Gravferder er betre enn festivalar!
Å sjå Gud i kvardagen

Grunnleggjande verdiar

Verdiar styrer alt vi gjer. Difor er det viktig å setja ord på det som er verdifullt for oss som kristne og vera medvetne om dei grunnleggjande kristne verdiane våre.

Grunnleggjande verdiar

Vår kristne identitet
Definerer oss i forhold til Jesus Kristus
Ikkje i forhold til menneske
Ikkje i forhold til kyrkjesamfunn
Ikkje i forhold til trusvedkjenningar
Ikkje i forhold til opplevingar
Vi ønskjer å vera samlande og ikkje skiljande

Vår felles identitet er i Kristus.
Saman med alle andre kristne kan vi seia:
Vi er Kristi lekam
Vi er Guds familie
Vi er det nye mennesket
Vi er eit tempel for Den Heilage Ande
Vi er Kristi brur
Vi er borgarar i Guds rike
Vi er Guds hær

Vår felles Herre er Jesus Kristus!
Autoritet er verdifullt – har med salving å gjera – å vera innsett av Gud
Guds vilje er god – Bibelen er Guds ord
Underordning/lydnad er verdifullt
Frelse/tilgjeving/gjenreising – under Kristi Herredømme
Om Jesus er Herre vil vi vera tenar - for Guds plan
Misjonsoppdrag – evangelisering
FOR Å FRELSA SYNDARAR

Vår felles forståing av Gud
Gud er eit fellesskap – han er ingen sær einstøing
Gud har alltid eksistert som tre i ein og ein i tre
Dei tre personane i guddommen gjer aldri noko på eiga hand
Faderen, Sonen og Den Heilage Ande arbeider alltid saman!
Familie, fellesskap og vennskap har sitt opphav i Guds paktsnatur

Vårt felles liv er i Gud
Bruka tid med Gud i BØNN
Lovsong/tilbeding i ånd og sanning
La Gud tala til oss gjennom Ordet
Leva i Den Heilage Ande – høyra frå Gud og fungera i nådegåver
Guds nærvær det mest verdifulle!
- Viktigare enn former og uttrykksmåtar
- Viktigare enn alt menneske kan gjera

Vårt felles familieliv
Ekteskapet er himmel på jord
Mannen er hovud og frelsar for familien
Mann og kone er likeverdige partnarar
Barn er Guds verdifulle gåve
Familien er den grunnleggjande byggjeklossen i fellesskapet
Fellesskapet er vårt felles familieliv

Vårt felles leiaransvar
Autoritet har sitt opphav i eit fellesskap og er berre trygt i eit fellesskap
Alle menneske har eit styreansvar og må gjera rekneskap for koss ein har styrt til det beste for seg sjølv og fellesskapet
Alt leiaransvar går på å utvikla menneske og få fram det beste i dei

Vårt felles menneskeverd
Alle menneske er verdifulle
Alle menneske er skapt i Guds bilete
Alle menneske er skapt for fellesskap
Det er ikkje godt å vera åleine
Fellesskap med andre menneske med ulik bakgrunn er veldig verdifullt!
Ekte fellesskap byggjer på gjensidig verdsetjing – forståing av menneskeverdet

Vårt felles mangfald
Vi er alle meint å vera originale
Vi er alle ulike og eineståande
Vi utfyller kvarandre på mangfaldige måtar
Einsretting og uniformering er negativt – mangfald og kreativitet er positivt
Mangfald av nådegåver og tenester

Vårt felles liv med kvarandre
Vennskap er verdifullt for alle
Pakt – truskap – forpliktande forhold
Elska og leggja livet ned for kvarandre
Leva i lyset – vera ærleg og open
Bera over med – tola – tilgje

Vårt felles liv i nærmiljøet
Be for og lysa fred og velsigning
Byggja vennskap - vera tilstades
Møta behov – gode gjerningar
Lys og salt – merkbar positiv faktor
Forkynna evangeliet om Guds rike

Vårt felles liv i samfunnet
Vi er ein del av samfunnet
Gud arbeider gjennom delegert autoritet
Landet skal kristnast
Gudsrikeverdiane må gjennomsyra alle lag og område i samfunnet
Kristne må engasjera seg i politikk, media, utdanning og kultur osv

Guds rike verdiar
Verdiar styrer alt vi gjer

Ekteskapet
Den beste samlivsform
Den tryggaste ramme for kjærleiken
Det mest utviklande miljøet for barn å veksa opp i
Den viktigaste byggjeklossen i samfunn og kristne fellesskap

Gode gjerningar
Jesus gjekk omkring og gjorde vel
Gode gjerningar er som lys og salt
dei viser veg og påverkar
Vi er sett fri til å gjera gode gjerningar
Vi er nyskapt til gode gjerningar
dei ligg ferdig og ventar på oss

Truskap
Å vera trufast mot Guds ord
Å vera trufast mot venner
Å vera trufast mot seg sjølv
Integritet – vera heil – ikkje kompromissa
Halda ord – halda lovnader

Å vera ein gjevar
Det er større lukke å gje enn å få
Det er større å tena enn å verta tent
Den største gleda ein kan ha er å gjera andre glad’!
Bruk pengane/midlane dine til å vinna venner som tek imot deg i himmelen

Å dela evangeliet
Å kunna visa folk vegen til Gud er det største vi kan gjera
Å gjera folk til læresveinar og hjelpa dei å veksa i livet med Gud er det mest verdifulle vi kan vera med på

Liding
Det er meir verdifullt å lida saman med Guds folk enn å ha ei kortvarig nyting av eit syndig liv
Liding foredlar oss som menneske
Om vi lider med han skal vi også få del i herlegdomen hans

Kjærleiken er størst av alt
Om vi ikkje har kjærleik er dei gode gjerningane ingenting verdt
Om vi ikkje har kjærleik då er vi ingenting

Å kjenna Jesus Kristus
Alt anna bleiknar i samanlikning
Samanlikna med det å kjenna Jesus er alt anna verdilaust skrap
Når vi kjenner Jesus Kristus har livet meining og mål
Vi har noko å tøya oss etter og jaga imot

Comments