Gamle og nye former
Grunnleggjande verdiar

Gravferder er betre enn festivalar!

Eg har den seinare tid vore til stades ved fleire gravferder, her til lands og i andre land. Eg har faktisk vore med på kristen gravferd og ikkje-kristen gravferd (sikh kremasjons seremoni). Desse hendingane får meg til å tenkja, både på dette livet og på det komande livet, og om det å ha æva som perspektiv over alt vi gjer. Det er i samsvar med det som Forkynnaren seier:
”Det er betre å bruka tid i gravferder enn på festivalar. For du kjem til å døy, og du skulle tenkja på det medan du enno har tid. Sorg er betre enn lått, for sorga har ei foredlande verknad på oss. Ein vis person tenkjer mykje på døden, medan dåren tenkjer berre på å ha det gøy no.” Forkynnaren 7,2-4 (Omsett frå New Living Translation)

Alle skal ein gong døy, det er det einaste sikre vi veit. Vi veit ikkje når eller korleis vi skal døy, men vi veit at vi kjem til å døy! Ingen av oss kjenner morgondagen eller kva framtida vil føra med seg, men vi veit at ein dag er livet på jorda over. Som kristne veit vi at døden ikkje er eit punktum eller den endelege slutt, for Gud har lagt æva ned i alle menneske og alle skal ein dag gjera rekneskap for livet vi har levd på jorda. Den kristne sannar trua på den lekamlege oppstode med stort frimod, for Kristus har brote dødens makt og stått opp frå dei døde som ei førstegrøde. Den truande har den vona at han skal leva som han så døyr når han tilhøyrer Kristus.
Guds ord seier at det er betre å gå i gravferd enn å gå på festival! For gravferda hjelper oss å tenkja på livet i eit rettare perspektiv enn festivalane gjer! Her har prestar og forkynnarar ein eineståande sjanse til å få folk til å tenkja rett og hjelpa dei til å førebu seg på døden ved å venda seg til Gud og få si sak i orden med han som ein dag skal døma levande og døde.
Eg veit frå eiga røynsle at det er ei utfordring å tala sant om døden og domen, om trua og det evige livet, utan å støyta dei sørgjande. Likevel trur eg at det er betre å hjelpa folk å ta innover seg kor kort og kor uvisst livet er, enn å psykologisera sorga og saknet, som eg høyrer prestar og forkynnarar så ofte gjera. Det er vondt når nokon døyr i ung alder og det er tungt for foreldre å måtta følgja sine eigne barn til grava, men vi hjelper ingen å fokusera på desse tunge og vonde kjenslene.
Forkynnaren seier at sorg er betre enn lått, for sorga har ei foredlande verknad på oss. Det er det same apostelen Paulus seier når han peikar på at ei sorg etter Guds vilje fører til omvending og frelse (2.Kor.7,10) medan verdens sorg fører til død! Eg vert litt fortvila av dei som ikkje nyttar høvet i ei gravferd til å hjelpa folk til ei sorg etter Guds vilje som fører til omvending og frelse, men heller psykologiserar saknet og sjokket ved eit brått dødsfall. Heime på Jæren kjenner eg fleire eldre forkynnarar som eg verkeleg ser opp til for deira evne til å visa sann medkjensle og samstundes hjelpa folk til å tenkja rett i forhold til livet og døden. Dei har hjelpt mange menneske til personleg tru og overgjeving til Herren på sine husbesøk eller ved sine varme vitnemål i minnesamlingar.
Ein vis man tenkjer mykje på døden, medan ein dåre tenkjer berre på å ha det gøy no. Ved å fokusera for mykje på det vonde saknet i samband med eit dødsfall byggjer vi opp den tankegangen at det viktigaste er å føla godt eller ha det gøy! Ei kristen gravferd hjelper folk til å tenkja over sitt forhold til den levande Gud og å førebu seg til å møta han når som helst! Når det skjer er gravferder mykje betre enn store og støyande festivaler!
Tekst: Erling Thu

Comments