Evangeliet i ei ny tid
Krusedullvinden

Kristne heimar er livsviktige!

Det er vår himmelske Far som opphavet til familien og har gjeve namn til alt som heiter far og barn i himmel og på jord (Ef.3,14). Då den treeinige Gud skapte mennesket i sitt bilete, skapte han dei til mann og kvinne, til å vera far og mor, så dei skulle verta mange – ein stor familie som skulle verta til nye store familiar (1.Mos.1,26-28)!

Heimen er grunnvollen for mennesket si personlege utvikling og for samfunnet sitt velvære og velstand. Når heimane vert øydelagde går samstundes noko inni menneska sund. Når heimane vert oppløyst i stor stil, då står heile samfunnet i fare for å gå i oppløysing. Eg høyrde nyleg om ei undersøking som slo fast at det er klar samanheng mellom talet på skilsmål og talet på kriminalitet, - utan å seia at dei som skil seg er meir kriminelle enn andre. I dei samfunn kor skilsmål er vanleg er kriminaliteten klart høgare enn dei stadene kor heimane og storfamiliane held saman.
Familien har sitt opphav i den treeinige Gud, den er Guds gode skaparordning. Heimen er den trygge rama om trufast kjærleik og sunt seksualliv. Heimen er staden der vi lærer dei grunnleggjande ting i livet, og kor verdiane og haldningane våre vert forma. Ein kristen heim er meint å vera ein himmelsk koloni på jorda, ein paradisisk oase midt i materialismens øydemark.
Ein kristen familie står ikkje åleine, men er knyta saman med andre i det kristne fellesskapet. Her finn dei kristne heimane vern, oppmuntring og praktisk hjelp. Det kristne fellesskapet styrkjer heimane og fremjar åndeleg vokster og utvikling. På den andre sida er den kristne heimen den viktigaste cella i fellesskapet. Fellesskapet og familien går hand i hand medan egoisme og materialisme er to store fiendar av heimane våre. Vi må hjelpa kvarandre å stå i mot presset frå ein verdsleg tankegang om små familiar og stor materiell velstand, og heller leggja vekt på store barneflokkar og eit fargerikt fellesskap.
Den kristne heimen er det beste utgangspunkt for evangelisering. Å gjera heimen til eit såkalla bønnefyrtårn med dagleg bønn for naboane og klassekameratar, er ei vis investering av både tid og krefter! Våre eigne barn er sjølvsagt vår første prioritet, men vi må også inn i deira venneflokk med evangeliet. Vi må heller ikkje gløyma at heimen er ein god stad å forkynna evangeliet for naboar, venner og slektningar. Harmoniske heimar er eit sterkt vitnemål i seg sjølv og vil understreka den kristne bodskapen vi forkynner.
Du og heile ditt hus skal verta frelst, lovar Guds ord (Ap.gj.16,31; 2,38-39). Det krev målretta innsats i bønn og arbeid, men lovnaden står fast! Gud ønskjer vi skal nå heile familiar, slekter, ja heile folkeslag med evangeliet og gjera dei til læresveinar.
Nye generasjonar skal læra Jesus å kjenna. Heimane våre er det viktigaste utgangspunktet for dette og den vekkinga vi ber om skal koma til landet vårt. Difor må vi slå bønnering rundt dei kristne heimane og gjera alt vi kan for å styrkja dei i desse tider med sterkt press på familiesamhald. Erling Thu

Comments