Kva er synd?
Gud vil bu i gata vår!

Gud samlar sitt folk og byggjer sitt hus!

Då eg i 1977 arbeidde på ”Condeepen”, oljeplattforma som no er kalla Statfjord A og vart bygd i Jåttåvågen ved Stavanger, hadde eg ei natt ei sterk oppleving med Herren. Eg hadde nett lese profeten Esekiel fortelja korleis Herrens hand kom over han og førte han til ein dal full av tørre bein. Det synet Esekiel såg og det han opplevde, opptok meg svært mykje. Eg gjekk på dekket, mellom dei 120 meter høge skafta på ”Condeepen” og venta på å få ein av kranførarane i tale for å flytta noko utstyr til dei som skulle montera det. Denne natta var det mange som hadde bruk for kranane og eg måtte venta på tur, difor brukte eg ventetida til å be.

Då var det som om Herrens hand kom over meg og i Anden førte han meg rundt om i verda og synte meg den åndelege tilstanden hjå folket sitt. Det var eit sørgjeleg syn han viste meg. I by etter by, i land etter land, såg eg kristne splitta og delt. Det var kiv og strid i Guds familie. Folk var opptekne av sine eigne ting og bygde sine eigne rike. Bygginga av Guds hus var forsømt. Andens tempel, Guds bustad mellom menneska, var ikkje på noka måte fullført etter Guds ord.
Eg kunne sjå haugar av steinar, byggjemateriale samla i stablar, mange stader i same by. Nokre haugar var store, andre var små, men byggjearbeidet gjekk tregt. Brått såg at desse haugane av stein og byggjemateriale også kunne vera bein, haugar av bein. Det var mengder av dei, mange ulike haugar skilde frå kvarandre, spreidde ut over jorda. Det veksla mellom desse to bilete heile tida, haugar av byggjemateriale, men lite bygging og haugar av bein som ikkje var på plass der dei høyrde heime, - i ein lekam.
Då var det som Herren spurte meg: Son, kan det verta endring i denne stoda du ser? Skal huset mitt nokon gong verta ferdig? Kan det verta eit tempel av alle desse steinane? Skal det koma liv i dei tørre bein? Skal min lekam verta oppbygd?
Då vart denne bønna født i hjarta mitt: Herre, du er kyrkjas Herre, du veit det! Du kan gjera kva du vil. Du kan byggja di kyrkje slik du har sagt du vil gjera. Du er frelsar for lekamen din, sjå i nåde til oss som er ditt folk. Vi har krenkt deg. Vi har synda mot deg. Vi har hindra ditt verk i å gjera framgang. Å, Herre, eg kastar meg til jorda, eg vil audmykja meg for deg. Eg må sanna mine misgjerningar. Eg har og vore ein del av splittinga og kløyvingane mellom ditt folk. Eg har vore med å riva ned det du ville byggja for å samla stein i haugar til mine eigne byggverk. Tilgjev, Herre! Sjå i nåde til meg, sjå i nåde til oss. Miskunna deg over oss. Gjer som krusmakaren, knus det mislukka karet heilt og fullt og gjer det om att. Lag eit nytt kar. Begynn på nytt igjen! Å, Herre, i di store langmod og miskunn, sjå på ny i nåde til oss og lat det koma tider med lindring og gjenreising for folket ditt, som har vanæra deg mellom folkeslaga.
Då svara Herren meg: Endå ein gong vil eg reisa meg, for eg er brennhuga for mitt folk. Endå ein gong vil eg vera nådig mot dei eg har kjøpt meg med mitt eige blod. Eg vil syna meg heilag mellom dei. Eg vil herleggjera meg sjølv i dei. Eg vil lata dei verta ein lovsong på jorda, og alle menneske skal undrast over det som hender i mi kyrkje. Eg skal lata det koma liv i tørre bein. Eg skal senda bygningsmenn for å byggja mi kyrkje, - dei skal byggja mitt hus av levande steinar. Eg vil i denne generasjon fullenda mitt verk og setja krona på verket så alle skal sjå den strålande glansen av min herlegdom. Det skal koma nytt liv mellom mitt folk, og dei skal gje liv til folk rundt seg. Eg vil lækja den skade mitt folk har fått, og dei skal bera lækjedom til verda rundt seg. Eg skal læra mitt folk kva forsoning er. Når dei audmykjer seg og vender om frå sine eigne sekteriske tankemåtar og partisinn, då skal dei skapa forsoning i der hatet rår. Eg vil samla folket mitt, og det skal vera eitt folk, ein flokk, ei hjord. Eg vil sjølv vera den einaste hyrding som leier folket mitt i dei dagar. Eg vil herleggjera meg sjølv i mitt folk, så min herlegdom og mi frelse kan sjåast av alle, og eg vil lukka munnen på spottarane.
