Nyttige linkar
Evangeliet i ei ny tid

Ikkje eigen interesse, men Guds vilje!

Det er Jesus som på denne måten skildrar sitt eige liv. Fleire gonger ser vi at han seier kvifor han er komen. Han seier han er sendt på eit oppdrag. Han har ei klar meining med livet. Han veit kvifor han er her. Ikkje for seg sjølv, men for noko som er større. Ikkje eigen interesse, men Guds vilje. Ikkje eigen ære, men Guds ære.

”For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg.” (Joh.5,30)
Det er nødvendig for oss å ha den same kjensle og overtyding av å vera sendt med eit oppdrag (at vi er apostoliske). Jesus sa til læresveinane sine at han sendte dei ut slik han sjølv var utsendt. Han sendte dei ut for å gjera dei gjerningane han gjorde, ja til og med for å gjera større gjerningar enn dei han gjorde! Dette er vår utfordring! Å leva slik at vi som Jesu lekam kan halda fram med å gjera Jesu gjerningar og gjera endå større ting til Guds ære!
Nøkkelen til å leva slik er å seia nei til seg sjølv, å ta krossen opp og dagleg følgja i Jesu fotefar. Det er berre når vi søkjer å gjera Guds vilje og ikkje søkjer å fremja eigne interesser at vi kan leva eit rikt kristenliv i Den Heilage Ande. Det er berre når vi fullfører dei gjerningane Gud gjev oss å gjera at Gud vil verta herleggjort.
Vi har ikkje tid til å vera styrt av egoistiske og menneskelege kjensler eller ting. Vi må seia nei til alt slikt som vil distrahera oss og få oss bort frå eit klart fokus på oppdraget vårt. Guds profetiske program for kyrkja er uttrykkja i verda det liv som er den treeinige Gud. Difor har vi berre tid til å gjera Guds vilje, som er god, hugnadleg og fullkommen.

Comments