja spådde rett om dykk, hyklarar, som det står skrive: Dette folket ærar meg med lippene, men hjarta deira er langt borte frå meg. (Mark.7,6)
Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av havesykje og lyster. (Matt.23,25)
Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap. (Matt.23,27)
Synd er ein slags sjukdom vi sjølv har ansvar for
Jesus høyrde det og sa til dei: "Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar." (Mark.2,17)
Denne syndesjukdomen inneber at ein er blind, - ein ser ikkje kva som er rett. Ein er døv, - ein høyrer ikkje Guds røyst. Ein er lam, - ute av stand til å gjera det Gud vil. Når Jesus samanliknar syndarar med det å vera sjuke, er det ikkje for å gje ei orsaking, for dette er ein sjukdom vi må ta ansvar for sjølv, men for å visa at menneske treng hjelp av ein lækjar – ein frelsar!
Synd er dårskap
Jesus tek eit oppgjer med havesjuke og materialisme når han fortel likninga om den rike mannen. På ein slåande måte viser han dårskapen i synda:
Men Gud sa til han: "Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla?" Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud. (Luk.12,20-21)
Synd fører til fortaping
Det er alvor over Jesus når han talar om synd. Synda er øydeleggjande, den bortkomne sonen mista alt (Luk.15). Difor seier Jesus at vi må ta syndige lyster på alvor, elles vil dei gjera at vi hamnar i helvetes eld (Matt.5,29-30; Mark.9,41-47). Det finnest ein avgrunn, eit helvete med gråt og pine (Luk.16,26; Matt.25,30,46) kor alle som syndar vil hamna!
Synd mot Den Heilage Ande
Jesus sa at all synd kan tilgjevast, men ikkje synd mot Den Heilage Ande. Kva dette vil seia vert forklara i ein annan artikkel i bladet, men vi nemner det her for å understreka alvoret i Jesu undervisning om synd. Å spotta Den Heilage Ande og seia at det han gjer er noko ureint er livsfarleg!
Oppsummering
Når vi ser på det Jesus seier om synd kan vi gjera denne oppsummeringa:
1. Synd er eigenvilje mot Guds vilje
Synd er å gjera seg sjølv til nummer ein, det vil seia å setja seg sjølv i sentrum. Det er å tru at ein sjølv veit kva som er best og difor gjer det som ein sjølv vil i staden for å gjera det Gud vil. Dette er eit forferdeleg hovmod, å tru at ein kan setja seg opp mot Gud og koma frå det!
2. Synd er egoisme
Det er å setja eigen interesse framfor nesten sin interesse. Egoisme er sjølvinteresse. Det er å ikkje ta omsyn til andre, men berre tenkja på det som tener til eige beste.
3. Jesus er syndarens venn, men hatar synda
Han tok inn hjå syndarar, åt i lag med dei og prøvde å vinna dei for Guds rike (Luk.7,34; Mark.2,17). Når han står overfor den kvinna som var teken i hor og som alle ville steina, møter han henne på ein annan måte: ”Eg fordømer deg ikkje, men gå og synd ikkje meir!” (Joh.8,11). Då Judas sveik han med eit kyss sa han: Vennen min! (Matt,49-50). Då han vart krossfesta bad han: Far tilgje dei! (Luk23,34).
4. Jesus har makt til å tilgje synd
Vi finn fleire hendingar i evangelia kor Jesus møter menneske som strir med synd. Dei kan vera fordømt av andre eller nedtyngd av si eiga skuldkjensle, men Jesus møter dei med frigjerande tilgjeving. ”Son, syndene dine er deg tilgjeve”, er dei gode orda frå Jesu munn som lindrar og frelsar ei plaga sjel og gjev lækjedom til heile kroppen!
Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder" - og no vender han seg til den lame - "så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!" Då reiste mannen seg, tok båra si med ein gong og gjekk ut for augo på alle, så dei vart reint ifrå seg av undring og lova Gud og sa: "Noko slikt har vi aldri sett." (Mark.2,10-12)

Comments