Gud samlar sitt folk og byggjer sitt hus!
Har vi bruk for Bibelen i dagens kristenliv?

Gud vil bu i gata vår!

Det går ein rød tråd gjennom heile Bibelen: Gud elskar menneske! Mennesket vart skapt til samfunn med Gud. Synda øydela dette nære forholdet, men Guds frelsesplan er å føra mennesket tilbake til seg. Då Gud frelste Israel ut av trældomen Egypt sa han: ”Eg vil bu midt i mellom dei!” (2.Mos.25,8-9). Når Guds store frelsesplan i Jesus Kristus er fullført, vil Guds bustad vera hjå menneska (Op.21,3-4).

Då Jesus kom til jord, vart Ordet menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom (Joh.1,14). Likeeins er det hans ønskje å verta synleg i nærmiljøet vårt. Jesus skal kunna sjåast og opplevast i gata vår! Gud kallar oss å byggja ein bustad for han i nabolaget vårt! Når han bur hjå oss, syner han sin herlegdom gjennom frelsande velgjerningar. Vi ser hans herlegdom når folk vert frelst frå synd, får nytt liv og lever i tilgjevande nåde. Vi ser hans herlegdom når folk vert lækte og gjenreiste til fellesskap og vennskap med både Gud og menneske.
Gud bur mellom oss når vi ærlege og audmjuke tek initiativ til å gjera det Gud vil. Gjennom heile Bibelen ser vi at Gud bruker vanlege menneske som svarar ja på kallet og overgjev seg til Han. Då tabernaklet skulle byggjast og folk forstod Guds ønskje om å bu mellom dei, kom dei villig med det dei hadde for å vera med å byggja ein bustad for Gud. Menn og kvinner – alle som gjerne ville, alle som hadde evner til det og kjende seg drivne til det, kom for å vera med å gje Gud ein kvilestad mellom dei (sjå 2.Mos. 35-36). Vi finn det same i den første kristne tid, kor vanlege kristne gjorde Jesus kjend der dei ferdast og var med på å starta fellesskap av menneske som hadde bøygd seg for Jesu Herredømme.
Guds kyrkje er universell og lokal. Ho omfattar alle truande til alle stader og tider, men må opplevast lokalt i heimane våre, nærmiljøa våre, - i byen vår. Utfordringa er å byggja eit hus for Gud i vårt nærmiljø! Biskop Skjevesland sa på ein konferanse for kyrkjeplanting: ”Det som ikkje skjer lokalt, det skjer ikkje!” Altfor mange kristne har trutt at det som ikkje skjer i kyrkjebygningen eller på lokalet, det skjer ikkje! Gud vil at lyset på ny skal strøyma over landet vårt og då må vi ha mange lys – levande fellesskap – uttrykk for Jesu Kristi lekam spreidd i kvar einaste bygd og i alle bydelar. Profeten såg fram til ei tid då heile jorda skulle fyllast med kunnskap om Guds herlegdom (Hab.2,14). Jesaja forkynte at alle menneske skulle få sjå Guds frelse (Jes.40,5; Luk.3,6). Dette kan berre henda om vi fyller nabolaget vårt med kunnskapen om Guds herlege frelse. Det vil berre henda om vi byggjer Guds hus der vi bur!
Når vi lever Kristuslivet i nærmiljøet vårt, må vi heller ikkje gløyma at Guds rike er større enn fellesskapsgruppa, organisasjonen og forsamlinga vår. Guds hus er større enn nærmiljøet. Difor må alt vi gjer lokalt stå i ein større samanheng og vera ein del av det Gud gjer i verda for å føra heile folkeslag til tru og lydnad.
Dette er ei open innbying frå Gud: Kvar den som vil kan vera med å utbreia Guds rike i sine nærmiljø - kan vera med å planta nye kristne fellesskap, levande kyrkjer der dei bur og arbeider. Gud ser etter opne heimar og menneske han kan gjera seg synleg gjennom, så han kan kjennast og opplevast i gata, bygda, og byen vår!
Det er forbi med sentralstyrte megakyrkjer. Det er forbi med store kyrkjebygningar og sentraliserte kyrkjesamfunn! No er det tid for levande kristne fellesskap i kvar einaste gate, i kvar einaste lita bygd. Det er tid for å lata Gud få bu på skulen og arbeidsplassen vår. Det er den einaste måten Noreg kan kristnast på!

Comments