Medan Herren tala til meg, høyrde eg eit veldig bråk. Det var som ein stor storm og som eit stort ras av stein som buldra ned eit fjell. Då eg såg meg rundt, såg eg noko tok til å henda. Alle stader der eg hadde sett ulike haugar av stein eller bein skilde frå kvarandre, vart det no rabalder og rørsle. Eg kunne tydeleg sjå kva som hendte: Eg såg kristne, som hadde vore splitta i mange kyrkjesamfunn, finna kvarandre. Dei omfamna kvarandre. Dei gråt, dei bad kvarandre om tilgjeving. Dei tørka tårene, dei lo og smilte, ja dei strålte av glede over kvar nyfunne bror og søster. Dei kom nærare kvarandre. Dei gjekk inn i eit djupt fellesskap. Dei gav seg sjølv til kvarandre. Å, eg vart så glad då eg såg det, det var så vedunderleg å oppleva! I land etter land, i by etter by, såg eg det same henda. Eg såg kristne koma saman som eitt folk, i einskap og samhald, med eit hjarta og ei sjel, i små samlingar i heimane og i store samlingar på offentlege stader, i store hallar, i parkar og på torg. Eg høyrde dei syngja. Der var ein vedunderleg song, fødd av Den Heilage Ande. Det var ein lovsong til Gud, som hadde gjort dei som ingenting var til eit heilagt folk av kongar og prestar. Eg såg augo deira stråla av glede og kjærleik. Det som før skilde dei, var no borte. Dei omfamna kvarandre som kristne og gløymde kva det var å vera katolikkar, lutheranarar, metodistar, baptistar, pinsevenner og liknande ting. Splittinga mellom Guds folk var lækt. Dei kristne var forsona, dei var eitt!
Det var underleg å sjå at då beina nærma seg kvarandre og då stein vart lagd til stein, så kom dei ikkje alltid frå same haug. Eg såg at dei vart knyta saman der dei budde og levde, uansett kor dei tidlegare hadde gått på møte. Sjølvsagt tok dei vare på tidlegare vennskap og var trufaste i alt dei gjorde. Eg såg kristne som før var lutheranarar underordna seg ein kristen som før var katolikk, og tidlegare pinsevenner som fekk ein tidlegare lutheranar som hyrding. Eg såg at kristne verkeleg fann kvarandre og vart knyta tett saman uansett kva bakgrunn dei hadde. Dei underordna seg kvarandre og sette dei andre høgare enn seg sjølv. Eg såg dei kristne i by etter by verta forma saman til ein lekam. Dei vart eitt, dei vart ein levande organisme. Dei fungerte saman i ein herleg harmoni.
Eg såg det same henda over heile verda. Kristne vart knyta saman og Kristi lekam vart oppbygd. Eg såg at Gud reiste opp apostlar, profetar, evangelistar, hyrdingar og lærarar som i Den Heilage Andes kraft og salving gjorde si teneste. Dei gjorde dei kristne skikka til å tena sine brør og søstrer, så Kristi lekam kunne verta oppbygd. Eg såg at Herrens tenarar sette dei truande i stand til å fungera i åndelege gåver og setja mot i kvarandre. På grunn av dette såg eg at dei kristne vart mogne, dei gjekk mot einskap i trua og i kjennskapen til Guds Son. Dei hadde heile Kristi fullnad mellom seg. På kvar stad såg eg kyrkja reisa seg, full av Anden og Guds kraft. Guds folk var samla, det var ei kyrkje, men dei samla seg mange stader til oppbygging, lovsong og tilbeding. Saman gjekk dei ut til verda og frimodig forkynte dei evangeliet: Jesus Kristus er Herre! I kvar by, på kvar stad såg seg Kristi lekam verta oppbygd og Guds folk nå sin fulle vokster og reisa seg i Guds kraft. Det var ein svært, svært stor hær som stod klar til å vinna verda tilbake til Gud. Guds rike braut fram i stor kraft og herlegdom.

Comments